Gå til innhold
Arkivverket

Database over gravlagde i Eikefjord 1900-1960


Leif Øren
 Del

Recommended Posts

Til Digitalarkivet: Er det mogeleg å leggje ut slike databasar som dette her, slik at vi brukarane kan ha nytte av desse medan åra går og går og vi ventar på at det skal bli lagt ut nyare kyrkjebøker frå Hordaland og Sogn og Fjordane? Det er også mange andre dødsfallister som er vekke, f. eks. Dale i Fjaler 1894-1977 og Holmedal i Fjaler 1895-1969.

 

I tillegg ynskjer eg at dei gamle samledatabasane over døypte/vigde/gravlagde i Bergen blir lagt ut til nedlasting same stad. Desse databasane inneheldt nemleg også innførsler frå f.eks. metodistkyrkja, og som ikkje finst i nye Digitalarkivet.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for svaret. Det er kjedeleg at databasen etter 1926 ikkje er tilgjengelig både på grunn av nytten og arbeidet som låg bak databasen. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 1.11.2020 den 2.35, Torbjørn Igelkjøn skrev:

I tillegg ynskjer eg at dei gamle samledatabasane over døypte/vigde/gravlagde i Bergen blir lagt ut til nedlasting same stad. Desse databasane inneheldt nemleg også innførsler frå f.eks. metodistkyrkja, og som ikkje finst i nye Digitalarkivet.

 

Akkurat databasen fra metodist-kirken holder jeg på med nå, slik at den kommer snart. 

 

Ellers så er vi jo tilbakeholden med å legge ut lister fra kirkebøker som ikke er tilgjengelig skannet. Det at man har tilgang til skannede kilder er veldig viktig. Noen gangr gjør vi det likevel, men det er ikke uproblematisk.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Godt poeng. Men i mange tilfelle er det knapt lagt ut skanna kyrkjebøker frå etter 1900, og dette ser heller ikkje ut til å bli gjort noko med på grunn av at Digitalarkivet har andre prioriteringar som f.eks. skanning av nyare folkeregisterkort. I tillegg er det 80 år sperre på dødsfallister frå skanna kyrkjebøker. Skulle ein stille krav om at det skal vere skanna kyrkjebok tilgjengeleg for kvar database vil dette i praksis innebere at det blir svært vanskeleg å finne dødsfall i perioden frå etter 1900 og fram til 1951 der databasen "Døde i Norge" tek over. I tillegg kjem at denne databasen manglar dødsdato for dei fyrste åra.

 

Dersom det finst transkripsjonar som ikkje kan leggjast ut i Digitalarkivet men som likevel vil kunne vere til nytte for mange brukarar meiner eg at desse burde kunne leggjast ut på same måte som dei gamle Sogn og Fjordane-databasane. Eksempel er databasane frå Eikefjord og Fjaler som er nemnt ovanfor.

 

Elles er det flott at databaseinnførslene som gjaldt metodistar omsider kjem på plass i Digitalarkivet. Eigentleg burde jo også desse protokollane ha vore skanna for lenge sidan.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 3.11.2020 den 16.35, Tone Merete Bruvik skrev:

Akkurat databasen fra metodist-kirken holder jeg på med nå, slik at den kommer snart. 

 

Eg legg merke til at det no er lagt ut databasar som dekkar metodistane etter 1892.

 

Dei gamle samledatabasane inneheldt innførsler før dette. Eksempel på dette nemnde eg i 2019:

 

 

http://web.archive.org/web/20160807231422/http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011816&gardpostnr=68955

 

http://web.archive.org/web/20160807231316/http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=doed1881&gardpostnr=29071&merk=29071

 

http://web.archive.org/web/20160807231509/http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=doed1881&gardpostnr=28836&merk=28836

 

Vil det bli gjort noko for å få også desse innførslene ut i "nye" Digitalarkivet?

 

Redigert: No fann eg også dokumentasjonen til den eine av databasane, det det går fram at den også inneheldt fleire andre trussamfunn utanom metodistane:

 

Sitat

 

Gravlagde i Bergen 1881-1911

Denne databasen vil vokse etterhvert. Foreløpig er gravlagte fra Sandvikskirken (SK), Nykirken (NK), Korskirken (KK) Stiftelsespresten (SP), Domkirken (DK), Johanneskirken (JK), Centralkirken (CE), Første Metodistkirke (ME) Katolsk Apostoliske (KA) og St. Paul kirke (PA) tatt med.

De dekker årene 1881-1911* på denne måten:

SK     1881-1911 (to stykker døde i 1880, men ble begravet i 1881)
NK    1882-1911
KK    1884-1911
SP     1887-1911 (to stykker døde i 1911, men ble begravet i 1912)
DK    1881-1911
JK     1885-1911
CE    1890-1911
ME    1885-1911
KA    1885-1911
PA     1865, 1871-1876, 1892-1912

*For St. Paul er det også tatt med årene forut for 1881.

I påvente av mer informasjon om materialet kan en lese om kirkebøker.

ASC, 27.9.1999

 

 

 

https://filer.digitalarkivet.no/doed1881.htm

 

Eg utvidar dermed spørsmålet mitt til også å gjelde desse.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.