Gå til innhold
Arkivverket

Ein søskenflokk i Hafslo/Indre Sogn tidleg 1700-tal - Ole, Christen, Erik og Aamund Nilssøner og Anna Nilsdotter gift med Lars Iverson - kvar i all verdi var dei ifrå? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Utgongspunktet for denne utfordringi er skiftet etter Ole Nilsson på plassen Titeigen under Kroken i Hafslo frå 7.12.1742:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/24137/96

 

Her er manuskriptet mitt for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Nilsson Titeigen, frå

 

 

     ¤¤¤¤¤ (opphavet hans? - søsken opprekna 1742:

·       Christen Nilsson, fullbror

·       Erik Nilsson, fullbror

·       Aamund Nilsson, halvbror

·       Anna Nilsdotter, fullsøster – gift med Lars Iverson)

 

 

     var f.

 

     ¤¤¤¤¤ (fødestaden hans)

 

     kring 1691 og vart gravlagd frå Titeigen i Luster 1.11.1742.  Han gifte seg i Luster kring 1721 med Britha Simonsdotter frå Einehaugen under Sørheim i Luster.  Ho var f. i Luster kring 1677 og vart gravlagd frå Titeigen i Luster 3.11.1748.  Ole og Britha kom som plassfolk til Titeigen i 1720-åri og budde her levetidi ut.  Me kjenner berre til ei dotter etter dei:

 1. Britha Olsdotter (1724-før 1742).

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg finn ingen gode «kandidatar» for desse søskeni i FT1701 «who jump out at me».  Namni finst fleire stadar, men søskeni deira stemmer ikkje...  Kan Ole Nilsson vera komen over fjellet frå Gudbrandsdalen eller Valdres eller utante kysten?

 

Her er gravferdi hans frå Luster 1.11.1742, 56 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/186

 

Eg ville vorte «hoppande glad» om nokon greier finna ut av denne søskenflokken og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg lyt leggja til at det i 1701 budde ein Ole Nilsson på ein plass under garden Yttri i Fortunssokni i Luster.  Han var f. kring 1691, og lagnaden hans er førebels ukjend.  Han hadde brør Paul og Sjur, og sistnemnde veit me sikkert voks opp og busette seg i Luster, so denne Ole Nilsson kan det ikkje vera.

 

Derimot ser me at det på plassen Titeigen under Kroken flytte inn følgjande person mange år etter at Ole og Britha var avlidne:

 

* Erik Nilsson Titeigen, fødd kring 1707, gifte seg første gongen i Luster 28.10.1731 med ei Britha Andersdotter og sidan i Luster 6.11.1757 med ei Anna Andersdotter, og desse flytte på 1760-talet inn som husmannsfolk på Titeigen under Kroken der Erik døydde 26.7.1776.

 

Men denne Erik Nilsson er vel litt i yngste laget til å vera fullbror til Ole Nilsson, og det var vel berre tilfeldig at ein mann med dette namnet kom til denne plassen...?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.