Jump to content
Arkivverket
Reidar Olav Meling

Kven var Marie Larsen?

Recommended Posts

Reidar Olav Meling
Posted (edited)

I mai 1908 blei Monrad fødd på "Fødselsstiftelsen" i Bergen, av "ugift tjenestepige" Marie Larsen, - ukjend far. Marie Larsen er ifylgje kyrkjeboka fødd i 1881 og bur i Nygårdsgaden 46. To kvinner står oppførte som fadrar då Monrad blei døypt i Korskirken i Bergen. Monrad blei adoptert bort, havna på Bømlo, der han seinare blei gift og fekk etterkommarar. Eg finn ikkje denne Marie Larsen nokon stader, finn ingen i folketeljingane 1891, 1900 eller 1910 som kan høva med dette namnet. (Kven faren til Monrad var, er ei eiga sak, som ikkje er tema for dette innlegget.) Sjå elles link nedanfor.

https://media.digitalarkivet.no/view/312/2044/285

 

Edited by Reidar Olav Meling

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

For ordens skyld - her er Monrad i kirkeboka for Fødselsstiftelsen: 

Bergen fylke, Fødselsstiftelsen i Bergen, Ministerialbok nr. A 3 (1901-1910), Fødte og døpte 1908, Side 246
Permanent bilde-ID: kb20060508110255
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060508110255
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060508110255.jpg 
 

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Berit Knudsen
Richard Johan Natvig
Posted (edited)

Her er også ein kandidat, fødd i Finnaas (Bømlo) 15. jan. 1881, eg ser at Monrad er til fostring nettopp i Finnaas, i 1910. Denne Marie kallar seg Marie Nilsen i 1910, men faren heiter Lars Nilsen.

 

FT 1910 Bergen, ug. tenestejente: https://www.digitalarkivet.no/pf01036708085956

Marie Larsens alias Nilsens dåp i 1881: 

SAB, Finnås sokneprestembete, H/Ha/Haa/Haaa/L0009: Ministerialbok nr. A 9, 1873-1881, s. 53
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061221640590

 

Kommunal folketelling Bergen 1912:

https://www.digitalarkivet.no/pf01105551011678

 

 

Edited by Richard Johan Natvig

Share this post


Link to post
Share on other sites
Reidar Olav Meling

Ja hei Richard. Det var eit interessant funn du gjorde der. Marie levde ungdomsåra sine nett i den overgangstida då folk i landet vårt endra bruken av etternamn. Midt på 1800-talet ville sonen til Lars Nilsen som regel ta Larsen som etternamn. Ei dotter ville ta Larsdatter som etternamn. Men rundt år 1900 er jo dette i ferd med å endra seg. Barna til Lars Nilsen ville no ofte bruka same etternamn som faren, det vil i dette tilfellet seia Nilsen. På landsbygda blei det og vanleg at -sen-namna blei erstatta med gardsnamn. Men i tilfellet med vår Maria, kan det jo godt henda at ho brukte Larsen og Nilsen om einannan, kven veit? Og dersom Marie levde langt inn på 1900-talet, må me kanskje leita etter Marie Nilsen istadenfor Marie Larsen?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig

Veit jo ikkje om dette er den rette, men i alle fall: Her er same Marie Nilsen / Larsdtr i folketellinga 1900, i Finnaas, bur heime, og ho er tenestejente:

https://www.digitalarkivet.no/pf01037302003861

Har prøvd å finna ho konfirmert, og utflytta frå Finnaas, men utan hell så langt.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Reidar Olav Meling

Ja hei igjen. Då ser eg at deler av denne «kabalen» går opp. Marie Larsen er sjølsagt dotter til Lars Nilsson (1841) som tok etternamnet Steinsbø etter garden (på Bømlo) der han budde. Marie får altså i 1908 dette barnet, som får namnet Monrad. Marie er ikkje gift, så Monrad er «uekte». Han vert adoptert av Lars Larsen (f. 1876) og kona Kari, som bur på garden Gåsland, ein nabogard til Steinsbø. Monrad overtek garden til sine adopsjonsforeldre. Monrad har etterkommarar som lever idag. Litt spesielt, men eigentleg ikkje ulogisk, at Marie var frå same området der sonen blei fostra opp.

Det andre spørsmålet i dette tilfellet er jo kven faren til Monrad var. Grethe Flood fann jo Monrad i Ministerialboka og der står det eit farsnamn, «styrmann» Laurits Nilsen, som skal vera fødd i 1878. Her har eg funne 3 personar med namnet Laurits Nilsen, den eine arbeider på gard, dei to andre er sjøfolk, reknar då med ein av desse to må vera den aktuelle kandidaten.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Reidar Olav Meling

Hei igjen, Richard. Jo, Marie Nilsen som du fann i 1922, må vera mor til Monrad. Ho er fødd i Bremnes i 1881, framleis ugift tenestejente. Eg finn Marie i kyrkjeboka for Finnås for 1881. Rett nok står det her fødselsdato 15.1, mens det står 15.2 i dokumentet frå 1922. Men det må vera den same personen.

