Gå til innhold
Arkivverket

Ingeborg Olsdotter Fjerdingreneiget/Harildstadeiget frå Vågå (1833-1910) og dei tre fedrene til borni hennar, Syver Pederson frå Tofteeiget på Dovre, Anders Fredrikson frå Åsorneiget i Vågå og Ole Østenson frå Bilbeneiget i Vågå - detaljopplysningar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har jobba med bakgrunnen til denne jenta frå Vågå i mange år, men eg er dårleg kjend i Vågå, so no vonar eg på lite vetta hjelp frå nokon med lokalkunnskap:

 

Ingeborg Olsdotter Fjerdingreneiget skal vera fødd i Vågå 27.2.1833 som dotter av husmann Ole Olson Harildstadeiget(?) og Ragnhild Olsdotter frå Prestegardseiget(?).  Ho flytte til Luster kring 1868 og hadde med seg tre born:

 

* Ragnhild Syversdotter, fødd i Vågå 15.7.1855 - barnefar Syver Pederson frå Tofteeiget på Dovre.

 

* Eldri Andersdotter, fødd i Vågå 1.7.1861 - barnefar Anders Fredrikson frå Åsorneiget i Vågå

 

* Anton Olson, fødd i Vågå 29.1.1865 - barnefar Ole Østenson frå Bilbeneiget i Vågå

 

No slit eg med følgjande utfordringar:

 

** På kva plass under kva gard voks Ingeborg Olsdotter opp?

 

** På kva plass under kva gard voks far hennar, Ole Olson, opp?

 

** På kva plass under kva gard voks mor hennar, Ragnhild Olsdotter, opp?

 

** Fleire detaljar om Syver Pederson frå Tofteeiget på Dovre?

 

** Fleire detaljar om Anders Fredrikson frå Åsorneiget i Vågå?

 

** Fleire detaljar om Ole Østenson frå Bilbeneiget i Vågå?

 

** Kva år (nøyaktig) flytte Ingeborg Olsdotter og borni hennar frå Vågå til Luster?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Lars E. Øyane changed the title to Ingeborg Olsdotter Fjerdingreneiget/Harildstadeiget frå Vågå (1833-1910) og dei tre fedrene til borni hennar, Syver Pederson frå Tofteeiget på Dovre, Anders Fredrikson frå Åsorneiget i Vågå og Ole Østenson frå Bilbeneiget i Vågå - detaljopplysningar?

Foreldra til Ymbjør er nemde i Arnfinn Engen (2011) Gards- og slektshistorie for Heidal, band 1, side 67 på plassen Midtre Skridu under Systugu Fjordungrein.

Det kjem her fram at faren Ola Olsson var fødd på Formoeige på Sel (i daverande Vågå kommune) og at mora Ragnhild var frå Loftsgardseige på Sel.

 

1. Dåpen til Ragnhild i 1856 (nr. 36) gjev ikkje ytterlegare informasjon om Syver Persson Tofteeige:

SAH, Vågå prestekontor, Ministerialbok nr. 5 /2, 1842-1856, s. 312
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070130640320

Eg finn i farten ingen passande kandidat i bygdeboka for Dovre under Tofte eller i folketeljinga i 1865, men har ikkje leita så mykje.

 

2. Dåpen til Eldri i 1861 (nr. 35)

SAH, Vågå prestekontor, Ministerialbok nr. 6 /2, 1857-1872, s. 127
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070130640523

 

Faren Anders må vere identisk med Anders Fredriksson døpt i 1838 på Sel (nr. 22) av ugifte foreldre Fredrik Eiriksson frå Åseng i Heidal og Eldri Pålsdotter frå Åsåreneige på Sel.

