Gå til innhold
Arkivverket

SF: Skifteregister for Sunnfjord etter 1845?


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

For Sunnfjord finst det ikkje skifteregister for åra etter 1845, verken i skanna eller søkbar form. Eg har sett litt på skifteutlodningsprotokoll D1 1855-1861, og det burde vere ei overkommeleg oppgåve å lage eit søkbart register. Som ein start har eg lagt opplysningane nedanfor inn i eit rekneark.

 

Side Bilde-ID År Nr. Førenamn Etternamn Bustad Kommune
1a sk20081127660003 1855 47 Alexander Martinussøn Skorpen Flora
1b sk20081127660004 1855 48 Klaus Olsøn Kalvøen  
2a sk20081127660004 1855 49 Morten Sjursøn Indre Rexten Flora
2a sk20081127660004 1855 49 Helge Didriksd. Indre Rexten Flora
2b sk20081127660005 1855 50 Otto Nilssøn Myren Bremanger
3b sk20081127660006 1855 51 Gunder Anderssøn Nydal Førde
5a sk20081127660007 1855 52 Eli Jeremiasdatter Segrov Jølster
5a sk20081127660007 1855 52 Anders Anderssøn Segrov Jølster
6a sk20081127660008 1855 53 Johannes Olsøn Gjestdal Jølster
6a sk20081127660008 1855 53 Anne Marie Olsdatter Gjestdal Jølster
9b sk20081127660012 1855 54 Marte Olsdatter Solemsnæs Jølster
10a sk20081127660012 1855 55 John Danielsøn Føgle Jølster
11a sk20081127660013 1855 56 Søren Davidsøn Berge Fjaler
12a sk20081127660014 1855 57 Gjertrud Ludvigsd. Dingemoen Fjaler
12b sk20081127660015 1855 58 Sølvei Olsdtr. Kleppenæs Askvoll
13a sk20081127660015 1855 59 Nils Thorsøn Indestad Fjaler
14a sk20081127660016 1855 60 Ole Ottesøn Førde Førde
15a sk20081127660017 1855 61 Helene Iversd. Leerpold Fjaler
15b sk20081127660018 1855 62 Mons Martinussøn Kvaløsund Flora
16b sk20081127660019 1855 63 Nils?? Ingebrigtsøn Espehaug Jølster
16b sk20081127660019 1855 63 Nils?? Ingebrigtsøn Gjestdahl Jølster
17a sk20081127660019 1855 64 Sofie Salamonsdatter Toneim Flora
18a sk20081127660020 1855 65 Johanne Simonsdatter Heggernæs Jølster
18b sk20081127660021 1855 66 Nils Madssøn Lien  
19b sk20081127660022 1855 67 Peder Brandal Nistad Fjaler
20a sk20081127660022 1855 68 Christiane Salamonsd. Svardal Flora
20b sk20081127660023 1855 69 Johannes Monssøn Syrdal Flora
21b sk20081127660024 1855 70 Anne Karstensd. Hatleset Flora
22a sk20081127660024 1855 71 Henrik Danielsøn Nærøen Flora
23a sk20081127660025 1855 72 Mikal Henriksøn Sælvig Flora
24a sk20081127660026 1855 73 Ole Rasmussøn Langøen Flora
24a sk20081127660026 1855 73 Margrete Henriksdtr. Langøen Flora
24b sk20081127660027 1855 74 Elen Andersd. Sundhordvig Flora
25a sk20081127660027 1855 75 Ole Hanssøn Dversdal Jølster
26a sk20081127660028 1855 76 Jannike Andersdatter Løkeland Gaular
27b sk20081127660030 1855 77 Anders Olsøn Hafstad Førde
27b sk20081127660030 1855 78 Anders Monssøn Svardal Flora
29b sk20081127660032 1855 79 Brite Rasmusdatter Befring Jølster
30b sk20081127660033 1855 80 Anders Pedersøn Johnstad Naustdal
31a sk20081127660033 1855 81 Ole Marqvardsøn Grimsæt Naustdal

 

Det som er litt spesielt samanlikna med dei eldre skifteprotokollane er at det ikkje går fram i kva for tinglag dei ulike gardane ligg. Eg har difor lagt til ei ekstra kolonne heilt til høgre som ein indikasjon på kva for 2019-kommune gardane låg i. Dette kan kanskje vere like mykje villeiande som rettleiande, sidan det eigentleg vert kvalifisert gjetting. Om dette er interessant kan eg evt. bruke 1947-kommunar eller dei gamle tinglaga.

