Gå til innhold
Arkivverket

Simon Simonson Lille Kjøde


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Simon Simonson Lille Kjøde er ifølgje BB for Selje s. 30 død 78 år gammal i 1824. Denne alderen er vel komen frå folketeljinga i 1801, der det står at Simon er 52 år gammal. KOna Synneve er 50 år. Saman med dei bur to born: Hans Simonson (14 år), Mari Simonsdatter (24 år) og Brithe Simonsdatter (10 år).   https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058406001394

For å sitere meir frå BB, så står det der at Simon bygsla 1/2 laup hospitalgods i Lille Kjøde 3 i 1774. Han er fødd i Bergen. Kvar Aaland har denne opplysninga frå veit eg ikkje. 

Kona til Simon, Synneve Rasmusdatter Skjåstad døde 71 år gammal i 1828. Også denne alderen er truleg utrekna ut ifrå 1801-teljinga. Ho skal altså ha vorte fødd rundt 1757. Men kvar kjem opplysninga om at Synneve har etternamnet Skjåstad? Og kvar er denne Skjåstad-garden? Det må vere Skjåstad/Sjåstad i Selje det er snakk om. I kyrkjeboka finn vi 10. februar 1751 den Synneve som ifylgje Aaland i BB er kona til Simon Simonson Lille Kjøde. https://www.digitalarkivet.no/kb20070515630383 Foreldre er Rasmus Jonsen og Ingeborg Aamundsdatter Myren på Øvre Skjåstad 1, også kalla Myren. Kvar denne Rasmus Jonson og kona hans kom frå seier BB ingenting om.

 

Det store spørsmålet er då om det er mogeleg å finne ut noko meir om opphavet til Simon Simonson i Bergen og Synneve Rasmusdatter på Myren i Selje.

 

Sonen Hans finn vi i kyrkjeboka: Hans Simonsen Lille Kjøde vart døypt 11. september 1786 i Selje. Foreldra er Simon Simonson Lille Kiøde og Synneve Rasmusdatter. Kvar ho kom frå står det ikkje noko om. Fadrane var Paul Rasmussen Kiøde, Lars Persen Teigen, Kåre Halstensen Kiøde, Anne Rasmusdatter Snede, og Giertrue Pedersdatter Kiøde. Dette er truleg naboar, og gjev ikkje noko hint om kvar korkje Simon eller Synneve kom frå. https://www.digitalarkivet.no/kb20070515640187  Hans er nemnd som brukar på Lille Kjøde 2.

 

Rasmus Simonson Kjøde tek i følgje BB over Lille Kjøde 3 etter faren, Simon, i 1803. Vi finn også Rasmus i kyrkjeboka. Han er døypt den 25. februar 1778. https://www.digitalarkivet.no/kb20070515640120 Heller ikkje her gjev fadderane noko hjelp i å finne ut kven Simon og Synneve var. Kvar Synneve var frå er heller ikkje her nemnt. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Simon Simonsen døydde i 1824, og i kyrkjeboka står det vel "fød Bergen" (sjå nr. 19): https://www.digitalarkivet.no/kb20070515640470

 

I formynderprotokollen finn ein her ei innførsle vedr. formyndaren Ole Morken som bekreftar at Synneve Rasmusdtr. Øvre-Sjåstad hadde vorte gift med Simon Simenson Lille-Kjøde (sjå høgre side): https://www.digitalarkivet.no/db50002645900280

 

Formyndaren Ole Morken er nemnt som formynder for Synneve Rasmusdtr. i skiftet etter Ingeborg Aamundsdtr. i 1754: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128650089

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk Inge. Då veit vi kvifor Aaland seier at Simon er fødd i Bergen og at han var gift med Synneve Rasmusdatter Skjåstad. Vi veit også at Synneve var dotter til Ingeborg Aamundsdatter. Korleis kan vi no kome lenger bakover? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Rasmus Jonson og Ingeborg Aamundsdatter trulova seg 9. august og gifte seg 20. september 1748 i Selje.  https://www.digitalarkivet.no/kb20070515630425

Ingen av dei er noterte med gardsnamn, men kanskje kan sponsorane seie oss noko om kvar dei kom frå?  Eg greier ikkje å tyde sikkert namna til dei to sponsorane som er noterte under trulovinsinnføringa. Den første er "Leganger" trur eg.    

