Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Ellia Olianna Tollefsdotter Vasset, f. Kinn 16.2.1876 - lærar ved Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo kring 1910 - fleire opplysningar?


Recommended Posts

Eg freistar samla lite vetta opplysningar om styrarar og personale som var knytt til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Munthehuset i Kroken i Hafslo 1897-1957, sidan kjend som husmorskulen i Kroken, og eg held fram med denne jenta:

 

Ellia Olianna Tollefsdotter Vasset, fødd i Kinn 16.2.1876, kom før 1910 som lærar til Nordre Bergenhus Amtsjenteskole i Kroken i Hafslo, men me veit ikkje kor lenge ho var der.  Jenta er elles heilt ukjend.

 

Er det nokon som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om denne jenta, opphav og lagnad?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Nummer 2

 

Sogn og Fjordane fylke, Dødsfallsprotokoll nr. 4 (1925-1933), Protokollside
Permanent bilde-ID: sk10611901300060
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk10611901300060
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk10611901300060.jpg
 

Ellia var dotter til Tollef Ellingson f. 27.10.1843 på Tjønneland bnr. 5, Førde, d. 8.61917 på Vasset bnr. 3, Kinn og Ingeborg Kristiansdatter f. 28.8.1939 på Eimhjellen bnr. 4, Hyen, d. 9.10.1923 på Vasset bnr. 3, Kinn.   Kor Ellia enda sine dagar veit eg ikkje.

I notata mine har eg denne lista over barn av Tolleiv og Ingeborg:

 

1866: Monsine Katrine
1868: Kristoffer Elias
1870: Martea Edrea
1872: Ingeborg Oleana (d. 1872)
1873: Ingeborg Oleana
1876: Elia Oleana
1880: Tomasine Andrea

Hjarteleg takk til Gisle, Sven, Leif, Ivar, Torodd og Lars W. for interessante og nyttige innlegg!  Eg er imponert over alt det er mogeleg å finna om desse ugifte jentene, men ein del detaljar manglar framleis.  Kanskje finst det ein biografi ein eller annan stad?  Eller noko som fortel oss om utdanningi hennar?

 

Her er kva eg har snekra i saman om biografien til Olianna so langt:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ellia Olianna, kjend som Olianna Tollefsdotter Vasset, opphavleg frå Vasset i Kinn, var dotter av gardbrukar Tollef Ellingson på Vasset, opphavleg frå Tjønneland i Førde, og kona Ingeborg Christiansdotter frå Eimhjellen i Hyen og f. Kinn 16.2.1876.

Olianna Vasset flytte

 

##### (tidleg liv og utdanning?)

 

Men før 1910 kom Olianna Vasset som «industrilærar» til skulen i Kroken, og her vart ho buande

 

##### (kor lenge?)

 

Olianna Vasset flytte

 

##### (seinare lagnad?)

 

og d. i Eikefjorden i Kinn 4.7.1930.  Ho var ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

  • 4 måneder senere...

Innlegg #9:

 

Eg ønskjer i kveld å gjera ein siste freistnad på å fylla dei siste hòli i biografien til Ellia Olianna VASSET, som før 1910 kom som «industrilærar» til husmorskulen i Hafslo.  Kva utdanning hadde ho og kvar budde ho før ho kom til Hafslo?  Kor lenge var ho i Hafslo og kvar vart ho av?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Innlegg #13:

 

Hjarteleg takk til Sven for nye spennande innlegg om Olianna!

 

Det høyrest ut som ho var sjuk i 1924, og eg trur ho godt KAN vera flytt dit frå Hafslo kort tid før, men eg veit ikkje...

 

Når det gjeld boki referert i innlegg #11, får eg ikkje ho fram hjå meg.  Er det mogeleg å få sjekka ut innhaldet?  Kanskje det står noko om utdanningi hennar og kva år ho var lærar på Evju?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Innlegg #15:

 

Hjarteleg takk til Inger for siste innlegget (som eg diverre ikkje får henta fram) og likeins takk til Sven for boki referert i innlegg #11 over.  Denne siste artikkelen har skaffa meg det meste eg treng av opplysningar om Olianna, so manuskriptet ser no slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ellia Olianna, kjend som Olianna Tollefsdotter Vadseth, opphavleg frå Vasset i Kinn, var dotter av gardbrukar Tollef Ellingson på Vasset, opphavleg frå Tjønneland i Førde, og kona Ingeborg Christiansdotter frå Eimhjellen i Hyen og f. Kinn 16.2.1876.

Olianna Vadseth fekk i ung alder opplæring som handarbeidslærar og arbeidde ved hundreårsskiftet på ein privatskule på Evju i Sandsvær.

Men i 1908 kom Olianna Vadseth som «industrilærar» til skulen i Kroken, og her vart ho stort sett buande fram til 1922.

Olianna Vadset vart sjuk og flytte i 1922 heim att til Eikefjorden i Kinn der ho d. ugift 4.7.1930.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Me kan vel seia at dette er bra komplett, og eg takkar på ny for framifrå bistand!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.