 

Eg lurer på om dette registeret bør vere kjeldetru, eller om gardsnamna bør normaliserast slik som i registeret over skifte 1677-1845. Bør ein skrive "datter" heilt ut eller d./dtr./datter alt etter som det står i kjelda?

 

Er denne malen grei, og har opplysningane i den siste kolonna (kommune) noko som helst interesse dersom databasen skal leggjast ut i Digitalarkivet?

 

Eg er også interessert i å vite om det er andre som er i gang med - og/eller kunne tenkje seg å lage register over desse protokollane, slik at ein ikkje risikerer å gjere det same arbeidet fleire gonger.

 

Sjå elles følgjande tråd: https://forum.arkivverket.no/topic/248363-ynskje-om-skanning-av-skifteregister-for-sunnfjord-etter-1845/

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hei Torbjørn,

 

Først og fremst, flott initiativ!

 

Det beste er nok å bruke 1947-kommuner og/eller O. Ryghs Norske Gaardnavne. Å bruke det prestegjeldet / sognet som står i protokollen, vil også være en fordel.

 

Om mulig, bør nok navna normaliseres. Det er alltid en fordel i registre. Orginalt navn kan evt. legges inn i en kommentar eller annen rubrikk.

 

Malen er fin den! Jeg har tidligere sendt en forespørsel til DA om mal til skiftekortregister, uten å få noe direkte svar. Har brukt Sunnmøre skifteregister mye, som følger en lignende mal som du har brukt over. eksempel. Det er en stor fordel å vite hvilket sogn / prestegjeld gården hører til, ettersom det er nok av "duplikater".

 

Jeg har vurdert å starte på et liknende prosjekt, ettersom min samboer har forfedre fra Jølster og Førde. Jeg kan gjerne bidra, om vi får "godkjent" en mal!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for tilbakemeldinga.

 

Det som er problemet er at det ikkje er nemnt verken prestegjeld, sokn eller tinglag i protokollen, slik at ein evt. må konstruere eit felt som ikkje er der i utgangspunktet. Eg har difor rekna med at dette uansett ikkje vil bli teke med ved utlegging i Digitalarkivet. I nokre få tilfelle er det nemnt at buet eig fast eigedom i eit bestemt tinglag. Eg har no registrert litt over 350 sider, så eg kjem til å registrere resten slik eg har byrja og så får eg evt. gå over ein gong til i ettertid og gjere endringar. Eg er kommen fram til at dersom ein skal ha med ei kolonne som viser (konstruert) geografisk lokalisering bør ein heller bruke tinglaga. Då blir det i samsvar med organiseringa på kjeldetidspunktet, og det er også dette som er brukt i skifteregisteret for Sunnfjord 1677-1845. Det blir også minst gjetting ved å gjere det slik, sidan det er færre tinglag enn kommunar. Det er ofte nemnt namn på lensmannen i skifta, og saman med dei andre namna gjev dette ein god indikasjon på kvar ein er.

 

Eg har elles lagt merke til at mange av skifta er nemnde i gamle aviser, og dersom ein kan supplere med desse på ein effektiv måte vil det der gå fram kva for eit tinglag det er snakk om.

 

Når det gjeld normalisering er jo dette eit "fy-ord" i "nye" Digitalarkivet, der det er lagt vekt på at alle avskrifter skal vere kjeldetru. Eg er einig i at det kan vere meir naturleg med normalisering her, sidan det uansett er snakk om eit register, men dersom ein skal normalisere gardsnamna vil dette kunne innebere ei viss grad av gjetting og dermed opne for feil. Eg saknar ei tilbakemelding på desse problemstillingane frå nokon i Digitalarkivet, men den kan vel la vente på seg i desse ferietider.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 20 (1845-1853), Skifteprotokollside, Side 20b-21a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127650509

 

Det er ofte snakk om den og den si kone. Korleis skal dette registrerast? Skal ein leggje inn begge to, eller skal ein berre registrere hovudpersonen (kona) med merknad om at det er den og den si hustru?

