Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Tyde merknad om utflyttingsattest (V) – Tinn 1864 – siste!


Recommended Posts

Sluttarbeid med transkripsjon og korrektur av nok ei kyrkjebok pågår, og innsending til Digitalarkivet er neste. Men eg stend fast når det gjeld nokre få innførsler som gjeld inn- og utflutte. 


Her kjem den siste (V) av fem utflutte-innførsler. 

 

Eg seier endeleg i denne omgang, og takkar samstundes dei dyktige hjelparane når det gjeld dei føregåande tyde-spørsmåla. 

 

Eg er ikkje nøgd med meg sjølv når eg ser "fasiten" servert på fat, og spør meg sjølv korfor eg ikkje såg det som er opplagt når eg les "løysinga" frå hjelparane.

 

Denne siste tyde-innførsla ber preg av å vera noko kladdeprega, kanskje uavslutta, og er jamvel overstroken, uklart når og korfor.

Konfirmasjon er notert til 2/10 utan år, men eg finn konfirmanten i kyrkjeboka blant konfirmantane i Atrå 2. oktober 1859.

Detaljfoto frå originalprotokollen ligg lenger ned.

 
Nr. 15 høgre sideoppslag side 367. Overstroken, men ikkje mindre viktig!
"Konf. 2/10. Skal h[... ]" 


SAKO, Tinn kirkebøker, F/Fa/L0006: Ministerialbok nr. I 6, 1857-1878, s. 367
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061128350344
 

IMG_4181.jpeg

Endret av Anfinn Bernaas
1 time siden, Anfinn Bernaas skrev:

Denne siste tyde-innførsla ber preg av å vera noko kladdeprega, kanskje uavslutta, og er jamvel overstroken, uklart når og korfor.

Dette hjelper ikkje for tydinga, men eg ser at innførsla er gjentatt/fullført på side 368, heilt nede på høgre side, utan nummer

SAKO, Tinn kirkebøker, F/Fa/L0006: Ministerialbok nr. I 6, 1857-1878, s. 368
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061128350345
 

 

Takk! Eg er klar over den andre innførsla på side 368, som eg har transkribert for lenge sidan. Men eg kan ikkje sjå at teksten der tilfører den aktuelle spørsmålsstillinga på side 367 noko som er til hjelp.

"Skal have to ..." (side 367) er så langt eg også kjem. Meir meining blir det kanskje aldri. 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.