Gå til innhold
Arkivverket

Sole i Eggedal - Ætti til gardbrukar Halvor Torstenson (1585-1674) - er det nokon som kjenner til denne huslyden og opphavet deira? - oppslag i bygdeboki for Sigdal og Eggedal?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ein av forfedrane mine var:

 

Mikkel Halvorson, gardbrukar på Oppen i Norderhov (1635-1683).  Han var son av

 

Halvor Torstenson, gardbrukar på Sole (1585-1674), og kona Kari Haagensdotter frå Båsum.  Halvor var son av

 

Torsten Bjørnson, gardbrukar på Sole (1553-1627), og kona Aase Reiersdotter frå ??.  Torsten var son av

 

Bjørn Evenson, gardbrukar på Sole (1525-1558), og kona Turi Narvesdotter frå Kopseng.

 

Bjørn skal ha vore frå Sole, og ancestry.com har nokre fantasifulle forslag kring opphavet til faren Even....

 

Er det nokon som kjenner betre til denne ætti og som kan bidra med supplerande opplysningar, kan henda frå bygdeboki for Sigdal og Eggedal, som eg ikkje har tilgjenge til...?

 

Ikkje berre er Halvor Torstenson den agnatiske forfaren til min oldefar, Colbjørn Olson, gardbrukar på Narverud i Norderhov (1838-1910), som ættar frå sonen Mikkel, men eg har dessutan ei linje i slekti mi som fører attende til sonen Reier, gardbrukar i Omlia i Eggedal, to linjer som fører attende til sonen Narve, gardbrukar på Veme i Norderhov, og heile tre linjer som fører attende til dotteri Aase, gardbrukarkone på Kopseng i Eggedal.  Eg ser soleis på Halvor Torstenson Sole som eit slag «superspreiar» av etterkomarar.  Det er berre so merkeleg at eg har so store vanskar med å finna 100% agnatiske etterkomarar etter denne ætti!

 

Eg syner til dette emnet der eg tek opp spørsmålet kring ein DNA-analyse av denne slekti: https://forum.arkivverket.no/topic/257125-agnatisk-etterslekt-etter-erik-olson-narverud-1823-og-haagen-erikson-narverud-1801-frå-norderhov-leiting-etter-nolevande-mannlege-etterkomarar-for-dna-analyse/

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #2:

 

Eg har googla lite vetta i Brukarforum og kom over dette emnet frå 2012 der denne ætti òg vart drøfta: https://forum.arkivverket.no/topic/177108-hem-var-moren-til-torstein-bjørnsen-sole/?tab=comments#comment-1509707

 

Mellom anna vert det reist tvil om kven som var kona til Bjørn Evenson på Sole, og det vert òg hevda at Aase Reiersdotter skulle vera frå Hoffar (kvar no enn det er...).

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan være du vil ha nytte av en artikkel i "Gjallarhorn Tidsskrift for Slektshistorielaget Vestfold- Buskerud" nr. 11 (1993) artikkelen Kort om Sole-slekta i Eggedal. Der tas ei gren av Reier Halvorsen Omlis (sønn av Halvor Sole) slekt tilbake til midt på 1400-tallet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Jan for eit interessant innlegg!

 

Denne artikkelen i «Gjallarhorn» er òg nemnd i emnet frå 2012, men er det nokon som kan fortelja meg KVAR eg kan få tak i ein kopi av denne?  Eg bur i Tyskland...

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bjørn Eivindsson Sole var gift to ganger, først med Siri Torsteinsdotter fra Sole. Det er i det ekteskapet som Torstein ble født. 

