Gå til innhold
Arkivverket

Halvard Johannesson Fjøsne (1876- ) - skulestyrar ved Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo 1909-1916 - fleire opplysningar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg freistar samla lite vetta opplysningar om styrarar og personale som var knytt til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Munthehuset i Kroken i Hafslo 1897-1957, sidan kjend som husmorskulen i Kroken, og eg held fram med denne karen:

 

Halvard Johannesson Fjøsne, fødd i Etne 28.12.1876, kom i 1909 som skulestyrar til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo og hadde stillingi fram til 1916.  Mannen er elles heilt ukjend.

 

Er det nokon som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om denne karen, opphav og lagnad?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Åmund_Fjøsne_(1940)_(4815272664).jpg

 

Gårdsnr. og navn.

image.png.2ee9994ea56780ed8d763ba4ddb1ea31.png

 

00059.jpg?AWSAccessKeyId=AKIAIHBERNCXHARW424A&Expires=1592715600&Signature=xtk7zCId3QHApPXpaEA5Wgyno0o%3D

 

Navn Halvard Johannessen Fjøsne
 
Kjønn Mann
Født 1876
 
  Etne
Bosted 1900
 
  Fjøsne, Etne, Hordaland, Norway
Residential Status Temporarily Present
Alder 24
Ektskapsstatus Enslig
Mor Ingeborg Amundsdatter Fjøsne
 
Fast bolig Ølen

 

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth, Ivar, Marie og Lars W. for svært interessante og spennande innlegg!

 

Desse opplysningane i lag med fleire andre har sytt for eit manuskript som i dag ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye innlegg frå Grethe er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #11 under!

 

Nokre detaljar manglar framleis, men kanskje kan det finnast ein lærarbiografi for Halvard Fjøsne som kan bidra med fleire detaljar med omsyn til utdanning og bustadar før han kom til Hafslo?  Og kanskje ei dødsannonse for Petra Fjøsne?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

Diverre gjev ikkje dødsannonsene oss nokon dødsstad for korkje Halvard eller Petra, so me lyt kanskje til soknepresten...

 

Elles er yrkeskarrièren til Halvard no «på plass», men eg stussa litt på dette med Sunnhordland fylkesskule, som den gongen (1905-1909) må ha heitt Sunnhordland amtsskule, men KVAR låg denne skulen på den tidi?  Var han på Fitjar?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #7 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Halvard Johannesson Fjøsne, opphavleg frå Fjøsne i Etne, var son av gardbrukar Johannes Olson på Fjøsne, opphavleg frå Brendeland, og kona Ingeborg Aamundsdotter frå Fjøsne og f. i Etne 28.12.1876.  Han gifte seg i Johanneskyrkja i Bergen 29.7.1910 med Petra Anna Tollefsdotter Torheim frå Torheim i Davik, Nordfjord.  Ho var dotter av gardbrukar og snikkar Tollef Olson på Torheim, opphavleg frå Starheimsvik i Eid, og kona Synneva Knutsdotter frå Myrold og f. på Myrold i Eid 13.11.1890.

Halvard Fjøsne gjekk lærarskulen på Stord og var deretter lærar i Sveio og i Ølen.  So gjekk han landbruksskulen på Stend i Fana og var deretter lærar ved amtsskulen i Sunnhordland

 

##### (kvar låg denne? – på Fitjar?)

 

til 1909.

Men i 1909 kom Halvard Fjøsne til Hafslo som ny styrar for skulen i Kroken og budde i alle fall ei tid til leige på Sagi.  Han heldt fram i stillingi til 1916.

Halvard og Petra Fjøsne flytte i 1916 attende til heimbygdi hans Etne og vart gardbrukarar på Fjøsne, samstundes som Halvard arbeidde som lærar, medan Petra var frisørdame.  Dei flytte sidan til Haugen i Etne der Halvard d.

 

##### (sjekka dødsstaden hans?)

 

18.9.1963.  Petra Fjøsne d.

 

##### (sjekka dødsstaden hennar?)

 

1.1.1980.  Dei fekk to born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.