Gå til innhold
Arkivverket

Johan Henrik Horchen - gesell i Bergen frå 1747 og utover - gift to gongar - siste gongen nemnd 1766 - kven var denne mannen, og kvar vart det av han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg syner i dette emnet til følgjande gamle tema frå 2016: https://forum.arkivverket.no/topic/200970-johan-fredrik-brandt-1694-1769-klokkar-i-slidre-huslyden-hans-i-bergen/?tab=comments#comment-1697309

 

Johan Henrich Horchen dukkar opp som brudgom i Bergen første gongen 30.4.1747: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000990190

 

Han fekk fleire born i dette første ekteskapet, men første kona døydde, og han gifte seg att i Bergen 27.12.1763 med enkja etter skomakar Dominicus Brandt: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000991998.

 

Dei fekk ein son i 1764, men han d. alt i 1766, og etter den tid ser me ikkje noko meir til Johan Henrik Horchen i Bergen...

 

Er det mogeleg å finna ut noko meir om Johan Henrik Horchen?  Kvar kom han ifrå, og kvar vart det av han?

 

Kan denne Johan Henrik Hartjen vera same mann: https://www.digitalarkivet.no/view/6/pc00000000421787

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Innlegg #2:

 

Eg ønskjer i dag å henta fram att dette emnet som har lege «urøyrt» sidan presentasjonen i desember 2020.  Eg har diverre ingen nye opplysningar å komma med, men eg ser det var ein gard i Overhalla som heitte noko liknande (Horken).  Og Harken er namnet på ein stad nær Hjørring i Danmark.

 

Eg ville vorte «hoppande glad» for alle gode forslag om opphavet og lagnaden til Johan Henrik Horchen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg vet ingen ting om denne karen, men Horchen er et tysk etternavn som har vært i bruk i alle fall siden 1600-tallet. Jeg har kommet over det i eldre bøker. Den første kilden under har en Henrich Horchen som skrev en algebrabok som ble utgitt i Leipzig i1659. Den andre kilden har en Henrich Horchen nevnt i Eschwege. Der er også navnet gammelt, se lenken som har folk med dette etternavnet fra 1600-tallet.
En Didrich Horche er nevnt i Grunnbok for Bergen i 1686 (Bora-lenken)

Literatur der mathematischen Wissenschaften, Volum 2

Av Friedrich Wilhelm August Murhard
 

Zeitschrift des Vereins für hessische Geschichte und Landeskunde, Volum 2

Av Verein für Hessische Geschichte und Landeskunde Kassel 1834

https://gedbas.de/search/simple?placename=Esch&offset=13050&max=50 
https://bora.uib.no/bora-xmlui/bitstream/handle/1956/3076/GBB1686.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Muligens er etternavnet Harchen.
https://media.digitalarkivet.no/view/67587/326 Claus Harchen hadde en bror Henrich. 
Claus døde i 1756 og hans alder var oppgitt til 63 år. https://www.digitalarkivet.no/kb20070321620306

En annen skrivemåte er Hartgen. Her omtales Johan Hendrich Hartgen, dixelmand, gift med Gjertrud Hansdatter ved dåpen til Hans Hendrich i 1749. https://www.digitalarkivet.no/kb20070306650328
dixelmand https://forum.arkivverket.no/topic/98731-12862-hvilket-yrke-er-dixelmand/

 

Endret av Inger Hohler
La til begravelsen og Hartgen dixelmand
Lenke til kommentar
Del på andre sider

En Maren Harchen er fadder i 1742 https://www.digitalarkivet.no/kb20070306650267 øverst til venstre.

Det var kanskje samme Maren Harchen som fikk sønnen Ludolph i 1756, den 16.05. Hun var gift med Ole Andersen. https://www.digitalarkivet.no/kb20070416610232

Og siden sønnen het Ludolph er det relativt sannsynlig at Maren var datter av Lydolph Harchen på Stølen(?) begravet i november 1734 https://www.digitalarkivet.no/kb20070321620280
Se også tråd 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #9:

 

Hjarteleg takk til Inger for mange spennande og utfordrande innlegg!

 

Etter dei opplysningane som no ligg føre, er det vel ganske so sikkert at denne Harchen-huslyden har opphav frå Tyskland.  Namnet er stava på ulike vis, men eg har finne kjelder i Niedersachsen som peiker heilt klart i denne retningi!

 

Alt i aftes la eg ut eit tema på den tyske Ahnenforschung.net sida for Niedersachsen, og kanskje er det nokon der som kan hjelpa vidare...:

 

https://forum.ahnenforschung.net/showthread.php?t=218754

 

Personleg trur eg at Claus Harchen som døydde i 1756, godt kan ha vore ein farbror av Johan Henrik!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 timer siden, Inger Hohler skrev:

Claus Harchen er nevnt i Grunnbok for Bergen 1753, https://bora.uib.no/bora-xmlui/bitstream/handle/1956/3077/GBB1753.pdf?sequence=1&isAllowed=y 

det samme er en Peter Harchsen som vel kalles Petter Harchen i dette skiftet https://media.digitalarkivet.no/view/67587/278

 

Kan dette være samme Peter? Bergens borgerbog. 1 : 1550-1751 - side 182 : 12. oktober 1741: Peter Harckens, kjøbmand (Tønder amt i Slesvig).
I samme bok finner vi Harch og Harck på hhv side 166 og 187.

