Gå til innhold
Arkivverket

Erik Pederson Høyeim alias Erick P. Hoium - fødd i Luster 1864 - utvandra 1886 - reiste frå kona si kring 1909, men kvar vart det av han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Utfordringi kring Erik Pederson Høyeim alias Erick P. Hoium, fødd i Luster 1864, har det vore jobba med sidan tidleg på 1980-talet.  Eg har vore i kontakt med fleire etterkomarar som meiner å vita at Erik skal ha busett seg i Fargo, ND, men han var jarnbanearbeidar og kan godt ha vore ulike stadar på anleggsarbeid...  Siste kjende bustad frå FT1910 var i Codington Co., SD.

 

Kanskje finst det jarnbanekjelder som kan bidra med meir?

 

Kanskje det vil dukka opp ein liktale (obituary) ein eller annan stad...?

 

Eg manglar òg ein dødsdato for ein av sønene...

 

PS: Erik må ikkje forvekslast med ein annan Erik Hoium som budde i Pope Co., MN.  So vidt eg hugsar var han frå Fresvik i Sogn!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for «vår» Erik:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Erik Pederson {Høyeim}, f. {i Luster} 21.5.1864.

Erick P. Hoium utvandra til Amerika i 1886 og gifte seg i Lac qui parle Co., Minn. 2.11.1894 med Anna Endresdotter frå Kleven, Leirmo (bnr. 2), i Amerika kjend som Anna Laremore.  Ho var f. i Jostedalen 18.9.1865 og utvandra til Amerika i 1891.  Erick var jarnbanearbeidar («railroad worker»), og han og Anna budde i Marietta, Lac qui parle Co., Minn.  Men kring 1909 flytte Erick til South Shore, Codington Co., S.D., og

 

 

##### (1910 census: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9TXN-944S

 

 

##### (supposedly later resided in Fargo, Cass Co., ND – further info? – biography? – date and place of his death?)

 

 

Anna Hoium vart buande i Marietta, Lac qui parle Co., Minn., men d. i Fergus Falls, Minn. 13.7.1957.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Cora Hoium, f. i Lac qui parle Co., Minn. 1.7.1895, d. i Madison, Minn. 3.8.1979.  Ho gifte seg i Lac qui parle Co., Minn. 26.11.1919 med Henry William Kostad, f. i Lac qui parle Co., Minn. 11.2.1896.  Han d. i Madison, Minn. 17.11.1962.  Cora og Henry farma i Maxwell township, Lac qui parle Co., Minn. og fekk fire born i lag.

b. Edward Hoium, f. i Lac qui parle Co., Minn. 2.8.1897, d. i Madison, Wis. 5.1.1986.  Edward gifte seg i Clear Lake, S.D. 1.7.1925 med Martha Helena Croymans.  Ho var f. i Deuel Co., S.D. 11.1.1905 og d. i Dawson, Minn. 7.4.1994.  Edward Hoium var jarnbanearbeidar («railroad worker»), og han og Martha budde i Marietta, Lac qui parle Co., Minn.  Dei fekk elleve born i lag.

c. George Hoium, f. i Lac qui parle Co., Minn. 12.4.1899, d. i Rolette, N.D. 31.8.1950.  Han gifte seg i Lac qui parle Co., Minn. 8.2.1921 med Elizabeth Lucy Franz, f. i Hutchinson Co., S.D. 24.3.1898.  Ho d. i Rolette, N.D. 24.8.1980.  George og Elizabeth Hoium farma i Rice township, Rolette Co., N.D. og fekk seks born i lag.

d. Effie Amalia Hoium, f. i Lac qui parle Co., Minn. 1.9.1900, d. i Rochester, Minn. 22.11.1969.  Effie gifte seg i Miller, S.D. 23.2.1924 med Henry William Onken, f. i Whiteside Co., Ill. 6.6.1885.  Han d. i Hot Springs, S.D. 1.11.1976.  Effie og Henry Onken farma nær Highmore og Harold, Hyde Co., S.D. og fekk åtte born i lag.

e. Thomas Hoium, f. i Lac qui parle Co., Minn. 19.7.1902, d. i Lac qui parle Co., Minn.

 

 

     ##### (exact date of Thomas’ death?)

 

 

     .3.1906.

f. Anne Marie Hoium, f. i Lac qui parle Co., Minn. 13.10.1903, d. i Delta, Colo. 13.1.1999.  Anne gifte seg første gongen i Telluride, Colo. 4.11.1927 med Charles Joseph Fancher.  Han var f. i Silverton, San Juan Co., Colo. 15.10.1895 og d. i Kansas City, Ks. 4.2.1968.  Anne var sjukepleiar («nurse»), medan Charles var gruvearbeidar («mine crusher operator and assayer»).  Dei budde i Telluride, San Miguel Co., Colo., men vart skilde i 1946.  Anne gifte seg att i Durango, Colo. 18.8.1950 med Alva Ray Adams.  Han var f. i California Mesa, Delta Co., Colo. 8.2.1888 og d. i Cory, Colo. 4.11.1970.  Alva Adams var ranchar («stockman»), og dei budde i Cory, Delta Co., Colo.  Anne fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet.

g. Thomas Hoium, f. i Lac qui parle Co., Minn. 4.6.1906, d. i Moorhead, Minn. 21.3.1937.  Han gifte seg i Madison, Minn. 14.2.1928 med Christine Pauline Levang, f. i Marshall Co., Minn. 12.2.1909.  Ho d. i Osakis, Minn. 24.4.2009.  Thomas Hoium var mekanikar («mechanic»), og han og Christine budde i Moorhead, Clay Co., Minn.  Som enkje gifte Christine seg 28.8.1943 att i Moorhead, Minn. med enkjemannen Leo Elroy Hart.  Han var f. i Sac Co., Ia. 25.5.1896 og d. i Osakis, Minn. 19.3.1963.  Han hadde før vore gift med Myrtle Lucille Dann.  Leo var postbod («mail carrier»), og han og Christine budde i Fargo, Cass Co., N.D. til dei i 1951 flytte til Osakis, Todd Co., Minn.  Christine fekk to døtrer, som båe var frå første ekteskapet hennar med Thomas Hoium, medan Leo Hart hadde fem born i første ekteskapet sitt.

h. Oscar Hoium, f. i Lac qui parle Co., Minn. 29.6.1908, d. i Dawson, Minn. 26.6.1992.  Oscar gifte seg i Canby, Minn. 24.12.1946 med Erma Maxine Shaw, f. i Lac qui parle Co., Minn. 30.9.1921.  Ho d. i Dawson, Minn. 11.6.2009.  Oscar var mekanikar («mechanic»), og han og Erma budde i Nassau, Lac qui parle Co., Minn.  Dei fekk sju born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.