Gå til innhold
Arkivverket

T. Midtbust - skulestyrarvikar ved Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo 1902 - fleire opplysningar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg freistar samla lite vetta opplysningar om styrarar og personale som var knytt til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Munthehuset i Kroken i Hafslo 1897-1957, sidan kjend som husmorskulen i Kroken, og eg held fram med denne karen:

 

T. Midtbust kom i februar 1902 som vikarierande skulestyrar til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo og hadde stillingi ut året 1902.

 

Er det nokon som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om denne karen, opphav og lagnad?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg finner en T. Midtbust som drev kvægrøgterskole på Monsaas. Antar at det er samme mann som var skolestyrer på Amtsjenteskolen:

149060196_Skjermbilde2020-06-19kl_15_42_20.png.3d53702a55294bbe9f7cd8f3150a1751.png

https://www.nb.no/items/b3ea1750cc2382f3f1a1a99187d41f8a?page=0

 

Tore Olsen Midtbust var født 14.8.1870 i Stordal sokn i Stranda:  https://www.digitalarkivet.no/kb20060821020317

 

FT1875:  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052335002505

FT1891:  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053040001669

FT1900:  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037394000354

FT1910:  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036773000483

 

Han døde i 1953:  https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000001365212

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for spennande og nyttige innlegg!

 

Eg er overtydd om at du har finne rett mann, og eg har no gravd lite vetta ekstra i kjeldene våre og sett opp følgjande manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Thore, kjend som Tore Olson Midtbust, opphavleg frå Midtbust i Stordalen, Stranda, var son av gardbrukar og fiskar Ole Elias Thorson på Midtbust og kona Nicolina Larsdotter frå Stafseng og f. i Stordalen, Stranda 14.8.1870.  Han gifte seg i Stordalen, Stranda 30.4.1899 med Petrine Eriksdotter frå Stranden i Bolsøy.  Ho var dotter av gardbrukar Erik Erikson på Stranden og kona Jacobina Olsdotter frå Røvik og f. i Bolsøy 15.7.1870. 

Tore Midtbust gjekk landbruksskulen på Ås og arbeidde ei tid som omreisande rådgjevar i husdyrstell.

Men i februar 1902 kom Tore som vikarierande styrar til skulen i Kroken, og her arbeidde han ut året 1902.

Tore og Petrine var elles gardbrukarar på Monsås nedre i Eid i Romsdalen, og Tore var òg i fleire periodar ordførar i Eid.  Han d.

 

 

##### (dødsstaden hans?)

 

 

16.8.1953, medan Petrine Midtbust d.

 

 

##### (dødsstaden hennar?)

 

 

25.5.1957.  Dei fekk sju born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Einaste detaljane som no manglar her, er dei nøyaktige dødsstadene deira.  Kanskje finst det dødsannonser som kan hjelpa oss der?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.