Men kor blei faren til Monrad av?

 

Takk for god hjelp!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Reidar Olav Meling

Eg prøver meg litt vidare når det gjeld Marie, kva skjedde med henne etter 1922? Marie var altså fødd i Finnås prestegjeld 15.januar 1881 av foreldre Lars Nilsson Steinsbø og Larine Josefsdtr. Hollund. Som «ugift tjenestepige Marie Larsen» fødde ho guten Monrad i Bergen i 1908. I 1922 budde ho framleis i Bergen, som «ugift tjenestepike Marie Nilsen». Kva skjedde med Marie deretter?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig
Posted (edited)

Marie, ein muleg kandidat:

I valgmanntal 1934 finn eg ei ugift Marie Nilsen, f. 1881, ho blir kalla husassistent.

https://www.digitalarkivet.no/pc00000000434107

(Ei anna Marie Nilsen også fødd i 1881, er gift med ein Gustav Nilsen, eg tipper Nilsen er hennar gifte namn og at dette er ein mindre sannsynleg kandidat. https://www.digitalarkivet.no/pc00000000483542)

Edited by Richard Johan Natvig
Feil kandidat, sjå neste innlegget

Share this post


Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig

Her trur eg vi har den rette Marie: tidlegare tenestjente Marie Nilsen

 

image.png.20a2508478ba868e8a5a820e034ec7f6.png

Bergens Arbeiderblad 5.4.1932

https://www.nb.no/items/26e5f24024d4e4797ab51f1b01a29974?page=5

 

Frå dødsfallsjournal:

Død 23.3.1932, budde då på kommunal pleieheim, arving: M(yndig) søster Petra Johnsen (jf. fadder til Monrad: "gift Petra Johnsen", og at Marie hadde ei søster Petra). Begraves v. Fattigvesenet.

SAB, Byfogd og Byskriver i Bergen, 06/06Na/L0018: Dødsfallsjournaler, 1931-1934, s. 60
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090611350873

 


 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig

image.png.1153b0e21d77ae67e4e5cb48d7026756.png

Bergens Tidende 29.3.1932

Share this post


Link to post
Share on other sites
Reidar Olav Meling
Posted (edited)

Hei igjen Richard. Har idag fått kontakt med eit barnebarn av denne Marie. Ho stadfesta at hennar farmor døde i mars 1932. Dei hadde kontakt med gravferdsetaten i Bergen for nokre år sidan, men fann ingen spor etter grava. Dei veit elles svært lite om korleis deira farmor levde i Bergen. Barnebarna til Marie er fødde i tidsrommet 1941-47, så dei fekk aldri kontakt med si farmor, som nok levde og døde i svært tronge kår, berre rundt 51 år gammal. Deira far (einebarn) fekk visstnok nokre kort frå si mor, som er tekne vare på. Ser elles at dødsannonsa er underskriven av Petra Johnsen, det er rett at det er søster til Marie.

Igjen takk for godt arbeid, Richard! No er det viktigaste å få bukt med koronaen, men kjekt å kunna gløyma det ein liten augneblink og granska fortida.

Edited by Reidar Olav Meling

Share this post


Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig

Ein siste ting frå mi side, som eg fann i går kveld:

 

I 1928 forlova Marie seg, men det blei vel ingenting av det forholdet:

forloving_2.jpg.png.d1a0c4e3602dba9ea0b28c26b7b65a2c.pngForloving.jpg.490d92b41415be8e1bf225bd40485f23.jpg 

 

Ein kan spekulera over kvifor det blei slutt, men berre eitt år før, i mars 1927, forlova den same Konrad Arsten seg med ei anna kvinne i Bergen (også ho tenestejente, også ho med eit barn utanfor ekteskap, har eg funne ut ved søking i aviser), men kva sanninga er får vi neppe vita noen gong.

forloving_3.jpg.png.eb7f1ab4338411edc6d5e07359d49224.png

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Reidar Olav Meling

Det er jo heilt utruleg kva du har funne ut her, Richard. Har ikkje noko tru på at etterkommarane til Maria veit noko om dette, - takk nok ein gong for godt arbeid!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Reidar Olav Meling

Du er heilt sikker på at det er same mann, Konrad Arsten, det er snakk om? På DIS gravminner er det berre 4 personar som kjem opp med etternamn Arsten, så det kan ikkje vera noko vanleg namn. Lurer på kor det namnet kan skriva seg frå. Kva yrke står det eigentleg for denne personen i 1927, det må vel vera deler av eit ord som manglar i utklippet ditt? Er det mogleg å finna ut meir om denne mannen, mon tru?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig
2 minutter siden, Reidar Olav Meling skrev:

Du er heilt sikker på at det er same mann, Konrad Arsten, det er snakk om? På DIS gravminner er det berre 4 personar som kjem opp med etternamn Arsten, så det kan ikkje vera noko vanleg namn. Lurer på kor det namnet kan skriva seg frå. Kva yrke står det eigentleg for denne personen i 1927, det må vel vera deler av eit ord som manglar i utklippet ditt? Er det mogleg å finna ut meir om denne mannen, mon tru?

