Gå til innhold
Arkivverket

Kvar vart det av Peder Klingenberg Vetti, fødd i Årdal 26.8.1914?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Peder Klingenberg Pederson Vetti var fødd på Vetti i Øvre Årdal 26.8.1914, yngst av i alt sju born fødde til Peder Olson Vetti (døydde 30.10.1959) og kona Severina (døydde 6.6.1959).

 

Han arbeidde på verket i Øvre Årdal etter det vart òpna sist på 1940-talet og budde ugift i Øvre Årdal.  Men ikkje finn eg han i DIS-Noreg sin gravferdsbase eller i dødsfallslista i kyrkjebøkene for Årdal fram til 1960.  Han er heller ikkje i den nye dødsfallsbasen for 1951-2014.  So då skjønnar ikkje eg...

 

Er det nokon som kan hjelpa meg finna dødsdatoen og dødsstaden hans?  Kanskje gjennom ei dødsannonse?

 

Eller kan dødsannonser for desse søskeni hjelpa oss vidare:

 

* Olai Pederson Vetti, fødd 1912, døydde ugift (Øvre Årdal?) 2.2.1981

 

* Inga Pedersdotter Vetti Midtun, fødd 1908, døydde som enkje (Øvre Årdal?) 5.7.1986

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner denne i forbindelse med Olai Vettis dødsfall:

966097758_Skjermbilde2020-05-03kl_21_44_15.png.b9c5a907bac8a343f479eadd8d816ccd.png

https://www.nb.no/items/2640ae27b7ad8faa0f26629358ca0d27?page=5

 

Finner også denne eiendomsoverdragelsen til Peder Lauvhaugen i 1982:

556105176_Skjermbilde2020-05-03kl_21_47_24.png.953b1f8d977c40c0fb59619ffe6f54fa.png

https://www.nb.no/items/3bc24bbc91d4f33f945aca6f49b71891?page=1

 

Peder Lauvhaugen viser seg å være født 26.8.1914. Har han tatt et annet etternavn? Han døde 30.6.1994:  https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000002945327

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. og Sven for kjempeflotte innlegg!  Heimen desse folki budde i på Vetti heitte LAUVHAUGEN, so namnet har ei god forklaring.  Men INGEN har nokon gong fortalt meg at Peder skifte namn!  So er denne gåta løyst!

 

Men eg saknar dødsstader ogso for Olai og Inga, so kanskje dødsannonsene deira òg kan finnast?  Det hadde vore kjempebra!

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Badevakt Peder Hjelle «får lov av» Justisdep til å ta etternavnet Lauvhagen iflg avisa Sogn og Fjordane, mandag 26 oktober 1964.

Kjelde i nb.no: 

image.jpeg

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.