Gå til innhold
Arkivverket

Anna Magdalena Christiansen/Olsen/Breisnes - fødd i Bergen 25.9.1877 - nemnd hjå Bergen fattigvesen i 1899 - kvar i all verdi vart det av ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet tek utgongspunkt i følgjande tema og er den einaste attverande utfordringi som står att å løysa: https://forum.arkivverket.no/topic/199297-marie-kvisvik-olsen-fødd-i-frei-1842-fattigunderstøtta-enkje-i-bergen-1900-kvar-vart-ho-av-kva-med-dotteri-anna-magdalene-olsen-fødd-1877/?tab=comments#comment-1734683

 

Anna Magdalena Christiansen/Olsen var fødd i Bergen 25.9.1877 som yngste dotter av los Christian Olsen (Breisnes) og kona Maria Andersdotter:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007597401

 

Christian døydde i 1889, og huslyden fekk hjelp av fattigvesenet for å komma seg på fote att.

 

I 1891 budde Anna Magdalena i lag med mor si og to søsken på Engen i Bergen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052994026697

 

Og ho vart konfirmert i Krosskyrkja i 1892 (#16): https://media.digitalarkivet.no/view/7127/200

 

Eg har hatt kontakt med byarkivet som sit på arkivet etter fattigvesenet, og der kjem det fram at Anna Magdalena siste gongen er nemnd i 1899.  Eg har so langt ikkje greidd å finna jenta korkje i FT1900 eller i FT1910.  Kanskje er namn eller fødselsdato feilskrivne??  Eller er ho gift borgarleg i Bergen med ufullstendige opplysningar?

 

Eg fann ein «kandidat» i New York som hadde same fødselsdatoen, men det synte seg vera eit feilspor!

 

Er det i det heile mogeleg å finna lagnaden til denne jenta frå Bergen?

 

Eg ville vorte «hoppande glad» om nokon greidde å løysa denne floka og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.