Gå til innhold
Arkivverket

Bertha Ellendsdotter Husum, fødd i Sogndal 1841 - døydde som enkje i Oslo 1926 - kvar vart av menn hennar? - Hadde dei fleire born enn dotteri Gustava?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande på teiknebrettet mitt i 30 årl men som no kanskje kan finna ei løysing?

 

Bertha Ellendsdotter Husum var fødd i Sogndal 2.12.1841 og gifte seg i Bergen 4.5.1873 med Peder Christianson frå Flugeim i Sogndal, sidan kjend som Peder Kristiansen. 

Han var fødd i Sogndal 2.8.1850 og var 1873 bakarsvein i Bergen.

 

So vidt eg kan sjå, har me Bertha Kristiansen her

 

* i 1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052295010247

 

* i 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036392020313

 

* Dødsfallet hennar i 1926: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000003009817

 

Kanskje finst det ei dødsmelding etter Bertha, slik at me kan få oversyn over huslyden?

 

Eg er elles særleg interessert i å få greie på:

 

** Kva lagnad hadde mannen Peder Kristiansen?

 

** Kva tid flytte dei/ho til Christiania?

 

** Kor mange born fekk dei?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bakersvenn Peder Nitter Kristiansen og Berthe Ellensdatter fikk sønnen Erik f. 24.08.1873, men som døde kort etter fødselen:

 

SAB, Birkeland Sokneprestembete, H/Hab: Klokkerbok nr. A 2, 1863-1876, s. 54
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070504640023
 

og 

 

Erik - Klokkerbok for Birkeland prestegjeld, Birkeland sokn 1863-1876 (1249Q1) - Digitalarkivet

 

Erik Kristiansen - Klokkerbok for Birkeland prestegjeld, Birkeland sokn 1863-1876 (1249Q1) - Digitalarkivet

 

 

Endret av Frank Marton Pedersen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

21 hours ago, Lars E. Øyane said:

So vidt eg kan sjå, har me Bertha Kristiansen her

 

* i 1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052295010247

 

Gustavas fødsel:

 

Peder Christiansen - Ministerialbok for Fana prestegjeld 1862-1878 (1249P) - Digitalarkivet

 

SAB, Fana Sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0012: Ministerialbok nr. A 12, 1862-1878, s. 75
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061221630715
 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Innlegg #9:

 

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Eldar, Lars W., Grethe, Sven og Frank Marton for kjempeflotte og perfekte innlegg om denne huslyden.

 

So vidt eg kan sjå, har eg fått svar på alt eg lurte på og meir til!  Det som har fått eg til å stussa, var utsegni i dødsannonsa hennar Bertha om at ho hadde ein bror, og no har eg endeleg fått undersøkt dette noko nærare.  Det syner seg det var ein yngre bror, som eg hadde oversett, men no er ogso han komen på plass.

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for båe søskeni:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

e. Bertha Ellendsdotter, f. i Sogndal 2.12.1841, gifte seg i Bergen 4.5.1873 med Peder Christianson frå Flugeim i Sogndal, sidan kjend som Peder Kristiansen.  Han var f. i Sogndal 2.8.1850.  Peder Kristiansen var ei tid bakarsvein i Bergen og tok sidan hyre som stuert i utanriksfart, men d. undervegs i den engelske kanal 22.8.1875.  Bertha Kristiansen tente ei tid som enkje i Bergen, men flytte sist på 1880-talet til Bragernes, Drammen der ho var kolonialhandlar.  I 1890-åri flytte vidare ho til Heggedal i Asker, men frå 1906 var ho busett i Christiania der ho d. som enkje 20.7.1926.  Peder og Bertha fekk to born i lag, som båe d. kort etter fødsli.

 

     ##### (sjekka lagnaden til dotteri Gustava?)

 

f. Peder Lystrup Ellendson, kjend som Peder Lystrup Husum, f. i Sogndal 15.6.1846, flytte i 1867 til Bergen, men gifte seg i Birkelandskyrkja i Fana 23.10.1871 med Malena Nilsdotter Øvsttun, f. på Bratland i Fana 1.5.1851.  Peder var militærkorporal, men vart sidan vegarbeidar og jarnbanearbeidar.  På 1880-talet var dei nokrer år gardbrukarar på Kolsete i Sogndal, men eller budde dei på Øvsttun i Fana der Malena d. 12.6.1893.  Peder Husum d. same staden 9.5.1933.  Dei fekk sju born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Det einaste eg no stussar på, er dette med dotteri som Bertha framleis hadde buande hjå seg i 1875, Gustava (jmf. innlegg #8 frå Frank Marton).  Alle seinare kjelder tyder at Gustava må vera avlidi i ganske so ung alder, men noko prov på dette har eg ikkje finne!  Er det mogeleg å få dette stadfesta?  Eller vart kan henda Gustava «bortsett»?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Det einaste eg no stussar på, er dette med dotteri som Bertha framleis hadde buande hjå seg i 1875, Gustava (jmf. innlegg #8 frå Frank Marton).  Alle seinare kjelder tyder at Gustava må vera avlidi i ganske so ung alder, men noko prov på dette har eg ikkje finne!  Er det mogeleg å få dette stadfesta?  Eller vart kan henda Gustava «bortsett»?

 

Gustava døde 6.3.1877 i Bergen:

 

SAB, Nykirken Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. E 3, 1869-1882, s. 163
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061123010768

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #11:

 

Hjarteleg takk til Lars W. for siste innlegget!

 

Då er denne siste utfordringi løyst, og manuskriptet kan endeleg «arkiverast»!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.