Jump to content
Arkivverket

Militære soldatlister frå Ringerike - kva er tilgjengeleg frå tidi kring 1760?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Ringerike Slektshistorielag har liggjande ute på side sider fleire militære dokument: https://ringerike-slektshistorielag.com/index.php/slektsressurser/militaere-protokoller

 

Det eldste av desse er:

 

«Hoved Lægds og Mantal Roulle Over Det Ringerigsche Liff Compagnie» frå 1757.

 

Deretter kjem neste soldatlista frå 1779.

 

Eg har ein mistanke om at det må finnast fleire militære soldatlister frå Ringerike, særleg i perioden kring «Holsteinskrigen» først på 1760-talet, men kvar finst desse listene?  Er nokre av dei skanna?

 

Eit spørsmål på sida:  Eg har observert at soknepresten var svært nøye med å skriva i vigsels- og trulovingsprotokollane på 1760-talet om brudgomen var soldat av eitt eller anna slag!  Mannen eg leiter etter gifte seg i 1764, men det står ikkje noko om at han var soldat.  Er det då rimeleg å tru at han heller ikkje hadde vore soldat??  Eller kunne han ha vore «dimittert»?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

På 16.1.2021 den 19.15, Lars E. Øyane skrev:

Er nokre av dei skanna?

 

Søk på emneknagg = Militærruller og fyll inn ønskede årstall og ønskede kommuner, f.eks. slik: https://media.digitalarkivet.no/db/browse?municipalities[]=0613&start_year=1760&end_year=1765&tags[]=69&text=

 

Søket er ikke en absolutt fasit på hva som finnes skanna, for det er ikke alltid så enkelt for oss å fastslå nøyaktig hvilke geografiske områder de enkelte rullene dekker, men utvider du det geografiske søket til å omfatte flere kommuner i omlandet, burde alle relevante treff komme med.

 

På 16.1.2021 den 19.15, Lars E. Øyane skrev:

Eit spørsmål på sida:  Eg har observert at soknepresten var svært nøye med å skriva i vigsels- og trulovingsprotokollane på 1760-talet om brudgomen var soldat av eitt eller anna slag!  Mannen eg leiter etter gifte seg i 1764, men det står ikkje noko om at han var soldat.  Er det då rimeleg å tru at han heller ikkje hadde vore soldat??  Eller kunne han ha vore «dimittert»?

 

Det blir et spørsmål om hvor konsekvent denne presten var, og det er det ikke mulig å gi noe generelt svar på. Jeg antar at man må ta for seg et utvalg av brudgommene og kontrollere med andre kilder i hvilken grad man kategorisk kan forholde seg til prestens soldat-tituleringer og mangel på slike.

 

 

 

 

Link to comment
Share on other sites

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.