SAH, Vågå prestekontor, Ministerialbok nr. 4 /3, 1834-1842, s. 117
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070603530117


Anders er nemnt Åsårmoen da han vart gift i 1864 (nr 1) med Ymbjør Jakupsdotter Josten:

SAH, Vågå prestekontor, Ministerialbok nr. 6 /1, 1856-1872, s. 276
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070130640668

 

3. Dåpen til Anton i 1865 (nr. 17):

SAH, Vågå prestekontor, Ministerialbok nr. 6 /2, 1857-1872, s. 136
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070130640532

 

Engen (2011) side 67 oppgjev at Ola Estensson var frå plassen Holet under Øvre Bilben og son til Esten Olsson frå Øvre Kleiven og Anne Olsdotter frå Holet.
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er dette dine?

 

Ei Eldri Andersdatter f. 1864 (!) i Vaage og bosted Luster, emigrerer fra Bergen i 1883.

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000670430

 

Samtidig med broren (?) Anton Olsen Fjerdingruneid f. 1865 i Vaage og bosted Vaage.

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000670429

Endret av Trude Nilsen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

23 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

** Fleire detaljar om Syver Pederson frå Tofteeiget på Dovre?

 

9 timer siden, Per S. Nestande skrev:

Eg finn i farten ingen passande kandidat i bygdeboka for Dovre under Tofte eller i folketeljinga i 1865, men har ikkje leita så mykje.

 

???

 

En kandidat til Syver Pederson?

 

Syver Pedersen f. på Dovre i 1829 (beregnet) her ved ft. 1865 i Lesja: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038056001487

 

Samme mann ved ft 1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052086001391

 

Samme mann ved ft. 1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052753001107

Ved sønnen Oles dåp i 1876 står det at foreldrene giftet seg i 1866, og at dette er deres 6. barn.

 

Samme mann ved ft 1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037078000868

Samme mann ved ft 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052753001107

Samme mann som avdød i 1913: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000003091557

Endret av Trude Nilsen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Syver og Kari med dei seks barna er nemde under Kalvlykkja - Motterudlykkja side 101 i band 2 av Bygdebok for Lesja (Arnfinn Kjelland 1992). Her går det fram at han var frå Hjellkroken (under Korshus) på Dovre.

 

Her er vigsla deira i 1859 på Lesja (nr. 14).

SAH, Lesja prestekontor, Ministerialbok nr. 8, 1854-1880, s. 318
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070115610087
 

Dette er da dåpen til Syver i 1831 (nr. 14)

SAH, Lesja prestekontor, Klokkerbok nr. 2, 1832-1850, s. 4-5
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070115620058
 

Det er omtale av Hjellkroken i Arnfinn Engen (2006) Bygdabok for Dovre, band 3, side 354 ,og det kjem fram at faren Per var fødd i Hjellkroken, medan mora Marit var fødd i Øvre Moldalen.

 

Det er ikkje noko av dette som knyter Syver til Tofteeige, men eg er samd i at dette er ein aktuell kandidat sidan det er så få andre med dette namnet i rett alder.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

** Fleire detaljar om Anders Fredrikson frå Åsorneiget i Vågå?

Han var fødd 27/7/1838 i Åsårgrenda i Sel (enten på Åsårmoen eller på Nersæter). Han døyr 28/3/1908 i Nord-Fron; 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070115640631

Fekk 2 barn med kona Ymbjørg Jakupsdotter (1830-1896); Ole (1863-1892) og Jakop (1867-1885).

 

** Fleire detaljar om Ole Østenson frå Bilbeneiget i Vågå?

Engen (2011) side 67 oppgjev at Ola Estensson var frå plassen Holet under Øvre Bilben og son til Esten Olsson frå Øvre Kleiven og Anne Olsdotter frå Holet.

Ole Østensson Rusten (Holet/Kroken) Fødd 5/9/1841 i Heidal, gift med Ragnhild Knutsdotter Killingøien f.1844 den 7/4/1867.  3 barn, Anne (1866-), Maria (1867-) og Thor (1869-). Ole død i Sør-Fron, ukjent år. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #8:

 

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Per, Trude og Kåre for nyttige og spennande opplysningar om denne huslyden!

