Gå til innhold
Arkivverket

Anders Olson Søvde, òg kjend som «Lavold-Anders» (1791-1846) - meistertjuv frå Luster - kvar kan me finna ymse sakspapir?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Anders Olson Søvde, òg kjend som «Lavold-Anders», frå garden Feigum i Luster, vart døypt i Luster 25.9.1791 og gifte seg i Luster 2.11.1815 med Gjertrud Johannesdotter Kleivi (Søvde), døypt i Luster 2.3.1793.  Etter fleire år som gardbrukarar på Feigum laut dei i 1821 flytta frå garden.  Dei pakta nokre år eit bruk på garden Råum i Luster, men flytte kring 1828 til ein plass under garden Lavoll i Luster.

 

Men dei hadde vanskar med å brøfø ein stor huslyd, og i 1834 vart både Anders og Gjertrud dømde for tjuveri og hamna på straff i Bergen.  På same tidi flytte huslyden til plassen Skildeimskleivi under Søvde i Luster, men soga var ikkje over med dette.  Anders måtte snart til Bergen att for å sona straff for nye tjuveri, og kring 1842 fekk han siste domen som sendte han til livsvarig fengsel på Akershus festning der han døydde 15.4.1846.  Gjertrud døydde som legdelem i Luster 6.5.1854.  Dei har ei kjempestor etterslekt!

 

No er spørsmålet:  Er det nokon som kan hjelpa meg finna fram til saksdokument som gjeld dei tre sakene mot Anders Olson?  Dei ligg sikkert lagra hjå Statsarkivet i Bergen, men er det mogeleg å finna dei?  Finst noko av dette online?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg kan ikke tro at dokumenter fra Akershus festning er digitalisert og tilgjengelig på nettet. 

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

kring 1842 fekk han siste domen som sendte han til livsvarig fengsel på Akershus festning der han døydde 15.4.1846. 

 

Oslo fylke, Akershus slaveri / straffanstalt / landsfengsel i Oslo, Ministerialbok nr. 1 (1839-1847), Døde og begravede 1846-1847, Side 36
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061010020147 

 

I arkivet etter Akershus festnings slaveri og arbeidsanstalt i Statsarkivet i Oslo, finnes en serie Ka, Fangeprotokoller. Her finnes det blant annet en fangeprotokoll over slavene 1840-1858. Den kan kanskje være et utgangspunkt for å finne flere opplysninger om dommen og sakspapirene...https://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-02000000256062?ins=SAO.

 

Jeg mener (avdøde) Tom Larsen lagde et register over domsaktene, men har ikke klart å se om dette er overført til nye DA. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Referat av den siste dommen (Den norske Rigstidende, 28.8. 1843: https://www.nb.no/items/687d24561c015dcff6be26728698bd07?page=1&searchText=Lavol*)

 

Her finner du dato for dommer i Høyesterett og underliggende instanser (Bergens stiftsoverrett og Indre Sogns sorenskriveri). Det er visst bare Høyesterett som er scannet. 

 

Skjermbilde 2020-04-26 kl. 12.51.46x.jpg

Endret av Ola Teige
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Høyesterettsdommen 1843: 

RA, Høyesterett, E/Eb/Eba/L0036: Voteringsprotokoller, 1843, s. 115b-116a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rg10081304195120 

 

Her vises det også til denne:

 

Høyesterettsdom 12.3. 1833

RA, Høyesterett, E/Eb/Eba/L0020: Voteringsprotokoller, 1832-1833, s. 126b-127a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rg10101304171128
 

Endret av Ola Teige
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og særleg til Ola for framhenting av skikkeleg spennande dokument!  Eg er ganske so imponert over kva ein kan finna online no til dags!

 

Eg veit ikkje om det er so mykje meir å finna, bortsett ifrå saki som gjaldt andre gongs tjuveriet hans?  Men uansett har me her mykje å studera på!

 

Det skulle neiggu ikkje so mykje til for å få livsvarig den gongen...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordringi!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.