Gå til innhold
Arkivverket

Kari Andersdatter Skrede - Kven var ho, og kvar kom ho frå?


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Ifølgje BB for Eid og Hornindal s. 534 er Elias Botolvson Skrede, d. 1781 gift med Kari Andersdatter Rognes, d. 67 år gammal i 1791. https://www.digitalarkivet.no/kb20070503630154                                                                                                                                                                 Men kven er denne Kari Andersdatter? Er ho frå Rognes slik vigselen seier?  https://www.digitalarkivet.no/kb20070503620554 Det same er ho kalla ved trulovinga ei side lenger fram i kyrkjeboka.

Under nabogarden Rognnes, gnr. 52, bnr. 1 finn eg Anders Hallvards. Rand, 'sk. på 1 pd. i 1722, på 1/2 pd. i 1739, d. 48 å.g. 1735, gm. Anne Torgeirsd. Rognnes, d. 67 å.g. 1752.' Dette paret kunne vere foreldra til Kari, men så enkelt er det ikkje. Foretter det eg har funne ut, var Anne Torgeirsdatter Rognes gift tre gonger og hadde ingen etterkomarar. Spørsmålet er då om Anders Hallvardson Rand var gift ein gong før han gifte seg med Anne Torgeirsdatter. Det kan vel vere mogeleg sidan Kari Andersdatter skal vere fødd rundt 1724. Sidan Kari er sagt å vere frå Rognes er det vel ingen andre som kan vere faren enn Anders Hallvardson?

 

Anders Hallvardson Rognes døyr i 1735. Ved innføringa av likpreika etter han er han, viss eg ikkje les heilt feil, kalla Anders Hallvardson Grothaug = Rognes. https://www.digitalarkivet.no/kb20070503620458     Sjå innføring nr. 25 på venstre side.

Dette betyr vel at han kjem frå Grothaug i Eid og ikkje frå Rand i Utvik? I så fall er han son til Hallvard Eirikson Ryst, som brukar heile Grøthaug i 1682 og som er son til Eirik Hallvardson Ryst på Ryst 2 i Eid. Det høver på alle måtar betre, for den einaste Hallvard på Rand er Hallvard Jørgenson på Jørnbruket, Rand 9, og han er fødd så seint som 1701 og kan ikkje vere far til Anders Hallvardson Rognes. Men det betyr at det står feil i BB under Rognes, s. 532, der Anders Hallvardson er kalla Rand.

 

Men dette løyser ikkje spørsmålet om kvar Kari Andersdatter kom frå. Er det nokon som kan kaste lys over dette spørsmålet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bygdeboka skriv under Turrvik, s. 405: "Ola Andersson Bjørhovde brukar 1763, d. 77 år gammal 1798, gift med Jartrud, enkja etter R(asmus) Nilsson (forrige brukar). Det var eit flokut arveskifte etter Ola. Ervingane var 5 sysken eller borna deira, 14 i alt."   https://www.nb.no/nbsok/nb/8dcf0182cf035ebf7ac74da7fead33ac?lang=no#416

Eg ser av skiftet  at det er snakk om Rasmus Nilsson sine born i tillegg til Ola Andersson og syskjena hans sine arvingar. Men eg er fordårleg til å tyde "kråketær", så eg er ikkje i stand til å lese kva som står.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arvingane til Ole Andersen var:

 

Fullbror Simen Andersen Bjørhovde

Fullbror Jacob Andersen Nave sine 4 born (3 søner og ei dotter)

Halvbror Isach Andersen Dahle

Fullsøster Kari Andersdtr. Skrede sine 4 born (2 søner og 2 døtre)

Fullsøster Giertrud Andersdtr. Bjørhovde sine 4 born (2 søner og 2 døtre)

 

For meg ser det ut som om desse syskena er fødd på/har tilknyting til Røst eller Hatlen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det vil med andre ord seie at Kari Andersdatter var frå Bjørhovde og ikkje frå Rognes, om eg tolkar dette rett. Og ho er ikkje dotter av Anders Halvardson Rognes f. Rand som BB seier eller Anders Halvardson f. Grothaug, som dødsinnføringa i kyrkjeboka seier. Men kva for ein Anders på Bjørhovde kan vere far til desse 5 syskjena?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kva er det som knyter syskjena til Ryst eller Hatlen? Eg finn ingen Anders på nokon av dei gardane som kan vere i høveleg alder. 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Simen Andersen vert gift til Bjørhovde. Ved giftermålet vert han nemnt som Simen Andersen Røst: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001255784

 

Jacob Andersen er og kalla Røst ved giftermålet: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001256394

 

Sameleis med Giertrud: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001255429

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan faren då vere Anders Hallvardson Rognes, d. 1735. Som eg nemnde i starten av tråden så er han ved innføringa av likpreika kalla Anders Hallvardson Grothaug = Rognes. https://www.digitalarkivet.no/kb20070503620458     Sjå innføring nr. 25 på venstre side.

Dette betyr vel at han kjem frå Grothaug i Eid, og i så fall er han son til Hallvard Eirikson Ryst, som brukar heile Grøthaug i 1682 og som er son til Eirik Hallvardson Ryst på Ryst 2 i Eid. Eller er dette berre eit skot i blinde?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I følgje formyndarprotokollen er Anders Endreson Røst formyndar for dei fleste arvingane i 1749, deriblant Kari Andersdtr; der er tilføya at ho vart gift med Elias B Skrede i 1752 og dermed er vergemålet ikkje aktuelt lenger. Det står i protokollen at dei er broderborn, men i skiftet er det sagt at han er morbror deira, og det er nok det rette - men det gjeld truleg berre heilsyskena. Isak A har vel ei anna mor. 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Takk for grei informasjon Aase!

Men når Anders Endreson Røst er morbror til syskjena, kven er då mor og far deira? 

Anders Endreson er vel den Anders Endreson som står oppført under Hatlen som Anders Endreson Nøstdal, som bygsla halve Hatlen i 1741 og døde i 1765, gift med Marte Rasmusdatter. Men eg finn ingen Endre på Nøstdal.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ho som er mor til dei fleste syskena er dotter til Endre Steinbjørnson Naustdal; eg har ikkje greidd å finne noko førenamn på henne. Den andre kona veit eg ikkje noko om endå. Mannen deira, Anders Hatlen, har eg ikkje så mykje på heller; får eg ei ledig økt i kveld kan eg leite litt til. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.