 

Eg har no oppdatert manuskriptet mitt for denne huslyden, og det ser ut til at alt frå Noreg er på plass, men eg manglar framleis nokre detaljar om huslyden til sonen Anton Raaum i Amerika.  Let det seg gjera finna nokre svar der - kanskje gjennom liktalar (obituaries)?

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Samuel Bugge Erikson Raaum, opphavleg frå Prestegard, vart døypt 25.8.1805 og d. som kårmann på Råum 5.3.1897.  Han gifte seg første gongen 18.6.1840 med enkja Martha Eriksdotter, opphavleg frå Solvi i Hafslo.  Ho var f. i Hafslo kring 1790 og hadde før vore gift med husmann og enkjemann Mons Bjørnson på Smievolden under Sandviki (1768-1839).  Samuel tok over plassen som kona hadde på Smievolden under Sandviki, og der d. Martha som husmannskone 16.6.1855.  Samuel gifte seg so 10.2.1857 att med Mari Eriksdotter, enkja etter den føregåande brukaren her på Råum (bnr. 1).  Etter at ho var avlidi, vart so Samuel gift tredje gongen i Luster 31.5.1872 med Ingeborg Olsdotter frå Fjordungren i Heddal, Vågå.  Ho var dotter av husmann Ole Olson på Skridu midtre under Fjordungren, opphavleg frå Formoeiget i Sel, og kona Ragnhild Olsdotter frå Loftgardseiget i Sel og f. i Heddal, Vågå 27.2.1833.  Ho var komi til Luster kring 1868 for å tena her.  Samuel tok over dette hovudbruket på Råum då han gifte seg med enkja Mari, men vart aldri eigar av garden, og alt i 1861 lét han bruket over til stesonen Erik etter at han og Mari fekk kårbrev dagsett 12.4.1861.  Samuel vart buande på garden levetidi ut.

Som enkje utvandra siste kona Ingeborg Raaum til Amerika i 1900 og budde først ei tid hjå dotteri Ella i Garfield township, Lac qui parle Co., Minn., men skifte namn til Ingeborg Samuelson og flytte til Madison, Lac qui parle Co., Minn. der ho d. 10.1.1910.

Samuel Raaum hadde ikkje born med nokon av dei to første konene, men med Ingeborg fekk han ei dotter, og dessutan hadde Ingeborg tre born frå før.  Dessutan hadde Samuel ein son før han vart gift første gongen, som visstnok vart oppalen hjå Samuel og første kona hans:

 1. Hans Samuelson (1839-1924), son av Samuel og husmannsdotteri Britha Jensdotter frå Steinkjelen under Rønnei (1820-1880), voks som nemnt visstnok opp hjå far sin og første kona og var sjølv ei tid husmann på Smievolden under Sandviki (s.d.).

 2. Ragnhild Syversdotter (1855-1939), dotter av Ingeborg Olsdotter og husmann Syver Pederson på Motterudløkken under Motterud på Lesja (1831-1913), flytte til Luster med mori og vart her gift med husmann Ingebrigt Andersson i Råumsberget 2 under Råum (1855-1920).

 3. Eldri Andersdotter (1861-1914), var dotter av Ingeborg Olsdotter og innerst Anders Fredrikson på Kongsli nordre i Nord-Fron (1838-1908) og flytte òg med mori til Luster.

Ella Osang utvandra til Amerika i 1883 og vart der borte gift med husmannssonen Torkild Andersson frå Råumsberget 2 under Råum (1860-1919) (s.d.).

 4. Anton Olson, son av Ingeborg Olsdotter og husmann Ole Østenson på Rusten under Bergdal i Sør-Fron (1841-1908), var f. i Vågå 29.1.1865 og flytte hit til Luster i lag med mori.