https://www.nb.no/nbsok/nb/2e55f6c93092f427288be183e191e18b?lang=no#193


Mulig du ikke trenger å reise sørover til Niedersachsen 😉

Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 timer siden, Inger Hohler skrev:

En annen skrivemåte er Hartgen. Her omtales Johan Hendrich Hartgen, dixelmand, gift med Gjertrud Hansdatter ved dåpen til Hans Hendrich i 1749. https://www.digitalarkivet.no/kb20070306650328
dixelmand https://forum.arkivverket.no/topic/98731-12862-hvilket-yrke-er-dixelmand/

 

 

Hartgen/Harchien: 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I Nordfriesland (Schleswig-Holstein) finner vi navnet Harcken. Her er Harck også et fornavn og endel brukt på øyene i Nordfriesland som ikke er langt unna Tønder.

Her et slektstre: https://www.familysearch.org/tree/person/details/KPS6-QH8 

 

Samme slektstre fra MyHeritage - en navnebror men intet annen likhet enn navnet og tidsperioden: 

 

Navn    Johan Harcken
Fødselsnavn    Johan Harcken
Kjønn    Mann
Født    13. juni 1700
  Isle of Fohr, OLDSUM,SCHLESWIG-HOLSTEIN,PREUSSEN
Ekteskap    Ektefelle: Taran Arfesten
13. okt 1730
  Germany
Død    1765
  Germany
Begravelse    1765
  Friedhof Süderende auf Föhr, Suderende, Nordfriesländischer Landkreis, Schleswig-Holstein, Germany

 

Kan være verdt å sjekke ut om "din" Johan Henrik kan komme fra Nordfriesland?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Innlegg #13:

 

Ein svært forseinka, men like hjarteleg takk til Gry for dei siste spennande innleggi om denne huslyden Harchen.

 

Eg har diverre ikkje fått noko svar frå Tyskland på denne problemstillingi, so førebels lyt me nok diverre lata opphavet til Johan Henrik liggja.

 

MEN, ei like stor gåte er det å finna ut av LAGNADEN til denne huslyden.

 

Einaste sonen til Johan Henrik Harchen og Britha Olsdotter var Dominicus Brandt Harchen, fødd 1764, men han døydde alt i 1766.  So einaste barnet etter Britha var dotteri som ho fekk med Dominicus Brandt:

 

* Maren Kirstine Brandt, døypt i Nykyrkja i Bergen 23.1.1756, gifte seg i Domkyrkja i Bergen 5.11.1775 med matros Jens Aamundson.  Dei fekk eitt barn i Bergen:

 

** Ananias Jensson, døypt i Bergen 7.11.1779

 

So vert ogso denne huslyden borte frå Bergen, og borte frå Bergen synes òg alle borni vera som Johan Henrik Harchen hadde med første kona si!

 

Eg finn rett nok ein Ananias Jensson som tenestedreng på Øksnes prestegard i 1801, 26 år gamal: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058488000013

 

Same mann gifte seg i Øksnes i 1805: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002518586

 

Men om denne Ananias høyrer til same huslyden er høgst uvisst...!?

 

Kanskje nokon med betre auge enn mine kan finna att denne huslyden?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

** Ananias Jensson, døypt i Bergen 7.11.1779

Maren Kirstine Brandt får flere barn med en Jens WREDE, i Bergen.

BIrte https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009195783

Maren Oline https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009197920

Jens Wrede https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009217810

Rasmus, med far Martin Rasmussen https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009219442

 

Ananias Wrede blir i 1812 gift med Giertrue Einersdtr.https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000996920

Han dør i Bergen 9.10.1843 https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000915943

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #16:

 

Hjarteleg takk til Lars J. for spennande og oppklarande innlegg!

 

Då tyder alt på at Jens Aamundson er identisk med Jens Wrede, so denne huslyden vart altso buande i Bergen, men framleis er det eit stort «mysterium» kvar det vart av Johan Henrik Harchen og kona Britha...?

 

Det same gjeld borni etter Johan Henrik Harchen og første kona Gjertrud Hansdotter, inkl. sonen:

 

* Hans Henrik Harchen, døypt i Domkyrkja 20.4.1749

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan Britha ha vært den avdøde enken Birthe Brandt f. 1720 begravet 13.03.1792? https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000443320

Hun ville ikke ha vært for gammel til å få datteren.

 

Jeg finner er Birthe Brandt som fadder sammen med Marthe Olsdatter Wrede i 1775 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005906647
Men det finnes også en Berthe Nielsdatter Brandt som fadder 1760 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005874076 må være en annen enn Britha Olsdatter gift med DBH.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #18:

 

Hjarteleg takk til Inger for eit kjempeflott innlegg!

 

Etter desse nye oppdagingane er eg ganske overtydd om at det er Bertha Olsdotter Brandt som døydde i Bergen i 1792, og sidan ho alt i 1775 opptrer som Bertha Brandt, må Johan Henrik Harchen vera «ute av spelet» før den tid, truleg kort etter dei gifte seg og fekk den eine sonen.

 

Stort nærare ei løysing på denne problemstillingi trur eg ikkje me kjem, og eg er svært takksam for alle dei nyttige innspeli!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.