Jump to content
Arkivverket

Elling Ellingson og Brita Arnesdtr Straumsnes i Leikanger i Sogn, kvar kom dei frå?


Anne Marie Bøtun Øyri

Recommended Posts

Anne Marie Bøtun Øyri

Elling Ellingson var 47 år i folketeljinga i 1815 og budde då med familien på Straumsnes. Han skulle difor vera fødd ca 1768.

Kona Brita var då 30 år, altså fødd ca 1785.

Far til Elling var truleg Elling Ingebrigtsen Otternes (1724-1780) og mora Herborg Olsdtr. Stegen (1731-1773). Dei budde truleg på Stegen og seinare Underdal.

Brita Arnesdtr. veit vi ikkje noko om opphavet til.

Kanskje har dei gift seg i Aurland rundt 1804 sidan eldste sonen er fødd i 1805. Men kven var Brita og kvar kom ho frå?

 

Elling i 1801

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058395000087

Dei budde på Onstad i Aurland i 1805

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000010452161

Straumsnes i 1815

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051239002391

 

Skifte etter Elling

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000529155

 

Mvh

Anne Marie Øyri

Link to post
Share on other sites
Lars Johannessen

I skifte etter Arne Rognaldsen Linde i 1804 er Brithe oppført som umyndig datter, 19 år.

https://media.digitalarkivet.no/view/24172/291

 

Ser at Balestrand 1: Ættesoge; (s. 491) oppgir at Brithe Arnesdtr Linde, dvs datter av Arne Rognaldsen var gift med Elling Ellingsen Straumsnes, og at Arne Rognaldsen døde før 1804. https://www.nb.no/items/b25c643ce05876d3f9febc513333d368?page=513&searchText=kvamsøy

 

Edited by Lars Johannessen
Link to post
Share on other sites
Anne Marie Bøtun Øyri

Kanskje er det dotter til Arne Rognaldsen som gifte seg i 1805 med Johannes Olson Quame?

Men kven var då Brita Arnesdtr Linde som gifte seg med Elling Ellingsen i 1803??

Syns det verkar rart med så like namn.

Link to post
Share on other sites
Inge Nygård

Ein skal vere forsiktig med å utelukke noko p.g.a. at ein ting talar imot dette. Eg for min del trur at foreldra til Brita Arnesdtr. gift med Elling Ellingsen var Arne Rognaldsen og Brita Pedersdtr.

Dette går fram av skiftet etter Rognald Arnesen Linde i 1813. Der vert mora Brita Pedersdtr. nemnt, m.a. ilag med Rognald si søster "Brithe Arnesdtr. gift med Elling Ellingsen Strømsnæss": https://www.digitalarkivet.no/sk20081125640050

Link to post
Share on other sites
Anne Marie Bøtun Øyri

Det ser iallfall ut til at ho som gifte seg på Straumsnes er dotter til Arne Rognaldsen og Brita Pedersdtr.

Men merkeleg at ho stod som umyndig dotter i 1804, ektemannen burde vel i tilfelle vera formyndar? 19 år i 1804 tilseier at ho er fødd i 1885, noko som stemmer med folketeljinga i 1815 då ho er 30 år.

Ho døydde hos dottera på Huke på Leikanger i 1868, alder oppgitt til 84 år. 

 

Men kven var Johannes Olson Quame som skulle gifta seg med Brita Arnesdtr Linde i 1805? Finn ein han att i td teljinga i 1815?

Link to post
Share on other sites
Lars Johannessen

I bygdeboka er det oppgitt at Johannes Olsen og Brita Arnesdtr ble viet i 1800. Vielsen ligger også i kirkeboka: 

https://media.digitalarkivet.no/view/11756/138

 

Men: i FT 1801 finner jeg både en  Johannes Olsen Tennefoss (Fossen) og en Brita Arnesdtr Sæle som ugifte.

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058392001653

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058392001604

 

Kan det tenkes at vielsen i 1800 ble opphevet eller annulert, og at det samme paret ble gift i 1805?

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.