 

Tb. 10/6 1670, fol. 43: Retten var samlet ved den lange myren ved Haugefrisåen. Halvor Sole kranglet da med naboene angående grensene mellom Sole, Haga og Foss. Reidar Halvorsen på Omli hadde på sin far Halvor Soles vegne stevnet Ola Hage, Pål Haga, Guttorm Haga, Bjørn Foss og Bjørn Hagevoll, da han mente at de hadde hugget på hans eiendom. I denne saken la Reidar Omli frem et gammelt pergamentsbrev for å bevise sin fars hjemmel. Dette var datert Hamre i Eggedal 1459:

 

"Alle Manum, Som dete Breff Seer eller høere helssuer Mer Biørenn halluorsenn, och torder Euindsen Laugreterssmend Kunde Gud och sine Mer willum Jde Kundigt Giøre, Att mee varum, Aa hamerum J Egedall, i Hofflandtz sougenn, Manndagen Nest for Botolffs Messe: dag, Anno Domnj som for[ne]: staar, hørdum och sagen, a hannder {bang} bannd, diere, aff Enne halffuoe torgier Asslachsonn, en aff Andere, halffoue, Torgier Giermundtz, med dj schellorde, Att torgier Aslachsenn, haffde Soldt torgier Giermundgs, hallfue lefliedenn gardenn Baade, och alle Omlidenne Gaardene, och i stopelien i hønsonue, och Alt omelj Kiendit och halff GrendKiendet Och hagefrisse\aaen/ Ad Toless Aaen, med Luteum och Lundeum, Som tilleger och leget haff: fra forne Och Nya, frelst och Hiemellt for Hueren Manndum och Alle Aukesløss, for hueris matuindomb, kiendes och torgier Aslachsen, med same handerbanne, Att hand haffde opbort første penge och øffste, th Alle dj dere Imellum, till mere Vese, och sandingen henge Jeg Torgier Aslaksenn, mit Jndsegelle med tuende gode Mends Jndseiler, for dette breff och dage och Aar som for siger".

 

Saken fortsatte på Haugan tingstue i Sigdal 20. september 1670, fol. 71. Reidar Omli sa da at han ville gjøre sin "ætleg", som etter hans far Halvor Solums ord var som følger: "Torgier Germendsen som Kiøbte Godtzet hannd var fader till hallKind Moenn, hannd haffde enn sønn hede Kitell, Kitell haffde en Sonn hede tostenn som Bode paa Solum, tostenn haffde en daatter hede Sirj, Sirj haffde enn Sønn hede tostenn, som ehr halluor Sulumss fader".
 

I 2. ekteskap med Tynni Narvesdotter fra Kopseng hadde Bjørn Eivindsson etter alt å dømme en datter Gjertrud: I 1598 makeskiftet Bjørn Bjørnsen på Gunhildgard i Ål bort 1 fj. i "Tossangen" og Støvern og 2 sett. i Øverby i Holmen sogn til Torgeir Mattisen, mot 1 hud i Skaga i Gol som Torgeirs kone Gjertrud (nok Bjørnsdatter) hadde arvet etter moren Tydni (Narvesdotter). (Etter gårdshistorien for Nes, bd. II).

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvis du ikke har "låst" deg til Narverud, er jeg ganske sikker på at det nok finnes nålevende mannlige etterkommere fra Sole flere steder i Buskerud, kanskje andre steder også.

 

Blandede linjer er det i hvert fall veldig mange av. Selv stammer jeg fra Halvor Torsteinsens barn Helge Halvorsen Bjøre, Reidar Halvorsen Omlia, Mikkel Halvorsen Oppen og Helge Halvorsdatter g.m. Iver Christoffersen Nordre Gren i Krødsherad. De ender alle opp i mitt oldeforeldrepar fra Drammen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Bjarne og Svein Arnolf for nye spennande meldingar!

 

Eg vil sjekka korleis eg kan få tak i det nemnde heftet av Gjallarhorn.

 

Elles er jo denne ættetavla frå Sole svært interessant.  Ættelinja på Sole ser altso slik ut:

 

1. Torger Gjermundson på ???

2. Hallkjenn Torgerson på Moen

3. Kittel Halkjennson på ???

4. Torsten Kittelson på Sole

5. Siri Torstensdotter gift med Bjørn Eivindson på Sole

6. Torsten Bjørnson på Sole

 

Eg har sjølvsagt ikkje binde meg opp til Narverud, men må berre slå fast at det tydeleg ikkje finst agnatisk etterslekt etter nokon av bøndene på Narverud!

