Jump to content
Arkivverket

Wilken Olson - fødd i Luster 1764 - miste livet i dansk hærteneste i 1789, men kvar skjedde dette?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Eg har i mange år spekulert på lagnaden til denne unge soldaten frå Luster, Wilken Olson.

 

Opplysningi om dødsfallet dukka opp i følgjande skifte: https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000129803

 

Men her følgjer eit manuskriptutdrag for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Wilkenson Hagenæs, frå Kyrkjeteigen under Bollingberg, vart døypt ?.5.1737 og vart gravlagd frå Haganes 28.3.1766.  Ole kom til Haganes ved at han 19.6.1764 gifte seg med enkja etter føregåande brukar, Anna Johannesdotter.  Ved skiftet etter Jens Tollefson slutta 21.9.1763 vart luten som han året før hadde kjøpt i Haganes, utlagd for gjeld til Torbjørn Olson i Åsen, men 26.10.1764 kjøpte Ole Wilkenson att den parten etter at han dagen før hadde fått bygselsbrev hjå Gerhard Daae på den halve laupen smør som prestebolet åtte i bruket.  Ole dreiv så bruket til han fall ifrå i 1766.  Enkja gifte seg sidan att nok ein gong med Anders Daniel­son (1742-1794), som sidan vart gardbrukar i Kalhagen (s.d.).  Ole og Anna fekk ein son i lag:

 1. Wilken Olson, døypt 4.11.1764, miste foreldri sin i ung alder og voks opp hjå Otto Grov i Jostedalen.

Kring 1785 reiste Wilken Olson ut som soldat, men våren 1789 sette han livet til under krigsteneste i den danske hæren, uvisst kvar.  Han var ugift.

 

##### (lagnaden til Wilken Olsen – kvar døydde han??)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Kanskje nokon er betre til å tolka skiftet enn meg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Det står vitterlig "kongen krigstjeneste" i skiftet. Wilken Olsen må da ha deltatt  og mistet livet (meste trolig av sykdom) under den korte krigen mellom Danmark-Norge og Sverige i 1788 - "Tyttebærkrigen". Det døde nesten ingen under det norske innfall i Båhuslen, men ganske mange av sykdommer utpå feltlasarettene i Fredrikstad,

 

De bergenhusiske regimentene deltok i felttoget, og Wilken må vel ha vært med i dette.

 

 

https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Tyttebærkrigen

https://www.nb.no/nbsok/nb/c6bd64d1a594edbc09f7529c0ae2d1b2?lang=no#0

 

 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.