Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Erling Furhovde (1932-2014) - ei ætteutfordring i Nova Scotia, Canada - kan nokon please hjelpa meg?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

For fleire år sidan samla eg ein del opplysningar om ætti Furhovde i Nova Scotia, Canada, men opplysningane eg då fekk tak i, var ikkje heilt fullstendige, so no lurer eg på om nokon kan hjelpa meg komplettera dette manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Erling Konrad Wilhelmson Furhovde, f. i Jondal 27.7.1932, d. i Lunenburg, Nova Scotia 17.11.2014.  Erling reiste i ung alder ut som sjømann og gjekk i land i Canada.  Han gifte seg første gongen

 

     ##### (dato og stad for første vigsli hans?)

 

     1963 med Jane Barbara Bissett, f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar?)

 

     ##### (levde framleis som Jane Bissett 2017 i Halifax, Nova Scotia! – eventuelt dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Erling heldt fram som sjømann («sailor»), og han og Jane budde i Halifax, Nova Scotia, men vart skilde i

 

     ##### (kva år skilde?)

 

     Erling gifte seg so att i Liverpool, Nova Scotia 15.5.1985 med Barbara Ann James, f. Mosher, f. i Lunenburg, Nova Scotia

 

     ##### (nøyaktig dato for fødsli hennar?)

 

     1933. 

 

     ##### (levde framleis som Barbara Furhovde i 2017 – eventuelt dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Erling arbeidde då som museumsvakt («museum watchman»), medan Barbara har vore lærar, stuert til sjøs og bokhaldar («school teacher, stewardess and bokkkeeper») før ho som pensjonist tok til som kunstmålar («artist painter»).  Erling og Barbara budde i Lunenburg, Nova Scotia.  Erling fekk i alt tre born, som alle var frå første ekteskapet med Jane, men Barbara hadde òg to søner frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee

 

Erling Furhovde

 in the U.S., Cemetery and Funeral Home Collection, 1847-Current

Name:Erling Furhovde

Gender:Male

Death Age:82

Birth Date:27 Jul 1932

Birth Place:Norway, Kynesstrand, Hardanger Fjord, Norway

Residence Place:Lunenburg

Death Date:17 Nov 2014

Obituary Date:2 Jan 2015

Father:Wilhelm Furhovde

Mother:Maria Furhovde

Spouse:Barbara

Child:Katie Mohammed 
Billy 
Ian James 
Neil James 
Peter

Siblings:Trygve 
Borghild 
Ingfred 
Viktor

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anton for ei stadfesting av opplysningane som eg har attgjeve i innlegg #1.

 

Men det store spørsmålet er om det seg gjera finna ut noko meir, som til dømes den første vigsli frå 1963 og fleire detaljar om første kona Jane Barbara f. Bissett?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.