 

Men kanskje finst det nokon i Eggedal eller andre stadar?

 

Eg er forresten framleis ganske so nysgjerrig på opphavet til Bjørn Eivindson på Sole?  Han vart jo tydeleg gift til garden, men kvar budde foreldri hans?

 

Ein ny kjempetakk for framfrå bistand i freistnadane på å finna avstammingi til denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Under Bekkjorden i Flesbergboka, Bind IV, er det litt mer omkring denne slekten på Sole.

 

"I 1571 hadde han (Kittil Helløvson Bekkjorden) kjøpt 3 kyrlag i Bekkjorden og 1 1/2 kyrlag i Mørk av Lars Toreson Mykkestu i Uvdal, og i 1590 1/2 kyrlag i Bekkjorden av den samre. I 1598 hadde han bytt til seg 1 1/2 kyrlag i Bekkjorden og 4 kyrlag i Sole i Eggedal mot 5 1/2 kyrlag i Teigen og Hamre. Vi veit ikkje om det au dennen siste gongen var Lars som Kittil handla med, men vi ser i alle høve at Lars hadde eige her i Bekkjorden. Lars nemnas som lensmann oppi Uvdal, og var da gift med Barbru Olsdotter. Truleg var det ho som hadde arva jord her og hadde slekt herifrå. Ho var syster til Gunne Olsdotter, gift med Olav Gunnarson Storemoen i Rollag, og visst au til Rønnev Olsdotter, gift med Gunnar Areson. Dessan Olsdøtrane hadde eige i Sole. Det ser ut til at dei var døtrar etter Olav Taraldson og Aslaug Kittilsdotter, som visst hølde til i Rollag, møllom anna på Storemoen og Landsverk, og som løste odelen til Søre Fekjan og selte det Olav åtte i Søre Følsås.

Vidare var vel Aslaug dotter til Kittil Hallkjellson (nemnt i deilesaka i Ligrenda i 1542, jfr. at borna til Gunne Olsd. i 1615 hadde eige i Ånestad og Gjømle, jfr. Kittil Moen, nemnt i skattelista frå 1560), han igjen son til Hallkjell Torgeirson Moen (Storemoen), og han son til Torgeir Gjermundson, som kjøpte begge Lauvligardane, alle Omligardane og meire jord i Eggedal i 1459. Rønnøv og Gunnar bytte i 1570 bort 8 kyrlag i Sole til Bjørn Eivindson og Tønni Narvesdotter, og Lars og Barbru bytte i 1593 bort 4 kyrlag i Sole til Olav Storemoen og Gunne Olsdotter (som kvitta seg med det att, bytte det kanskje bort til Kittil Bekkjorden i 1597? Det nemnas ikkje noko jord i Sole ved skiftet etter Olav og Gunne i 1643). Kjeldur: Diplom i Riksarkivet, datert 24/11 1593. Brev i Riksarkivet, Kjeldeskriftavdelingen, datert 15/5 1580. Diplomatarium Norvegicum bd.10 nr.698, bd.11 nr.738, bd.15 nr.563 og bd.15 nr.613. Bygdeboka for Sigdal og Eggedal bd.3 s.931. Gjallarhorn nr.11 1993: Kort om Sole-slekta i Eggedal"

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 15.10.2020 den 7.17, Svein Arnolf Bjørndal skrev:

 

Tb. 10/6 1670, fol. 43: Retten var samlet ved den lange myren ved Haugefrisåen. Halvor Sole kranglet da med naboene angående grensene mellom Sole, Haga og Foss. Reidar Halvorsen på Omli hadde på sin far Halvor Soles vegne stevnet Ola Hage, Pål Haga, Guttorm Haga, Bjørn Foss og Bjørn Hagevoll, da han mente at de hadde hugget på hans eiendom. I denne saken la Reidar Omli frem et gammelt pergamentsbrev for å bevise sin fars hjemmel. Dette var datert Hamre i Eggedal 1459:

