Gå til innhold
Arkivverket

Skifte etter Erik Heljesen Øyri i Leikanger i 1762


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

https://media.digitalarkivet.no/view/24165/32

Forstår ein del av skiftet men ikkje så mykje at eg får samanheng i det.

Etter som eg forstår har Eirik vore på legd siste året før han døydde. Han var fødd i 1691.

 Det eg veit frå før er at Erik har ei dotter Ingeborg , fødselsår ukjendt, som er gift med Endre Johannesson Teigen. Døydde i 1808. Fødd truleg ca 1722.

Sonen Helje var med Meidels kompani i København. 

Han døydde i 1862. Fødd 1727

Første kona til Eirik heitte Brita Johannesdtr, han ingen andre opplysningar om ho. Kona Kristi Tollevsdtr lever , men veit heller ikkje meir om ho anna enn at ho gifte seg oppatt  i 1772 . Kvar ho kom frå eller når ho var fødd veit me ikkje.

 

Er det opplysningar i skiftet som gjer at me får vita meir om denne familien?

 

Mvh

Anne Marie B Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har ikke mye batteri igjen men leser :

 "(som i nogen aar har ahft underholdning fra fattig cassen) imellem hans effterlevende enke Christin Ellefsdatter, och hands udj forrige ægteskab med Birthe Johanesdatter auflede barn 1 søn och 2 døtre. Sønnen Hellie Erichsen, der siges forinden faderens død, udj Holstein ved døden skal være afgangen....."

Kommer tilbake til resten om du ikke får hjelp imellomtiden.

Mvh Gunnar

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg synes det står noe sånt på  høyre side som

aaret 1757 blev [utydelig] ind[lagd?] paa Lægd?(...) Leganger Præstegaard (,,,) Annex [utydelig] Erich Helliesen indlagd paa Lægd. [utydelig] continuerede(?) indtil hans(?) Døds Dag

 

Dette notatet er underskrevet av Gerhard Geelmuyden 28. April1763.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Viss han har to døtre så er det noko me ikkje har viss før.  Ser det står namn på dottera Ingeborg, men står det noko om den andre eller er ho død tidlegare?

Og sonen Helje er død før faren døydde ut frå dette.

Takksam viss de klarer tyda meir av skiftet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra skiftet:

 

...efter den den 1. october sidstl. afdøde huusmand Erich Helliesen /der udj nogle Aar har haft underholdning af FattigCassen/ i mellem hands efterlevende Encke Christie Tollefsdatter, og hands udj forrige Ægteskab med Brithe Johanesdatter auflede 1 Søn og 1 Datter Sønnen Hellie Erichsen, der siiges forjnden Faderens Død, udj Holsteen ved Døden skal være afgangen, og altsaa hans efterladenskab dette Stervboe hiemfalden, og Datteren Ingebor Erichsdatter gift med Endre JohanesenTeigen.

 

Siden denne afdøde mand har nogen Tid været paa Lægd, og derom vil forskaffes Præstens attest, Saa blir dette Skifte til viidere foretagelse udsadt.

 

Encken fremlagde en attest om hendes StifSøns dødelige afgang saalydende. At Hellie Erichsen, der som Soldat ved Velædle og VelByrdige hl. Capitain Meidels Compagnie blev Comanderet til Kiøbenhavn, er en Søn af Erich Helliesen udj Fresvig, der ved Mechaelj tider sidst afvigte Aar bortdøde, og at bemt Soldat Hellie Erichsen døde udj Kiøbenhavn sidstl aar 1762, 8 Dage før Christi HimmelsFarsdag, det bliver herved af os 2de underteignede attesteret, og skal, om paaæskes, med Eed blive bekræftet. Feious d 27de April 1763. Peder Larsen Fædie. Peder Johanesen.

 

Dernæst blev fremlagt Sognepræstens hr. Geerhard Geelmuydens attest af 28de April 1763, saa af Indhold. Iblandt de Fattige Lemmer, som efter den Kongelige Anordning udj aaret 1757 bleve indlagde paa Lægd udj dette mig allernaadigst anfortroede Legangers Præstegield, blev udj Freswigs Annex Sogn Erich Helliesen indlagt paa Lægd. Hvilket Continuerede indtil hans Døds Dag i dette indeværende Aar. Dog maae ieg tilstaae, at han noch mange uger om Someren, naar han hos andre Folk kunde tiene for Føden, paa en eller anden maade og syntes dermed bedre holden, ikke nød eller oppebar noget af Lægdets Mænd, som hannem ellers til fornødenhed forsynede. Legangers Præstegaard d. 28 Aprillis 1763. Gerhard Geelmuyden.

 

Enka Kristi Tollefsdatter arvet halve boet, og fattigkassa den andre halvdel. Det var gjeld til Ole Tollefsen Skaug, som kanskje var bror til Kristi?

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk Terje for at du tok jobben med heile avskrifta av skiftet!! 

Var Erik på legd frå 1757 eller viser det til den kongelege anordninga av 1757?

