Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Harry Kristoffer Løland frå Høyanger (1940-1991) - skal vera gift i Bergen 20.10.1962, men kvar? - fødestaden hans?


Recommended Posts

Eg er på leiting etter ei vigsle som skal ha finne stad i Bergen 20.10.1962 mellom:

 

Harry Kristoffer Nilsson Løland frå Høyanger (1940-1991) og

 

Solbjørg Marie Nansy Severinsdotter Dale frå Hyllestad (1944-2013)

 

Eg finn ikkje denne vigsli i Digitalarkivet, men kanskje finst ho i Norsk Lysingsblad?

 

* Kvar i Bergen stod denne vigsli?

 

* Kvar var Harry fødd (1.9.1940)?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Sven for eit spennande innlegg!

 

Det kan nesten sjå ut som om vigselsdatoen her er feil.  Kanskje gifte dei seg heller 20.1.1962?  Og kanskje gifte dei seg i Hyllestad?

 

Kanskje nokon greier å finna ut av dette?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

35 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

 

* Kvar var Harry fødd (1.9.1940)?

Ser ut som hans foreldre giftet seg på Kyrkjebø, så kanskje han  er født der?

løland2.jpg

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegget frå i aftes!

 

Eg har i dag kontakta kyrkjekontoret i Hyllestad der denne vigsli bør vera innført, so får me sjå kva dei finn...

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi!

19 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Det kan nesten sjå ut som om vigselsdatoen her er feil.  Kanskje gifte dei seg heller 20.1.1962?  Og kanskje gifte dei seg i Hyllestad?

 

Tror ikke det var 20 januar

Sogns avis

image.png.c0dae6636b3736d9f28f486c63d6f19e.png

  • Liker 1

Jeg kjenner til begge desse familiene  "Löland" og "Dale" i "Åfjorddalen/ Hyllestad" fra 1970-talet. "Nils" var födt 1911 gift med en "Gudrun" bosatt i "Höyanger".

 

Her er dåpen nr. 2 : https://www.digitalarkivet.no/kb20050705020137

 

Ft 1900 : https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037339002088

 

Ft 1910 : https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036712002574

Endret av Svehn Ruskelöv
  • 2 uker senere...

Innlegg #9:

 

Hjarteleg takk til Ivar og Svehn for siste innleggi i denne saki!

 

Eg har omsider fått svar frå kyrkjekontoret i Hyllestad, og vigsli fann stad 20.1.1962.  Det står ikkje vigselsstad, so då vart dei nok vigde i Hyllestad!  Og brudgomen var fødd i Lavik!

 

Soleis er dette problemet løyst!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Innlegg #11:

 

Hjarteleg takk til Rune for eit interessant innlegg!

 

Borni til dette parfolket har opplyst om at foreldri gifte seg i Bergen, og dette syner seg altso å stemma...

 

Men kvifor dette ikkje er notert i kyrkjeboki, er eit utfordrande spørsmål.  Me kan altso ikkje alltid stola på kva me les...

 

Men no er i alle fall problemet løyst, og eg er kjempenøgd!

Det hender at det berre står 0 framfor ein dåp eller ei vigsle, utan at det står kvar vigsla fann stad. Men vanlegvis vil dette stå som merknad. Kan kyrkjekontoret i Hyllestad ha oversett ein eventuell merknad i kyrkjeboka?

Innlegg #13:

 

Eg trur du Torbjørn har eit godt argument, men eg kan ikkje svara for kva kyrkjevergen har lese i kyrkjeboki.  Uansett er problemet no løyst, og eg går laus på andre oppgåver...  Det er nok av dei...

  • Liker 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.