Anton Raaum utvandra til Amerika i 1883 og gifte seg i Chippewa Co., Minn. 18.9.1890 med Anna Andersdotter, opphavleg frå Fossehaugen under Fossen i Jostedalen, men sjå Vad, Sviggum i Hafslo (bnr. 19), i Amerika kjend som Anna Moen.  Ho var f. i Jostedalen 25.11.1865 og utvandra til Amerika frå Jostedalen i 1885.  Anton og Anna budde først nokre år i Kragero township, Chippewa Co., Minn., men flytte kring 1900 til ein farm i Pine Lake township, Otter tail Co., Minn.  der Anna d. 28.7.1934.  Anton Raaum d. i Wadena, Minn. 4.12.1948.  Dei fekk åtte born i lag:

 

##### (sjekka om eldste dotteri var hans!?)

 

a. Elina, kjend som Lena Raaum, f. i Chippewa Co., Minn. 24.5.1888, d. i Minneapolis, Minn. 7.10.1968.  Lena gifte seg i Otter tail Co., Minn. 4.10.1904 med Henry August Wilhelm Strehlow.  Han var f. i Chicago, Ill. 7.8.1880 og d. i Perham, Minn. 21.5.1942.  Henry og Lena farma i Pine Lake township, Otter tail Co., Minn., men som enkje flytte Lena til St. Paul, Ramsey Co., Minn. der ho livnærte seg som syerske («seamstress»).  Dei fekk sju born i lag.

b. Ingmar Alfred, kjend som Emar Alvin Raaum, f. i Chippewa Co., Minn. 12.4.1891, d. i New York Mills, Minn. 31.1.1965.  Emar Raaum gifte seg i Fortuna, N.D.

 

     ##### (exact date of his marriage?)

 

     .12.1922 med Mathilda Olette, kjend som Tillie Olson.  Ho var f. i Becker Co., Minn.

 

     ##### (place of birth to be verified?)

 

     23.4.1898 og d. i New York Mills, Minn. 25.6.1972.  Emar og Tillie Raaum farma i Pine Lake township, Otter tail Co., Minn., men var barnlause.

c. Samuel Raaum (1893-1966), vart gift med husmannsdotteri Bertha Oline Christophersdotter Bollingberg frå Samgrandane under Bollingberg (1904-1979) (s.d.).

d. John Adolph Raaum, f. i Chippewa Co., Minn. 28.1.1895, d. i Starbuck, Minn. 22.7.1945.  John gifte seg i Henning, Minn. 25.6.1934 med Hermine Louise Haman, f. i Chickasaw Co., Ia. 3.1.1906.  Ho d. i Alexandria, Minn. 16.5.1999.  John og Hermine Raaum farma i Pine Lake township, Otter tail Co., Minn. og fekk to born i lag.

e. Elmer Melvin Raaum, f. i Chippewa Co., Minn. 8.4.1897, d. i New York Mills, Minn. 22.8.1976.  Han gifte seg i Otter tail Co., Minn. 26.9.1970 med Frances Marie Birch Huhnke.  Ho var f. i Carroll Co., Mo. 23.4.1900 og d. i

 

     ##### (exact place of her death? – Otter tail Co., MN!)

 

     21.3.1989.  Elmer Raaum var arbeidar («laborer»), og han og Frances budde i Deer Creek, Otter tail Co., Minn.  Dei var barnlause.

f. Clara Regina Raaum, f. i Chippewa Co., Minn. 25.3.1899, d. i Madison, Minn. 4.6.1966.  Clara gifte seg i Lac qui parle Co., Minn.

 

     ##### (exact date of her marriage?)

 

     1922 med Alfred Nelson.  Han var f. i Lac qui parle Co., Minn. 30.8.1893 og d. i Madison, Minn. 29.2.1972.  Clara og Alfred farma i Garfield township, Lac qui parle Co., Minn. og fekk seks born i lag.

g. Albert Alvin Raaum, f. i Otter tail Co., Minn. 10.6.1901, d. i Perham, Minn. 12.2.1960.  Albert gifte seg i Wadena Co., Minn. 10.1.1935 med Lizzie Jane Conley, f. i Lyon Co., Minn. 17.3.1912.  Ho d.

