Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Ættenamnet Leganger Sætre - kva er opphavet til dette namnet?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Under følgjande tema kjem eg frami namnekombinasjonen Leganger Sætre nytta ved to ulike høve av Bertha Torgersdotter, kona til Anders Knutson i Bergen:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/201911-torger-jørgensen-1743-1782-og-kona-guri-ellefsdotter-1741-frå-luster-til-bergen-kvar-vart-det-av-guri-og-borni-deira/

 

Eg mistenker denne Bertha for å vera fødd i Bergen i 1780 som dotter av Torger Jørgenson og Guri Ellevsdotter, båe innflytte frå Luster.

 

Men søker me i Digitalarkivet under «avansert søk», får me fram fleire med same namnekombinasjon:

 

https://www.digitalarkivet.no/search/persons/advanced?from=&to=&firstname=&lastname=Leganger+Sætre&birth_year_from=&birth_year_to=&birth_date=&birth_place=&domicile=&position=&event_year_from=&event_year_to=&event_date=&related_first_name=&related_last_name=&related_birth_year=

 

Problemet er berre det at dei alle, bortsett frå Bertha Torgersdotter, er knytte til Herøy på Sunnmøre.

 

Er det nokon som kan finna ei forklaring på denne merkelege namnekombinasjonen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er ein gard i Herøy som heiter Leikongsæter.  (før 1866 i Rovde sokn, Herøy prg.; så i Rovde sokn, Sande prg.; frå 1872 i Leikanger sokn, Herøy prg.)

FT1801:  https://www.digitalarkivet.no/census/search/1801/58412?fornavn=&etternavn=&kjonn=&familiestilling=&sivilstand=&yrke=&fodselsaar=&alder=&ny_husholdning=&merknader=&bosted=Legangersæ*&bydel=&gaardsnummer=&sort=rel

 

Ifl. Herøyboka var det 2 bruk, men det eine låg øyde frå 1787 til 1838.

Eg ser ingen Torgeir på dei to bruka, men det er notert ein "husmann" Torgeir Nilssons og Erika Eriksd. som fekk eit barn Erikke i 1791.

Det er ikkje noko meir informasjon om desse, og dei er ikkje å finne i prestegjeldet i 1801.

Dåpen her (nr 2 på sida til venstre):

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 507/L0068: Ministerialbok nr. 507A03, 1789-1825, s. 10
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070829630090

Mora er kalla "Ericka Evelsd." (ikkje Eriksd. som i bygdeboka).  Det er uklart kvar forfattaren har "husmann" frå. (Det kan finnas

 

Det er også ein "Torjer Niels. Sætren" som får ei dotter Johanna Marie i 1788  https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000013769614

Faddernamna fortel at "Sætren" er Leikongsætra. Dette er ikkje nemnt i Herøyboka.

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Ivar og Lars J. for svært so spennande og interessante innlegg!

 

Undersøkjingskommisjonen frå 1804 syner denne mannen:

 

* Torger Nilsson Moe, 51 år, sjøfarande, fødd i Volda på Sunnmøre: https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000010882

 

Dotteri Erikke er truleg identisk med Fredrikke i Bergen!

 

Og ser me vidare hjå FamilySearch, finn me Torger Moe som far til tre born i Volda:

 

* Nille, døypt 15.5.1780: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:VWPR-456

 

* Britha, døypt 7.7.1782: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:VWPR-3YR

 

* Erik, døypt 13.2.1785: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:VWPR-ZZ7

 

Og vigsli til Torger Nilsson og Erikka Eriksdotter i Volda 8.1.1780: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWHZ-8JX

 

Då er denne huslyden identifisert!  Normalt skal ein alltid kontrollera opplysningane frå FamilySearch, men her er saki ganske so grei:  Britha er identisk med Bertha som gifte seg i Bergen med Anders Knutson og er soleis IKKJE den Bertha som eg i utgongspunktet leitte etter!

 

Uansett, problemet er løyst, og eg er kjempenøgd!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Lars E. Øyane changed the title to LØYST: Ættenamnet Leganger Sætre - kva er opphavet til dette namnet?

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.