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingeborg Aamundsdatter Myren døydde 3. februar 1754. Kjelde: Ministerialbok Protokollnr./tidsrom nr. A 4 /1743 – 1759 Sogn og Fjordane fylke Selje prgj. Selje (Hove) sokn Vågsøy sokn, side 287, venstre kolonne i midten.  https://www.digitalarkivet.no/kb20070515630484

Rasmus Jonsen døde i 1752 og vart gravlagt 6. februar 1752. Kjelde: Ministerialbok Protokollnr./tidsrom nr. A 4 /1743 – 1759 Sogn og Fjordane fylke Selje prgj. Selje (Hove) sokn Vågsøy sokn, s. 282, høgre kolonne nedst på sida.  https://www.digitalarkivet.no/kb20070515630482

Det er ikkje skrive noko meir enn førenamn og patronym, så det går ikkje å kome lenger bakover på grunnlag av dette. Det kunne ha løyst seg om kyrkjeboka for perioden 1716 - 1730 hadde funnest, for Ingeborg skal vere fødd i 1718 og Rasmus i 1724. Men kyrkjeboka for denne perioden manglar.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Se Skifte  efter Jon Jonsen Borgundholm Side 339-13-1758-1762. Rune

Endret av Rune Bergesen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Meinar du   SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0013: Skifteprotokollar, 1758-1762 side 339? Har prøvt å sjå der, men finn ikkje noko. Kan du fortelje kva eg skal sjå etter?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg finn Joen Borgundholm nemnd i skiftet etter Ingeborg Aamunsdatter i SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0012: Skifteprotokollar, 1753-1757, s. 87b-88a https://media.digitalarkivet.no/view/24229/90        

Men eg finn ikkje noko skifte etter Jon Jonsen Borgundholm i det skiftet du viser til i SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0013: Skifteprotokollar, 1758-1762 side 339

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jon Jonsen Borgundholm Stad 425b 13 1758-1762 1 Mai 1761, dette er det som står i filen fra Statsarkivet i Bergen, som jeg uten problemer finner i skifteregisteret for Nordfjord, der vil du finne opphavet til Rasmus Joensen. Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan du hjelpe meg å tyde det som står i skiftet og som har med opphavet til Rasmus Jonsen å gjere? Det er lite eg greier å tyde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, jeg er heller ikke så flink med denne skriften, Inge Nygård han kan sikkert tyde dette bedre enn meg, men det jeg får ut av det er dette: Enke Synneve Gundersdatter med dannemand og lagverge Mons Joensen Drage, 2 børn, Sal Rasmus Joensen øfre Schiaastad, efterladt sig en datter Synneve Rasmusdatter 8 aar og hendes formynder  Ole Aamundsen Morchen og søn Mons Joensen Drage, håper dette ikke er så meget gale, du får sikkert andre til bedre å tyde dette, legg ut lenke så hjelper sikkert Inge til med tydingen. Der er 4 Omund i 1701 på Stad, 2 er avklart, men desverre så er 3 av disse er tjenere på andre garder, så vi får ikke vite fra hvilken gård de er født på. Du kommer jo heller ikke videre bakover på Borgundholm. Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk Rune. Eg kjem nokolunde til same resultat som du når det gjeld tydinga av skiftet. Om nokon kan hjelpe med tydinga så er lenka: https://media.digitalarkivet.no/view/24230/426

Dette skulle altså bety at Foreldra til Rasmus Jonsen Øvre Skjåstad er Jon Jonsen Borgundholm og kona hans, Synneve Gundersdatter. Rasmus har broren Mons Jonsen Drage.

 

Rune, når du nemner Omund på Stadt, snakkar du då om folketeljinga i 1701? Og kvifor nemner du namnet Omund? 

 

No har vi kome litt vidare når det gjeld slekta bakover til Simon Simonson Lille Kjøde si kone. Er det råd å finne noko om Simon og hans opphav? 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, det og finne noens forældre i Bergen er veldig vanskelig, da forældrenes navn ikke oppgis ved vielsen, der er 2 Simon født i det aktuelle tidsrommet en døbt i 1748 og en i 1745, men da du ikke har far oppgitt, så hjelper det ikke å tro at det er en av disse, det er også mange som blir oppgitt født i Bergen, som er født i Sognene rundt Bergen, så dette blir en veldig vanskelig nøtt. Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Rune. Eg forstår at det vert vanskeleg å finne noko meir om Simon Simonson om ikkje noko spesielt skulle dukke opp. Så i hans tilfelle stoppar det nok her.

 

Når det gjeld Jon Jonson, har Aaland ein del informasjon i BB s. 68-69. 