 

     ##### (place of her death?)

 

     16.11.1998.  Albert var snikkar («carpenter»), og dessutan farma han og Lizzie i Homestead township, Otter tail Co., Minn.  Som enkje gifte Lizzie seg att i Otter tail Co., Minn. 28.7.1971 med enkjemannen Reino Hjalmer Hietala, f. i Otter tail Co., Minn. 14.9.1912 og d.

 

     ##### (place of his death? – Wadena, MN?)

 

     14.1.1989. 

 

     ##### (his occupation and place of residence?)

 

     Lizzie fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

h. Oscar Edward Raaum, f. i Otter tail Co., Minn. 23.6.1904, d. i Grand Forks, N.D. 27.5.1984.  Oscar gifte seg i Otter tail Co., Minn. 25.11.1931 med Lenora Alvina Ziells.  Ho var f. i Divide Co., N.D. 10.10.1910 og d. i Grand Forks, N.D. 25.5.1973.  Oscar Raaum var arbeidar («laborer»), og han og Lenora budde først i Fergus Falls, Otter tail Co., Minn. og sidan i Grand Forks, Grand Forks Co., N.D.  Dei fekk to døtrer i lag.

 5. Gjertrud Marie, kjend som Maria Samuelsdotter, f. 20.7.1872,

Mary Samuelson utvandra til Amerika i 1893 og budde første åri hjå søsteri Ragnhild Raaum i Kragero township, Chippewa Co., Minn.  Ho skal òg ha butt ei tid i Starbuck, Pope Co., Minn., men gifte seg i Chippewa Co., Minn. 16.10.1907 med Christian Doffen Holmson frå Foss i Enebakk, i Amerika kjend som Christian H. Foss.  Han var son av gardbrukar Holm Rammel Svendson på Skrabben, Foss, opphavleg frå Gjevelsrud, Foss, og kona Gunnhild Marie Johannesdotter frå Kjepperud og f. i Enebakk 25.4.1871, men utvandra òg til Amerika i 1893.  Christian var farmarbeidar og mekanikar («farm laborer and mechanic»), og han og Mary budde i Madison, Lac qui parle Co., Minn., der Mary d. 15.6.1922.  Christian Foss d. same staden 10.3.1946.  Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser at jeg har en Syver Pederson Toftelien f. 7.11.1824 i Dovre - kan det være den etterlyste Syver? Hans foreldre var: Peder Oleson Tostengård f. 27.12.1793 i Dovre, g. 19.5.1823 i Dovre m. Marit Siversd. Toftelien f. 19.8.1801 i Dovre. De hadde 4 barn da de i 1832 dro åt Nordland. Jeg har ikke lett etter dem i nord ... men ser ut til at Marit sin bror Syver også havna i nord før han dro åt USA!

Endret av Rune Alander
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
På 17.12.2020 den 19.05, Kåre Tofte skrev:

** Fleire detaljar om Anders Fredrikson frå Åsorneiget i Vågå?

Han var fødd 27/7/1838 i Åsårgrenda i Sel (enten på Åsårmoen eller på Nersæter). Han døyr 28/3/1908 i Nord-Fron; 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070115640631

Fekk 2 barn med kona Ymbjørg Jakupsdotter (1830-1896); Ole (1863-1892) og Jakop (1867-1885).

 

** Fleire detaljar om Ole Østenson frå Bilbeneiget i Vågå?

Engen (2011) side 67 oppgjev at Ola Estensson var frå plassen Holet under Øvre Bilben og son til Esten Olsson frå Øvre Kleiven og Anne Olsdotter frå Holet.

Ole Østensson Rusten (Holet/Kroken) Fødd 5/9/1841 i Heidal, gift med Ragnhild Knutsdotter Killingøien f.1844 den 7/4/1867.  3 barn, Anne (1866-), Maria (1867-) og Thor (1869-). Ole død i Sør-Fron, ukjent år. 

 Fant noe mer på Ole Østenson:

FT 1865 - https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038059006842

FT 1875 - https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052089001831

FT 1891 - https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052758000268

FT 1900 - https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037083000032

 

Vielse - https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000003753700

Begravelse - https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000003079170

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.