Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Kari Christophersdotter Feigum alias Caroline Farghum (1871-1911) - gift med Phillip L. Bussey (1868-1947) - detaljar om huslyden deira?


Recommended Posts

Dette er endå ein huslyd som eg balte veldig med under vitjingi mi til Amerika i 1982 og som eg berre delvis lukkast i å spora opp.  Den gongen levde endå enkja etter Buford Bussey med ny ektemann Olson i Pueblo, CO, men dit kom eg aldri på min reise, og no er ho nok borte for lengst...

 

Kanskje kan nokon hjelpa meg fylla ut nokre av dei detaljane som framleis manglar?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under:

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

I Philip Bussey sin OBIT står det at fødselsåret er 1868, ikke 1869. Men du har gjerne et godt bevis på at 1869 er korrekt?

 

https://www.newspapers.com/image/359396354/?terms="philip%2Bbussey"

 

image.png.86770d04f3fd42eac41cbd7db4d22ef2.png

image.png.d5030315accd65f071c8ae9c07addc35.png

 

 

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Frank Marton for eit spennande innlegg!

 

Eg har ogso spekulert på fødselsåret til Phillip, og faktisk hadde eg òg 1868, men både dødsattesten hans og Social Security søknaden hans har 1869 og likeins andre kjelder, so eg trur det må vera rett...

 

Einaste sonen hans var avliden fleire år før, men eg tykkjer det likevel er merkeleg at sønesønene ikkje vert nemnde i denne liktalen...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Frank Marton for siste spennande innlegget!  Kjempebra!

 

Det er tydeleg at familiekontakten ikkje var den beste, for eg vart i 1982 fortald at ho framleis levde!

 

Men dette må jo vera ho, og her er ogso Social Security der fødselsdatoen kjem fram.  No spørst det om fødestaden kan stadfestast?  Eg mistenker forresten fødselsåret for å vera eitt år feil...

 

Kanskje ein liktale (obituary) kan finnast?

 

Name: Elsie Olson
Social Security Number: 468-03-0619
Birth Date: 24 Mar 1908
Issue Year: Before 1951
Issue State: Minnesota
Last Residence: 81003, Pueblo, Pueblo, Colorado, USA
Last Benefit: 81003, Pueblo, Pueblo, Colorado, USA
Death Date: Feb 1981

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden til erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Kari Christophersdotter Feigum, f. {i Luster} 22.5.1871,

Caroline Farghum utvandra til Amerika med mori i 1885 og gifte seg i Waterloo, Ia. 13.6.1894 med Phillip L.

 

##### (middle name?)

 

Bussey, f. i Outagamie Co., Wis. 21.3.­1869.  Phillip var smed («blacksmith»), og han og Caroline budde mellom anna i Decorah, Winneshiek Co., Ia. og i Council Bluffs, Pottawattamie Co., Ia., men flytte so til Omaha, Nebr. der Caroline d. ?.2.1911. 

 

##### (exact date of her death?)

 

Phillip heldt fram ei tid som smed («blacksmith»), mellom anna i Oakland, Alameda Co., Cal., men gifte seg 4.10.1922 att Stearns Co., Minn. med Elizabeth Nett, f. i Stearns Co., Minn. 20.4.1877.  Phillip livnærte seg etter den tid som styrar for utleigehusvêre, mellom anna i Detroity, Wayne Co., Mich. og i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men han vart sist på 1930-talet skild frå Elizabeth og d. i Des Moines, Ia. 2.12.1947.  Elizabeth Bussey vart buande i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der ho d. 8.11.1970.  Phillip fekk ein son, som var frå første ekteskapet med Caroline Farghum:

a. Buford Clarence Bussey, f. i Pottawattamie Co., Ia. 29.6.1901, d. i Minneapolis, Minn. 15.1.1940.  Han gifte seg i Minneapolis, Minn. 19.7.1926 med Elsie

 

     ##### (middle name?)

 

     Holem,

 

     ##### (fødd Burnett Co., WI 24.3.1907 el. 1908? – attgift «Mr.» Olson og d. i Pueblo, CO 8.2.1981)

 

     Buford Bussey var arbeidar («laborer»), og han og Elsie budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Dei fekk tre søner i lag.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Citation Information

Web Address

https://www.newspapers.com/clip/21162957/the_courier/?xid=637

Source Information

Title

Newspapers.com - The Courier - 14 Jun 1894 - Page 3

Publisher

The Courier

Publisher Date

14 Jun 1894

Publisher Location

Waterloo, Iowa

Repository Information

Name

www.newspapers.com

 

Screen-Shot-2020-07-11-at-4-24-42-PM.png

 

 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.