19b sk20081127650508 1846 A. Eli Colbensdr. Oppedal Indre Dale Berent Danielsen Oppedals hustrue
20a sk20081127650508 1846 B. Rognald Berentsen Vigen Indre Dale  
20a sk20081127650508 1846 C. Ole Østensen Oppedal Indre Dale  
20a sk20081127650508 1846 D. Orloug Østensdatter Hestad Indre Dale Hans Hanssen Hestads hustrue
20a sk20081127650508 1846 E. Andreas Olsen Kaarstad Indre Dale  
20a sk20081127650508 1846 F. Mari Østensdatter Lænding Indre Dale Anders Iversen Lændings hustrue
20a sk20081127650508 1846 G. Anders Gundersen Skilbred Indre Dale  
20b sk20081127650509 1846 H. Oline Gundersdatter Furrenæs Indre Dale Ole Monssen Furrenæs’s hustrue
20b sk20081127650509 1846 I. Marte Johannesdatter Furrenæs Indre Dale Thorsten Gundersen Furrenæs’s hustrue
20b sk20081127650509 1846 J. Johannes Larssen Aase Indre Dale  
20b sk20081127650509 1846 K. Johannes Hanssen Myrmel Indre Dale  
20b sk20081127650509 1846 K. !! !! Myrmel Indre Dale Hustrue
20b sk20081127650509 1846 L. Oline Madsdatter Hjelmeland Indre Dale Fredrik Josephsen Hjelmelands hustrue
21a sk20081127650509 1846 M. Ole Østensen Hougsbøe Indre Dale  
21a sk20081127650509 1846 M. !! !! Hougsbøe Indre Dale Hustrue
21a sk20081127650509 1846 N. Lovise Rognaldsdatter Hougsbøe Indre Dale Elias Simensen Hougsbøes hustrue
21a sk20081127650509 1846 O. Anne Sørensdr. Søgnen Indre Dale Axel Anderssen Søgnens hustrue

 

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

For at eg skal gå i gang att med dette treng eg svar frå Digitalarkivet på

 

Skal det brukast noko form for normalisering, eller skal namna skrivast slik dei står?

 

Har det noko interesse å gjette seg til tinglaga når desse ikkje står i kjelda og ein må gjette seg fram basert på gardsnamn og namnet på lensmannen?

 

Skal ein ta med namn på ektemannen når det er skifte etter den og den si kone det og det, og skal desse takast med som eigen post eller berre som merknad om at det er den og den si kone?

 

Ser malen elles grei ut?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei.

Når man skal registrere en skifteprotokoll, så anbefaler jeg at man lage en excelfil for hvert skifteprotokoll

Felter som må være med:

BildeID til den aktuelle siden hvor skiftet starter

Sidetall for skiftet starter

Dato for når skifte er

Tinglag

stilling

fornavn

patronym/etternavn

kjønn

bosted

-- Rekkefølgen på kolonnen er ikke viktig for oss. Vi legger det inn på Digitalarkivet i den rekkefølgen vi trenger det selv. 

 

så var det dette med den og den sin hustru eller barn

Det kan gjøres på 2 måter

1. opprette egne kolonner for pårørende. Da blir det pårørende stilling, pårørende fornavn, pårørende etternavn, pårørende bosted (hvis det står) og pårørende kjønnn

2. å skrive det i den avdødes stilling, f.eks Ole Andersens Hustru. 

 

Det beste å søke i for folk etterpå er jo alternativ 1. 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Renathe-Johanne Wågenes - DA skrev:

Hei.

Når man skal registrere en skifteprotokoll, så anbefaler jeg at man lage en excelfil for hvert skifteprotokoll

Felter som må være med:

BildeID til den aktuelle siden hvor skiftet starter

Sidetall for skiftet starter

Dato for når skifte er

Tinglag

stilling

fornavn

patronym/etternavn

kjønn

bosted

-- Rekkefølgen på kolonnen er ikke viktig for oss. Vi legger det inn på Digitalarkivet i den rekkefølgen vi trenger det selv. 

 

så var det dette med den og den sin hustru eller barn

Det kan gjøres på 2 måter

1. opprette egne kolonner for pårørende. Da blir det pårørende stilling, pårørende fornavn, pårørende etternavn, pårørende bosted (hvis det står) og pårørende kjønnn

2. å skrive det i den avdødes stilling, f.eks Ole Andersens Hustru. 

 

Det beste å søke i for folk etterpå er jo alternativ 1. 

 

 

Takk for svar.

 

Når det gjeld "stilling" er meininga i fyrste omgang å berre lage eit register over hovudpersonane (arvelatar) (evt. pluss pårørande), slik som i registeret for Sunnfjord 1677-1845. Dette for at arbeidet skal vere mest mogeleg overkommeleg. Så får ein evt. ta resten av namna/heile protokollen seinare.

 

Er det rett oppfatta at ein bør prøve å konstruere opplysning om tinglag i registeret trass i at dette ikkje står i kjelda?

 

Bør namna i registeret normaliserast (slik det er gjort i registeret for Sunnfjord 1677-1845), eller skal dei skrivast slik som dei står i protokollen?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.