Gå til innhold
Arkivverket

Jon Ryen - skulestyrar ved Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo 1917-1918 - fleire opplysningar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg freistar samla lite vetta opplysningar om styrarar og personale som var knytt til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Munthehuset i Kroken i Hafslo 1897-1957, sidan kjend som husmorskulen i Kroken, og eg held fram med denne karen:

 

Jon Ryen kom i 1917 som skulestyrar til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo og hadde stillingi fram til 1918.  Mannen er elles heilt ukjend.

 

Er det nokon som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om denne karen, opphav og lagnad?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Antakelig samme mann i folketellingen 1900:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037235002541

https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1029&kenr=007&bnr=0078&lnr=00

  • Tellingsår: 1900
  • Kommune: Sør Audnedal
  • Kommunenummer: 1029
  • Navn på bosted: Foss
Antall personer registrert på bostedet: 10. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.
  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
tidslinje.gif Johan J. Ryen hf g Folkeskolelærer, kontorbetjent ved landhandleri, gaardbruger 1862 Tveid, Topdal LM  
tidslinje.gif Katrine Gabrielsdatter hm g Husgjerning og kreaturstel 1867 Søndre Undal LM  
  Anna Severine Ryen d ug Datter 1887 Søndre Undal LM  
tidslinje.gif Ragna Ryen d ug Datter 1887 Søndre Undal LM  
tidslinje.gif Johannes Ryen s ug Søn, arb. ved sagbrug 1889 Søndre Undal LM  
  Gudrun Ryen d ug Datter 1890 Søndre Undal LM  
  Borgny Olava Marie Ryen d ug Datter 1892 Søndre Undal LM  
tidslinje.gif Bendik Ryen s ug Søn 1893 Søndre Undal LM  
tidslinje.gif Trygve Ryen s ug Søn 1898 Søndre Undal LM  
tidslinje.gif Gabriel Ryen s ug Søn 1900.10.29 Søndre Undal LM  
 
 
  • Tellingsår: 1910
  • Kommune: Sør Audnedal
  • Kommunenummer: 1029
  • Navn på bosted: Foss
Antall personer registrert på bostedet: 9
Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
Johan Ryen hf g Lærer 28.09.1861
Katrine Ryen hm g Hus & fjøsstel 02.12.1867
Johannes Ryen s   Tømmermand 16.02@08.1889
Bendik Ryen s   arb. paa fabrik paa Notodden 17.05.1893
Trygve Ryen s ug s 17.11.1898
Thorleif Ryen s ug s 28.02.1907
Ragna Ryen d   skrædder 30.11.1887
Gabriel Ryen s ug s 29.10.1900
Helga Ryen d ug d 1908
 
Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Lars W. for fleire interessante og nyttige kommentarar om Johan Ryen, som eg trur ganske sikkert er identisk med styraren som var i Kroken 1917-1918.

 

Eg har no sortert opplysingane og finne noko i tillegg, so manuskriptet mitt ser etter kvart slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johan Johannesson Ryen, opphavleg frå Karten, Ryen i Tveit, Vest-Agder, var son av gardbrukar Johannes Berentson på Karten, Ryen, opphavleg frå Borgen, og kona Anna Severine Johnsdotter frå Sødal og f. i Tveit 28.9.1862.  Han gifte seg i Sør-Audnedal 29.7.1887 med Katrine Gabrielsdotter frå Roland i Sør-Audnedal.  Ho var dotter av gardbrukar og vegarbeidar Gabriel Gunderson på Roland og kona Rakel Torjesdotter frå Egedal og f. i Sør-Audnedal 2.12.1867.

Johan Ryen tok lærarutdanning

 

 

##### (detaljar om dette?)

 

 

og kom som lærar til Sør-Audnedal der han og Katrine busette seg som gardbrukarar på garden Foss.  Sidan var han amtsskulestyrar, mellom anna i Lyngdal, men bustaden var på Foss.

I 1917 kom Johan Ryen som styrar til skulen i Kroken der han arbeidde fram til hausten 1918.

Sist på året i 1918 flytte so Johan Ryen attende til Foss i Sør-Audnedal samstundes som han fekk arbeid som styrar ved amtsskulen på Liknes i Kvinesdal.  Han d. som fylkesskulestyrar på Foss 17.11.1925, medan Katrine Ryen d.

 

 

##### (dødsstaden hennar? – gravlagd Valle i Sør-Audnedal)

 

 

10.9.1952.

 

 

##### (talet på søner og døtrer? – minst ni born!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det er ikkje so mykje som manglar, men kanskje kan det finnast noko litteratur kring utdanningi til Johan, og kanskje finst det ei bygdebok som kan gje supplerande opplysningar?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...

Innlegg #8:

 

Eg ønskjer i dag å gjera ein siste freistnad på å fylla dei siste hòli i biografien til skulestyrar Johan RYEN, som budde i Luster frå 1917 til 1918.

 

Særleg er det spennande å finna ut kva utdanning Johan hadde, kvar kona Katrine døydde og kor mange born dei fekk?  Er dette mogeleg?  Kanskje ei bygdebok for Sør-Audnedal har svari?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #10:

 

Hjarteleg takk til Jarleif for siste innlegget!

