Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Gro Hansdotter/Larsdotter - drukna 1737 i Hedalselvi i Valdres - kven var ho? - kvar vart det av son hennar?


Recommended Posts

Dette emnet er ei oppattaking av følgjande tema frå 2017, der innlegg #5 frå Kåre Tofte har overtydd meg om at den sakna Gro Lars/Hansdotter drukna i Hedalselvi i Valdres og ikkje i Gudbrandsdalen: https://forum.arkivverket.no/topic/208215-gro-hansdotterlarsdotter-drukna-1737-i-heidalselvi-i-sel-i-gudbrandsdalen-kven-var-ho-kvar-vart-det-av-son-hennar/?tab=comments#comment-1751999

 

Men diverre har det framleis ikkje lukkast meg å finna ut noko meir om denne jenta, korkje:

 

* Vigsli hennar med Johannes Monsson kring 1724/1725?

 

* Opphavet/Tilknyttingi hennar frå/til Hedalen?

 

* Lagnaden til sonen Lars Johannesson, truleg fødd kring 1726?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle nye tips som kasta ljos over denne kjempeutfordringi!

  • 3 uker senere...

Eg tillet meg i dag å henta fram att dette emnet, som so langt ikkje synest ha hatt nokon appell til lesarane i Brukarforum.

 

I tilknytning til spørsmåli frå innlegg #1 har eg no sett opp følgjande manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Monsson Stokkenæsbøen, opphavleg frå Hæri, var f. {i Luster} kring 1696 og d. truleg som legdelem kring 1760.  Han gifte seg første gongen

 

     ##### (dato og stad for denne vigsli? – Valdres? – kring 1725)

 

     med Gro Hansdotter frå

 

     ##### (eller Larsdotter? – opphavet hennar? – Valdres?)

 

     Ho var visstnok f. kring 1685 og miste livet då ho drukna i Hedalselvi i Sør-Aurdal i Valdres sommaren 1737.  Johannes gifte seg 22.11.1737 att i Luster med Kari Jans­dotter frå Tallehagen under Talle.  Ho var f. kring 1699 og d. truleg òg som legdelem kring 1760.  Johannes Monsson tok over plassen på Gamlebøen kring 1733 og budde truleg her til kring 1745.  Johannes og Kari kom visstnok på legd på den tidi; dei vart nok buande i bygdi, men nett kvar dei hadde tilhald, veit me ikkje.  Derimot kjenner me til tre born etter Johannes; to av dei var frå første ekteskapet, men dessutan hadde han ein son før han vart gift som visstnok vart oppalen hjå faren:

 1. Mons Johannesson (1722-1754), son av Johannes Monsson og ei Britha Larsdotter som ved eit høve vert kalla «betlar», vart husmann på Bøen under Haganes.

 2. Lars Johannesson, f. kring 1726, budde på Bøen under Stokkanes i 1737.

Lars Johannesson ser ut til å vera faren frå bygdi i ung alder, men kvar han tok vegen, er førebels ukjent.

 

##### (lagnaden hans?)

 

 3. NN Johannesdotter (1728-1737), drukna i lag med mori i Hedalselvi i Sør-Aurdal.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Det hadde vore meir enn fantastisk om me kunne finna att opphavet hennar Gro og lagnaden hans Lars, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.