Jon Jonson Borgundholm  er nemnd brukar på Borgund 1 i Selje i 1725, men i 1730 sa han opp bruket av armod og overlet det til svogeren Paul Olson, som var gift med dottera Marte Jonsdatter f. rundt 1680, d. 1752. Her kan det vere rot med årstala, for det betyr at Jon Jonson vart omlag hundre år. Paul Olson, som overtok etter Jon skal også ha vorte snart 100 år gammal. Desse aldersbestemmelsane er vel frå folketeljinga i 1701, og der er det så vidt eg forstår litt ymse når det gjeld aldersbestemming, som kan variere ein heil del frå det verkelege.

 

Etter at Jon gav frå seg Borgund 1, ser det ut til at han flytte til Borgundholmen. Derifrå vart det på midten av 1600-talet drive handel. Holmen er no kalla Lilleholmen. I 1701 vart handelshusa flytta, då det i lang tid ikkje hadde vore handel der. I 1739 bygsla Gunnar Rasmusson Borgund på Borgund 1, Borgundholmen på det vilkåret at han skulle hyse stefaren Jon Jonson og den gamle mora. I 1745 fekk han kongeleg løyve til å handle med øl, brennevin og tobakk "til fiskernes vederkvægelse og fornødenhed". Mor til Gunnar var Synneve Gundersdatter Erv. (Ervik), først gift med far til Gunnar, Rasmus Pederson Borgund, og då han døde i 1725, med Jon Jonson. Synnøve døde ifylgje Aaland i 1765, 80 år gammal, og var då fødd ca. 1685. Om ho var frå Ervik, må ho vere frå Gunnarbruket, Ervik 3, og vere dotter til Gunnar Olson og Magdeli Torbjørnsdatter, og syster til Ola Gunnarson Ervik og Peder Gunnarson Ervik. I kor stor grad dette er mogeleg å dokumentere står att å sjå. Her må kyrkjebøkene granskast. Fordelen er at Selje har kyrkjebøker som går heilt tilbake til 1704.

Jon Jonson Borgundholm døde truleg ein av dei første månadene i 1761. Det er skifte etter han 1. mai 1761. Arvingane er : Enkja Synneve Gundersdatter , sonen Rasmus Jonson Øvre Skjåstad (Myren) og dottera Synneve Rasmusdatter og broren Mons Jonson Drage.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei. Eg veit ikkje om det hjelper noko, men Simon Simonson Lille Kjøde hadde endå ein son, Eilert, f. 1797, gift 10. mai 1831 med Abeline Jakobsdatter truleg Store Kjøde. I alle fall heiter faren Jakob Paulsen. Det er opplyst at Eilert er fødd i Bergen, og kona hans er fødd på Store Kjøde. Kjelde: Ministerialbok Protokollnr./tidsrom nr. A 9 /1829 – 1844 Sogn og Fjordane fylke Selje prgj. Selje (Hove) sokn Vågsøy sokn, s. 174, nr. 3.  https://www.digitalarkivet.no/kb20070515650032   Sidan Eilert etter kyrkjeboka er fødd i Bergen, må det vel finnast ei fødsels/dåpsinnskriving der. Eg har ikkje funne at han er døypt i Selje. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her tror jeg at du har helt feil fam.

For det 1, ekteparet er for gamle

for det 2, de bor i Selje, Ikke i Bergen

for det 3, han er ikke nemndt som sønn i 1801

En god kandidat i Bergen 1801 er Ehlert 2 år, far Simon Olsen, ved dåp i DK 17/12-1797 kaldt Simon Ellert, Far Simon Olsen Aarvig daglønner og h. Marthe Olsdtr., han finnes ikke i Bergen i 1803, ei heller i 1815.

Men her blir jo dette det samme, beviset mangler.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har heilt rett, Rune. Dette må vere feil familie. Eilert er ikkje nemnd i 1801 på Lille Kjøde. Rasmus er heller ikkje nemnd, men han var så gammal at han nok var ute i teneste. Dessutan var Synnøve, kona til Simon Simonson over 50 år, så ho fekk nok ikkje fleire born etter 1801. Så der forsvant Eilert ut av soga.

Har prøvd å finne skiftet etter Simon Simonson i håp om at det der skulle stå noko om eventuelle søsken eller brorsbarn, men det er vel lite truleg sidan Simon hadde mange arvingar i nær familie.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Denne Eilert Simonsen har ikkje noko med Simon Simonson i Lille-Kjøde å gjere. Han kom som dreng frå Bergen til Kjøde er det fortalt. Simon Simonson har i følge kyrkjebøkene 6 born. Eg har sjølv leita etter denne Simon Simonson i og rundt Bergen, utan hell. Har og hatt hjelp på Statsarkivet i Bergen, men vi fant ikkje noko. 

 

Er det lov å spørje deg Helge om di tilknytning til Simon Simonson?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.