Gå til innhold
Arkivverket

Iver Olson Wiuleiget, fødd 1775 - husmann under garden Wiul i Haugs sokn, Norderhov - er det mogeleg å finna agnatisk etterslekt for DNA-analyse?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg ættar ned frå ein Ole Olson som skal ha vore fødd i Norderhov i 1764 og levde som husmann i Hagen under Norderhov prestegard.  Denne huslyden er drøfta i føgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/169934-ole-pederson-og-gudbjørg-iversdotter-vigde-i-norderhov-1764-opphavi-deira/

 

Dersom Ole høyrer til denne huslyden, hadde han mellom anna ein bror:

 

Iver Olson, døypt i Skaustadeiget, Norderhov 12.11.1775, som gifte seg i Norderhov 23.7.1796 med Martha Engebretsdotter, fødd kring 1774.  Desse budde som husmannsfolk på ein plass under Wiul i Norderhov og fekk desse borni:

** Christian Iverson, døypt 2.4.1797, vart gravlagd ?.10.1797: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/95

** Christiane Iversdotter, døypt 23.9.1798: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/102

** Inger Marie Iversdotter, døypt 8.3.1801: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/110

** Engebret Iverson, døypt 25.7.1802: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/113

** Gulbrand Iverson, døypt 7.7.1805: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/123

** Johan Iverson, døypt 16.1.1808: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/131

** Christian Iverson, døypt 7.10.1810: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/141

** Marius Iverson, fødd 5.12.1816: https://media.digitalarkivet.no/view/8528/57

 

Eg har no fått tak i ein Y-DNA analyse for den agnatiske etterslekti etter Ole Olson, min stamfar, men då det framleis rår ein viss tvil om Ole verkeleg var son av Ole Pederson og Gudbjørg Iversdotter og bror av den nemnde Iver Olson i Wiuleiget, ønskjer eg å få dette stadfest gjennom ein tilsvarande Y-DNA analyse for agnatisk etterslekt etter den nemnde Iver Olson, og med fem søner som tydeleg levde opp, vonar eg det skal vera mogeleg å finna minst ein etterkommar for samanlikning av Y-DNA?

 

Kan nokon hjelpa meg finna ut kvar det vart av dei fem sønene?

 

* Engebret Iverson gifte seg i Norderhov 25.5.1827 med Maria Pedersdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8536/425

FT1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0613&kenr=011&bnr=0006&lnr=000

søner:

** Peder, f. 12.7.1827

** Iver, f. 12.10.1830

** Lars, f. 13.4.1832

** Johan, f. 17.12.1838

 

* Gulbrand Iverson gifte seg i Norderhov 3.3.1829 med Maren Larsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8536/429

FT1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0613&kenr=007&bnr=0036&lnr=000

son:

** Iver, f. 23.12.1830

 

* Johan Iverson gifte seg i Norderhov 29.12.1831 med Kirsti Christiansdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8536/438

søner:

** Iver, f. 14.6.1832

** Christian, f. 15.9.1834

** Martin, f. 2.8.1843

 

* Christian Iverson gifte seg i Norderhov 28.12.1839 med Maren Andersdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/1111/309

FT1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0613&kenr=008&bnr=0042&lnr=000

 

son:

** Iver, f. 20.9.1845

 

* Marius Iverson finn eg ikkje mellom dei vigde i Norderhov.

 

Her har me altso i alt NI sønesøner etter Iver Olson Wiuleiget - kan minst ein av desse sporast fram til i dag?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

** Martin, f. 2.8.1843

Nummer 41

 

Buskerud fylke, Norderhov, Hønefoss, Haug, Lunder, Veme i Norderhov, Ministerialbok nr. 13 (1866-1874), Viede 1871, Side 360
Permanent bilde-ID: kb20051111040322
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051111040322
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051111040322.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg 9:

 

Hjarteleg takk til Sven for fantastiske innlegg!

 

Her skulle det vera gode sjansar for å finna ein DNA-kandidat!

 

I mellmtidi har eg sjølv studert på denne:

 

Peder Engebretson, son av Engebret Iverson, gifte seg i Norderhov 24.5.1849 med Karen Olsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8537/287

 

Og her er denne huslyden i FT1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0613&kenr=009&bnr=0046&lnr=000

 

Men eg finn dei ikkje i 1875 - Amerika?? - ser slik ut: https://www.ancestry.com/family-tree/pt/RequestTreeAccess.aspx?tid=157003691&pid=

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #12:

 

Hjarteleg takk til Sven for dei siste spennande innleggi og direkte meldingar!

 

No har eg fått kontakt med etterkomarar, so fær me sjå om nokon vil vera med på ein DNA-test...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.