Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Aslak (1742) og Knut (1750) Anderssøner frå Krossviki under Nes i Luster - vart konfirmerte i Luster, men forsvinn herifrå - kvar vart det av dei?


Recommended Posts

Anders Olson (1699-1785) og andre kona Synneva Tollefsdotter (1712-1755) var husmannsfolk på plassen Krossviki under garden Nes i Luster og fekk seks born i lag, mellom anna desse to sønene:

 

* Aslak Andersson, døypt i Luster 19.1.1742, var i 1762 tenestedreng på Nes.

 

* Knut Andersson, døypt i Luster 3.5.1750, vart konfirmert i Luster i 1768.

 

Då det i 1808 vart halde skifte etter ein annan son, den barnlause Tollef Andersson på Råum i Luster (1745-1807), vart ingen av dei to nemnde brørne nemnde, so me lyt gå ut ifrå at dei båe var avlidne utan å etterlata seg born, med mindre dei var bortflytte og søskeni hadde misst kontakten med dei?  Eller var dei avlidne som soldatar ein eller annan stad?

 

Det hadde vore heilt fantastisk om det var mogeleg å finna ut noko meir om lagnadane deira, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.