 

Nei, 100 prosent sikker kan eg ikkje vera på at det er same mann, men som du skriv er det ikkje noe vanleg namn. Arsten som stadnamn finst i Fjaler (Arstein), sikkert andre plassar også.

Ja: 

https://www.digitalarkivet.no/search/properties?s=arstein&from=&to=&municipality_parish=&address=&municipality_no=&plot_no=&unit_no=&property_no=&serial_no=&urban_property_no=&fire_ass_no=

og 

https://www.digitalarkivet.no/search/properties?s=arsten&from=&to=&municipality_parish=&address=&municipality_no=&plot_no=&unit_no=&property_no=&serial_no=&urban_property_no=&fire_ass_no=&sort=rel

 

Yrket fann eg etterpå i arkivet til BT som eg abonnerer på: "malerformand", men eg lurer på om det skal vera "målerformand", ved søk no, etter Konrad Arstein, fann eg denne:

image.png.51d6e21bbe7c87bd96da1e8c1b942bfe.png

Eg har ikkje full tilgang til Nasjonalbiblioteket, dermed får eg berre sjå dette utdraget. Eg lurer på om det her kan vera snakk om ei liste med oppgitte dødsfall, anmeldt i Bergen 9. juli, i så fall døydde han i starten av juli 1941.

 

Eg ser forøvrig også no at det finst fleire Konrad Arstein enn Konrad Jensen Arstein, dermed er det god grunn til å vera forsiktig med å identifisera dei to over med kvarandre.

 

Eg har ikkje lukkast å finna meir om mannen, men har heller ikkje gjort store forsøk. Adressebøker kan kanskje hjelpa. Og dødsfallsprotokoll om den er tilgjengeleg.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig
59 minutter siden, Reidar Olav Meling skrev:

Eg finn ein einaste aktuell person i folketeljingar, Konrad, son av Jens Hollevik, fødd i 1891. Her er han fødd og døypt, kan det vera han?

https://media.digitalarkivet.no/view/4541/73964/20

 

 

Eg tviler, av to grunnar: for det første: korleis kan vi knytta namnet Arstein til denne Konrad Jensen? For det andre: Han er døypt Konrad Johan. Sjølv om han ikkje brukte mellomnamnet sitt til vanleg er det sannsynleg at det ville ha blitt opplyst i lista over døde i avisa i 1941, som fekk opplysningane frå dødsfallsprotokollen til Byfogd/Byskrivar, der det var viktig med rett identifisering av den døde.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Reidar Olav Meling
Posted (edited)

Det verkar rimeleg det du skriv, så då er jo spørsmålet om kven denne Konrad, som blei trulova med «vår» Marie, eigentleg er. Verkar det ikkje rimeleg at namnet Arsten har ein samanheng med Arstein i Fjaler? Litt synd at fødselsår og f.dato ikkje stod nemnd i dødsprotokollen.

Edited by Reidar Olav Meling

Share this post


Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig

I den originale dødsfallprotokollen vil det nok stå, men den er sperra for innsyn (https://media.digitalarkivet.no/sk/contents/27871)

 

Du kan be arkivverket om oppslag for deg (trur eg, litt usikker når du ikkje er i slekt med vedkommande). Sjå her: https://www.arkivverket.no/tjenester

Her er opplysningar du treng om kjelda: https://www.digitalarkivet.no/source/27871, og du må oppgi når han døydde 

 

Eit PS. Eg må innrømma at eg blir litt forvirra, "maler" eller "måler", Arstein eller Årstein? Og her dukkar det opp eit mellomnamn likevel, Birger:

image.png.d68a46033706e94bcdc5e7a1a838fc49.png

Share this post


Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig
Posted (edited)

 

BT

image.png.8376603108acc6578a9445361580d2f9.png

Bergens Tidende 14. juli 1941

 

og her berre Konrad Jensen:

image.png.bff200000ee9af13ae05f5df62cd1170.png

Bergens Tidende 12. juli 1942

 

Edited by Richard Johan Natvig

Share this post


Link to post
Share on other sites
Reidar Olav Meling
Posted (edited)

Dersom Konrad var 43,5 år då han døydde, må det tyda at han er fødd heilt i slutten av 1897, eller i starten på 1898. Så var han altså gift med kone (Matilde) og barn. Men det må samstundes vera han som var trulova med Marie i 1928!? Men det er noko som skurrar litt her, Marie var fødd i 1881, ho var altså 16-17 år eldre enn Konrad. Det er jo sjølsagt mogleg, men verkar det rimeleg? Dersom dei verkeleg blei trulova i 1928, var dei framleis trulova då ho døydde i 1932?

I 1928 var Marie 47 år, det må jo då seiast at det var «på inntida» for Konrad dersom han hadde tenkt på giftarmål for å få barn, i 1928! (Mi farmor var 22 då ho fekk sitt første barn og nær 47 då ho fekk sitt barn nr. 14!)

Edited by Reidar Olav Meling

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.