 

"Alle Manum, Som dete Breff Seer eller høere helssuer Mer Biørenn halluorsenn, och torder Euindsen Laugreterssmend Kunde Gud och sine Mer willum Jde Kundigt Giøre, Att mee varum, Aa hamerum J Egedall, i Hofflandtz sougenn, Manndagen Nest for Botolffs Messe: dag, Anno Domnj som for[ne]: staar, hørdum och sagen, a hannder {bang} bannd, diere, aff Enne halffuoe torgier Asslachsonn, en aff Andere, halffoue, Torgier Giermundtz, med dj schellorde, Att torgier Aslachsenn, haffde Soldt torgier Giermundgs, hallfue lefliedenn gardenn Baade, och alle Omlidenne Gaardene, och i stopelien i hønsonue, och Alt omelj Kiendit och halff GrendKiendet Och hagefrisse\aaen/ Ad Toless Aaen, med Luteum och Lundeum, Som tilleger och leget haff: fra forne Och Nya, frelst och Hiemellt for Hueren Manndum och Alle Aukesløss, for hueris matuindomb, kiendes och torgier Aslachsen, med same handerbanne, Att hand haffde opbort første penge och øffste, th Alle dj dere Imellum, till mere Vese, och sandingen henge Jeg Torgier Aslaksenn, mit Jndsegelle med tuende gode Mends Jndseiler, for dette breff och dage och Aar som for siger".

 

Svein Arnolf,

 

Vel samme brev tidligere trykt, men da ikke etter versjonen i tingboken (DN XVIII, nr. 78. Den 11. juni 1459?): https://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=15435&s=n&str=

 

Mvh Are

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #11:

 

Hjarteleg takk til Odd og Are for nye spennande innlegg om denne ætti.

 

I mellomtidi har eg òg motteke frå Salt Lake City, UT ein kopi av artikkelen i Gjallarhorn frå 1993.

 

So vidt som eg forstår, handlar dei fleste av desse gamle brevi og artiklane om morsætti til Torger Bjørnson på Hole, og der er det mykje spennande å «grava» i, men eg finn ikkje noko meir om opphavet til Bjørn Eivindson (fødd kring 1525) som tydeleg gifte seg til Sole, men som kanskje hadde opphavet sitt frå ein annan stad...?

 

Eller er det noko eg har misoppfatta?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å identifisera denne ætti!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 23.10.2020 den 8.54, Are S. Gustavsen skrev:

 

Svein Arnolf,

 

Vel samme brev tidligere trykt, men da ikke etter versjonen i tingboken (DN XVIII, nr. 78. Den 11. juni 1459?): https://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=15435&s=n&str=

 

Mvh Are

 

Nei, det ser ut til at de har brukt to defekte domsakter av 1692-93, altså senere enn 1670, der jeg fant det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Innlegg #13:

 

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Svein Arnolf for siste innlegget!

 

Eg tillet meg i dag å henta fram att dette emnet med oppattnying av spørsmålet kring opphavet til Bjørn Eivindson på Sole.  Har det vore forska på denne gåta?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Hei Lars,

I am also a direct male descendant (agnatiske) of this Bjorn Eivindsen Sole.

I am a 4th generation Australian from my great-grandfather who lived in Lier near Drammen and came to Australia in 1911.

I am discovering extra information from what has been provided in this forum about the history of the Sole farm.

It is good to discover other descendants of Bjorn Eivindsen.

Regards,

Chris.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Thank you Anne-Lise for the information about Lars.

That sounds very sad. It sounds like he was a wonderful contributor to the forum.

I only check into the forum very occasionally as it's difficult for me to translate the Norwegian.

 

Do you know anything about this 'Gjallarhorn' mentioned above?

It looks like an historical document but what language is it written in?

Am I correct that it contains an early history of the Sole farm?

Thank you.

Chris.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.