Jump to content
Arkivverket

Framsida: Ynskje om direktelenke til skanna materiale samt lettare tilgang til fleire typar listespesifikke søk


Torbjørn Igelkjøn

Recommended Posts

Framsida til Digitalarkivet hadde tidlegare lenker til mange ulike typar materiale, men vart endra i 2017. Etter dette finn ein under "flere søkeinnganger" lenker til listespesifikke søk for folketeljingar og kyrkjebøker. Andre typar listespesifikke søk (emigrantar, skifteregister osv.) er gøymt vekk på ei side som knapt nokon veit om.

 

Eg har to ynskje når det gjeld framsida. Det eine er at ein får på plass lenker til fleire listetypar. Det er ikkje berre for kyrkjebøker og folketeljingar at det kan vere praktisk med regionale eller globale søk innanfor ein bestemt listetype og eit visst tidsrom, dette er like nyttig for emigrantar, skifteprotokollar osv. Eit eksempel er skifteregisteret for indre Sogn som vart tatt vekk og erstatta med ørten transkriberte skifteprotokollar. Vel og bra, og ved å bruke det listespesifikke søket kan ein søkje i desse under eitt for heile tidsperioden.

 

Det andre ynskjet er ei godt synleg lenke på framsida til spesialinngangen for skanna materiale, http://media.digitalarkivet.no Det har vist seg at sjølv erfarne brukarar ikkje kjenner til denne på grunn av at det manglar lenke på framsida der ein må kunne forvente å finne dette. Korleis skal då nye brukarar vite om at denne sida finst?

Edited by Torbjørn Igelkjøn
  • Like 1
  • Thanks 1
Link to comment
Share on other sites

Hei Torbjørn Igelkjøn,

Tusen takk for gode innspill til forbedringer på Digitalarkivet. Vi tar dette med oss videre inn i arbeidet med å forenkle og gjøre det enklere for brukere og finne frem på nettsiden. Vennlig hilsen Hilde Uthaug, produktleder Digitalarkivet

  • Like 1
  • Thanks 1
Link to comment
Share on other sites

  • 1 month later...

Hei Hilde !

 

Som produktleder på DA, kunne du vurdera å dela «Siste publiserte» i 2-to deler.

 

Ein del som ALLE på DA får sjå.

Og ein del, der kun nokre få får tilgang til.

 

https://www.digitalarkivet.no/source/123967 Kr.Sand folkeregister 1970-79, er det KUN dei som arbeidar i Kr.sand (med 100 års sprrefrist) som får sjå fram til år 2080.

I år 2080 vil eg væra over 120 år, og mest trulig død. Og sidan det er 60 år fram i tid, så er lita nytte for folk flest.

———-

Håpar dette problemet vært teken seriøst av dykk som styrer DA !

 

Med helsing

 

Jon Sværen, Bergen

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Dette vart jo litt utanfor det opprinnelege temaet, men eg er heilt einig med Jon.

 

Det er ein boks der ein kan hake av for å sortere vekk fullstendig sperra kjelder. Om ein hakar av der får ein likevel opp f.eks. denne kjelda der alle sidene er sperra:

https://media.digitalarkivet.no/rg/contents/130391

 

Dersom ein hadde mogelegheit til å sortere vekk kjelder som dette ville problemet ha vore løyst.

Link to comment
Share on other sites

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.