Ang Kristi Tollevsdtr så veit me ikkje noko om kvar ho kom frå, men ho gifte seg oppatt med enkjemannen Elling Pederson Stegen Grundeland (1724-1776) i 1772. 

Ho hadde ikkje born med nokon av ektemennene sine så vidt me veit. Finn heller ikkje dødsåret hennar.

Ole Tollefsen Skau  (1732-1815) kom frå Tenningåsen i Balestrand. Gifte seg til Skau i Fresvik i 1762 men kan sjølvsagt ha budd i bygda før. Skulle neste tru det kunne vera slektskap pga gjelda  viss han kom til bygda same året som Erik døydde. 

Kanskje er det mogeleg å finna ut noko meir om Ole under garden Tenningåsen?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg oppfatter det slik at Erik Helgesen kom på legd i 1757, men er ikke sikker da setningen er skrevet slik at det like gjerne kan være den kongelige anordningen som kom dette året. Dødsdatoen til sønnen Helge Eriksen må være 12. mai 1762, som var 8 dager før Kristi Himmelfart dette året.

 

I følge bygdeboka for Balestrand ble Tollef Lassesen Tenningåsen gift 1728 med Brita Pedersdatter Sværen og hadde disse barna: Ola til Skaug, Per Romøren, Arnfinn Tenningåsen, Ragnhild gift med Sjur Fosse og Gjertrud med Arnfinn Hove. Men jeg finner ikke noe skifte etter foreldrene så vet ikke om de kan ha hatt flere barn.

 

Finner heller ikke noe skifte etter Brita Johannesdatter, første kona til Erik Helgesen.

 

Da Erik Helgesen og Kristi Tollefsdatter giftet seg i 1760 var Johannes Tollefsen Høgheim en av forloverne. Men han hadde ingen søster som het Kristi.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har sjekka litt om den siste Johannes Tollevsen. Han var prestemedhjelpar. Faren heitte Tollef Olson Grundeland (1674-1764) men bygsla ein gard under Bøtun. Han var gift 3 gonger, siste gongen i 1724 med Kristi Endresdtr. Eiken Balestrand (1684-1760) . Nederst på høgre side, men her står det B Eiken?

https://media.digitalarkivet.no/view/11564/157

Kristi Eiken

https://media.digitalarkivet.no/view/11564/158

 

Med henne fekk han to born ifylgje bygdeboka, Endre, fødselsår ukjent,  og Aslak f 1726. Dei finn eg ikkje i kyrkjeboka for Leikanger men eg finn  to andre  born, Anders og Johan begge fødde i 1726, så ikkje alle kan vera søner av Kristi: 

https://media.digitalarkivet.no/view/11564/142

 

Kan Tollef Olson og Kristi Endresdtr Eiken også ha hatt ei dotter Kristi som gifte seg med Eirik Heljesen?  

 

Viss eg sjekkar meir i slektene til desse personane så ser eg at første kona til Tollef Olson Bøtun og bestemor til kona til Ola Tollefsen Skau som hadde lånt pengar til Eirik Heljesen, var systre. Så her var ein del slekt og inngifte.

Men opphavet til Kristi Tollefsdtr som gifte seg med Eirik Heljesen kom eg ikkje vidare med.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner ei Kristi Tollefsdatter Tenningåsen døpt Kristi Himmelfartsdag (19. mai) 1735: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/47888/3

 

Hun er ikke nevnt i bygdeboka for Balestrand, så en skulle tro at hun døde ung. Men Kristi Tollefsdatter "Åsen" er fadder til Christen Sværens datter Brita som ble døpt 28.12.1756, så hun levde fortsatt da: https://media.digitalarkivet.no/view/11566/5

 

Hvis det var samme Kristi som ble gift med Erik Helgesen så var hun 44 år yngre enn sin mann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikkje godt å seie om dette er den rette. Men det ville kanskje forklara kvifor Ole Tollefsen Skau som evt var broren til Kristi hadde lånt dei pengar sjølv om det sjølvsagt kan vera fleire grunnar til det. Han gifte seg til Skau i 1762, same året som Eirik Heljeson døydde. Difor rart han lånte dei pengar viss ikkje det var kjennskap eller slektskap frå før.

 

Kristi er ikkje oppførd med eigne born i nokon av ekteskapa, så skulle tru at ho døydde i Fresvik, men kan som sagt ikkje finna ho i kyrkjebøkene. Gifte seg oppatt i 1772, så dødsfallet må vera etter den tid. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fann dette då eg på nytt sjekka kyrkjebøkene:

https://media.digitalarkivet.no/view/11568/117

 

Christi Tollaksdtr Bøtun død 1798, 80 år gammal. Ho var gift andre gongen under Grundeland, men etternamna varierte ofte mellom dei ulike gardane i bygda, så rimeleg sikkert at dette er den rette Kristi. Ingen andre som heiter det same.

Det skulle bety at ho er fødd like før 1720 viss alderen stemmer. Og dermed høver det ikkje så godt med Kristi frå Tenningåsen som var fødd i  1735.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.