Gå til innhold
Arkivverket

Historiske kart over Kina?

Recommended Posts

Hei,

Eg lurer på om Arkivverket har nokre historiske kart over Kina (sjå gjerne nedanfor for ei presisering om kartane eg er på jakt etter). Bakgrunnen for dette spørsmålet: Eg har delteke i eit seminar om historisk kinesisk kartografi og har høyrt at nokre europeiske land av ymse grunnar har samla historiske kart over Kina, t.d. Storbritannia, Tyskland, Sverige og Danmark. Her er eit døme frå British Library:

http://vll-minos.bl.uk/reshelp/findhelpregion/asia/china/guidesources/chinatrade/large14115.html

Eg er nyfiken på om også Noreg har nokre historiske kinesiske kart. Det hadde vore kjekt å få eit svar, sidan eg som er kinesisk og student i namnegransking, er interessert i kart og gjerne vil bidra til å kartleggja historiske kinesiske kart i Norden.

Takk!

Beste helsing

Wen 

Ei presisering om kartene eg er på jakt etter: 

- dei kan vera produserte i Europa eller i Kina og tekne til Europa

- dei er produserte før 1900 (men kart frå  litt seinare tid er også velkomne)

- dei kan vera originaltrykk eller masseproduserte trykk

- dei dekkjer fyrst og fremst Kina i form av lause kart eller bøker: Det kan vera heile landet, ein region eller ei bygd (eigentleg nesten kva som helst). 

Endret av Wen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

eg er ikkje Arkivverket ... men lell:

Du må kanskje avgrense spørsmålet litt tydelegare:

 - er trykte atlas over verda, Asia, aust-Asia e.l. med i spørsmålet, eller berre bøker/lause kart som  først og fremst dekkjer Kina?

 - kva er historisk? (før 1800? før 1900? før 2000?)  

 - spør du først og fremst etter eineståande verk/originaltrykk eller også masseproduserte trykk?

Eg har eit verdsatlas frå 1978. Kina er med. For nokon studentar er 1978 frykteleg lenge sidan.... (altså "gammalt, "historisk", "fossilt")

Og så har eg eitt frå 1964. Då har eg vel også ei "samling". 

Men det er kanskje ikkje noko sånt du spør etter...

Den største samlinga av eldre kart i Noreg er sannsynlegvis på NTNU-biblioteket.  https://www.ntnu.no/ub/spesialsamlinger/kart

Du kan søkje i databasen der, eller kontakte dei med spørsmål.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

51 minutter siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Takk skal du ha, Ivar. Eg har no skrive litt meir om kva for kart eg er på jakt etter. Eg skal spørja NTNU-biblioteket. 

Eg har teke kontakt med kartsenteret til Nasjonalbiblioteket. Det dei har av eldre kart som viser Kina finst først og fremst i europa-produserte verdensatlas. Dei eldste av dei er frå slutten av 1500-talet. Det er fyrst atlasane frå 1600-talet som har meir enn berre oversiktskart over Kina.

No ventar eg på svar frå etnografisk samling ved Kulturhistorisk museum i Oslo. 

Er det nokre andre institutt i Noreg som eg kan også høyra med? 

Endret av Wen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi ber alle brukarar om å ha både for- og etternamn med i visningsnamnet sitt. Bruksanvisning for korleis endre visningsnamn:

https://www.digitalarkivet.no/content/change-display-name

Eg kjenner ikkje til slike kart i våre arkiv. Eg vil tru at det er helst unntaksvis at dei vil finnast. Du kan prøve å leite på Arkivportalen.no

KODE (kunstmuseum i Bergen) har ei eiga Kinasamling. Mest truleg er det kun gjenstander den omfattar. Men du kan spørje dei om der skulle finnast kart: https://kodebergen.no/artikkel/kinasamlingen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 timer siden, AnitaRiise (Statsarkivet Bergen) skrev:

Vi ber alle brukarar om å ha både for- og etternamn med i visningsnamnet sitt. Bruksanvisning for korleis endre visningsnamn:

https://www.digitalarkivet.no/content/change-display-name

Eg kjenner ikkje til slike kart i våre arkiv. Eg vil tru at det er helst unntaksvis at dei vil finnast. Du kan prøve å leite på Arkivportalen.no

KODE (kunstmuseum i Bergen) har ei eiga Kinasamling. Mest truleg er det kun gjenstander den omfattar. Men du kan spørje dei om der skulle finnast kart: https://kodebergen.no/artikkel/kinasamlingen

Takk skal du, Anita! 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.