Gå til innhold
Arkivverket

Elen Johannesdotter Feigum - fødd i Luster i 1833 og konfirmert her i 1848 - nesten heile slekti utvandra til Amerika, men Elen var tydeleg ikkje med dei - kvar vart ho av? - kva med broren Anders i Amerika? - kjempegåter!?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Johannes Jensson og kona Siri Andersdotter (jordmor i Luster), budde i mange år som gardbrukarar på Feigum i Luster til dei i 1862 utvandra til Amerika.  Dei fekk ti born i lag:

 

~~~~~

 

* Jens Johannesson (1823-1875) tok over heimebruket på Feigum, men utvandra med huslyden sin til Amerika i 1869 - budde i Dane Co., WI.

 

* Karen Johannesdotter (1824-1876) gifte seg i Luster, men utvandra med foreldri og mann sin i 1862 - budde i Dane Co., WI.

 

* Martha Johannesdotter (1827-    ), utvandra til Amerika i 1856 og gifte seg i Texas med Peter Brown - budde i Union Co., SD (sjå eit anna tema...)

 

* Anna Maria «Maria» Johannesdotter (1829-1901), gifte seg til garden Dvergedal i Sogndal og budde der.

 

* Anders Johannesson, fødd i Luster 28.5.1831, utvandra til Amerika i lag med søsteri Martha i 1856, men lagnaden hans er ukjend!

 

* Elen Johannesdotter, fødd i Luster 4.8.1833, vart konfirmert i Luster i 1848, men seinare lagnad er heilt ukjend!

 

* Siri Johannesdotter (1835-1909), utvandra til Amerika i 1860 og vart gift med ein enkjemann frå Jølster - dei budde i Pope Co.,. MN

 

* Johanna Johannesdotter (1837-1914), utvandra til Amerika med søskeni Martha og Anders i 1856 - vart gift med ein nabogut frå Feigum i Luster og budde i Dane Co., WI og sidan i Pope Co., MN

 

* Cecilia Johannesdotter (1839-1911), utvandra til Amerika i 1863 - vart gift to gongar og budde i Douglas Co., MN

 

* Nils Johannesson (1843-1909), utvandra til Amerika med foreldri i 1862 og vart farmar i Pope Co., MN

 

~~~~~

 

Denne huslyden inneheld to kjempeutfordringar:

 

** Sonen Anders i Amerika

 

** Dotteri Elen som truleg IKKJE utvandra til Amerika

 

Eg er sjølvsagt svært interessert i å spora opp båe desse søskeni, men vil tru det må vera enklare å finna att Elen i Noreg enn Anders i Amerika??  Eller tek eg feil??

 

Eg takkar so mykje på førehand for kvart einaste vesle spor!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Ivar og Aase for spennande innlegg!

 

Eg spratt i stolen då eg las innlegget frå Ivar.  Denne «kandidaten» såg jo heilt fantastisk ut!

 

MEN, eg har søkt lite vetta i Digitalarkivet og finn denne jenta:

 

* FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052039010246

 

* FT1885: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053257044154

 

* FT1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052721114595

 

* FT1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037252016187

 

Eg har ein sterk mistanke om at dette er emigranten frå 1906 med «perfekt» fødselsdato, og i so fall var ho tydeleg fødd i Solør!?

 

Eller kva meiner de?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå freistnadar på å finna lagnaden til desse søskeni!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #6:

 

Hjarteleg takk til Inge for ei endeleg konkluskon på denne «kandidaten».

 

Då er me «back to square #1»....

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne gåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #8:

 

Som det kjem fram under andre tema, nytta desse søskeni stort sett FEIGUM som ættenamn, men den første perioden etter utvandringi nytta nok fleire av dei JOHNSON.

 

Eg ventar i spenning og takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Muleg det er eg som ikkje har sett lyset - eller er det verkeleg ingen metode til å sjå kven ho reiste saman med?

 

En kan bla om en trykker på datoen over. For å få fram alle, kopierer en utreisedatoen og limer den inn i søkeskjemaet. (La andre rubrikker være tomme.)

 

Alle som dro den dagen fra Oslo:

https://www.digitalarkivet.no/search/3/100096?fornavn=&etternavn=&kjonn=&bosted=&fodestad=&fodselsdato=&fodselsaar=&alder=&stilling_stand=&familiestilling=&aar=&utreisedato=1906-08-24&reisemal=&ankomstdato=&linje=&skip=&agent=&pass=&nytt_yrke=&aarsak=&utreisehavn=&ekspdato=&kontraktdato=&herred=&fogderi=&prgjeld=

Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Anne-Lise Hansen skrev:

 

En kan bla om en trykker på datoen over. For å få fram alle, kopierer en utreisedatoen og limer den inn i søkeskjemaet. (La andre rubrikker være tomme.)

Kva meiner du med å "trykke på datoen over"?  Eg ser ingen klikkbar dato 😞

 

image.thumb.png.4c2a0422b8629c1f44095d851d1a9bde.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ok; om eg trykkjer på det årstalet, får eg dette; eg kan bla til neste og forrige, men ikkje få opp noka oversikt. Beklagar at eg spør, men eg har ofte møtt på dette problemet og ikkje funne vegen rundt det 😞 Før i tida var det så enkelt.

image.thumb.png.a1e9c78b06747c3336ae3e1d127c7331.png

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Anne-Lise Hansen skrev:

 

(...)

For å få fram alle, kopierer en utreisedatoen og limer den inn i søkeskjemaet på nytt. (La andre rubrikker være tomme.)

(...)

 

En må altså gå tilbake til søkeskjemaet og søke om igjen.

 

Emigranter over Oslo 1867-1930: https://www.digitalarkivet.no/search/3/100096

Endret av Anne-Lise Hansen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.