 

Eg kan vel ikkje anna gjera enn å vona at ein eller annan kan finna den nemnde utgåva av Flekkefjordposten og fortelja oss kva som står der...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Særleg er det spennande å finna ut kva utdanning Johan hadde, kvar kona Katrine døydde og kor mange born dei fekk?  Er dette mogeleg?  Kanskje ei bygdebok for Sør-Audnedal har svari?

Sør-Audnedal bygdebok 2: Gard og Ætt, side 324:

bilde.png.534697b97e5bfa24e56d089ebb75a4a5.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #14:

 

Hjarteleg takk til Lars J., Tore og Kristian for fleire spennande og nyttige innlegg!  Etter dette er manuskriptet nesten komplett:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Johan Johannesson Ryen, opphavleg frå Karten, Ryen i Tveit, Vest-Agder, var son av gardbrukar Johannes Berentson på Karten, Ryen, opphavleg frå Borgen, og kona Anna Severine Johnsdotter frå Sødal og f. i Tveit 28.9.1862.  Han gifte seg i Sør-Audnedal 29.7.1887 med Katrine Gabrielsdotter frå Roland i Sør-Audnedal.  Ho var dotter av gardbrukar og vegarbeidar Gabriel Gunderson på Roland og kona Rakel Torjesdotter frå Egedal og f. i Sør-Audnedal 2.12.1867.

Johan Ryen tok lærarutdanning

 

##### (detaljar om dette?)

 

og kom som lærar til Sør-Audnedal der han og Katrine busette seg som gardbrukarar på garden Foss.  Sidan var han amtsskulestyrar, mellom anna i Lyngdal, men bustaden var på Foss.

I 1917 kom Johan Ryen som styrar til skulen i Kroken der han arbeidde fram til hausten 1918.

Sist på året i 1918 flytte so Johan Ryen attende til Foss i Sør-Audnedal samstundes som han fekk arbeid som styrar ved amtsskulen på Liknes i Kvinesdal.  Han d. som fylkesskulestyrar på Foss 17.11.1925, medan Katrine Ryen d. som enkje same staden 10.9.1952.  Dei fekk tolv born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Berre spørsmålet om utdanningi til Johan Ryen står no òpe.  Kvar gjekk han lærarskulen?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Innlegg #15:

 

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet i von om at nokon kan hjekpa mneg finna ut KVAR Johan Ryen gjekk LÆRARSKULEN for å få utdanningi si?

 

Det må vel ha vore ein gong på 1880-talet?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg sjekket hva jeg kunne finne om lærerutdanning så tidlig, bare for å få en idé om hvor han kunne ha gått for utdannelse.

 

Quote

Selv om lærerutdanningen har en lang historie, skulle det gå nær hundre år etter at Norge fikk sin folkeskole ved «Forordning om Skolerne paa Landet i Norge» i 1739, før det ble etablert et system med landsomfattende lærerutdanning. Den beskjedne starten var seminaret på Trondenes utenfor Harstad i 1826 som hadde sin bakgrunn i et forslag fra stortingsrepresentant P. W. Deinboll om å etablere et seminar i nord. Mens tidligere lokale initiativ hadde strandet p.g.a. statlig fattigdom, lyktes dette fordi Stortinget gikk med på å bruke fondet etter Seminarium lapponicum som var virksomt i Trondheim fra 1752 til 1774 (Brekke 2000). Senere kom seminarer i landets fem stift, alle på landsbygda, men likevel forholdsvis nær de største byene. Asker seminar utenfor Oslo kom i 1834, Stord sør for Bergen kom i 1838, Holt ved Tvedestrand og Klæbu utenfor Trondheim, begge i 1839 (Dahl 1959).

Quote

. Svært viktig var at loven av 1890 også åpnet for oppretting av private seminarer med eksamensrett etter de samme retningslinjer som offentlige seminarer. Det førte til at initiativrike enkeltpersoner og grupper på politisk og ideologisk grunnlag etablerte en rekke nye private seminarer.

 

https://www.idunn.no/?siteNodeId=1854621

Quote

 Det ble utdannet 445 elever i den perioden seminaret var på Holt. Blant studentene finner vi Jørgen Løvland (1865) Velle Vellesen, Jonas Vellesen, Knud Aukland, Torkell Mauland og Arne Garborg (186870).

Seminaret flyttet til Kristiansand i 1877

https://www.wikiwand.com/no/Kristiansand_l%C3%A6rerh%C3%B8gskole


Siden han kom fra Vest-Agder er det mest sannsynlig at han hadde lærerutdanning fra Kristiansand.  Men jeg har ikke klart å finne belegg for at han faktisk gikk der. Ut fra opplysningene her får man inntrykk av at det ikke fantes private seminarer før 1890, men det er ikke helt riktig i følge denne tråden: http://www.slektsnett.no/slektsforum/viewtopic.php?t=76000

Det befinner seg et arkiv etter lærerutdanningen på Holt/Kristiansand, men for å lete etter ham blant elevene ser det ut som om man må ta en tur på Statsarkivet i Kristiansand. https://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-05000000002314?ins=SAK

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #17:

 

Hjarteleg takk til Inger for nytt innlegg!

 

Det er rett nok nærliggjande å tru at Johan RYEN kan ha fått utdanningi si i Holt/Kristiansand, men det må vel ikkje ha vore slik.  Det høyrest ut som ei tidkrevjande oppgåve å finna svar på dette.  Kanskje vert desse skuleprotokollane ein gong søkbare...?

 

Kanskje er det nokon som har andre tips i denne saki?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.