Gå til innhold
Arkivverket

Kari Olsdotter frå Stigen (Holte) i Sauherad - fødd 1848 - utvandra til Amerika, men kva år? - opphavet til faren Ole Torstenson - Velta?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Kari Olsdotter Stigen, fødd i Sauherad 11.10.1848, gifte seg i Dane Co., WI 4.9.1870 med Erik Andersson Grov, fødd i Jostedalen 14.8.1843, utvandra i 1867.

 

Kari var dotter av Ole Torstenson og Kari Danielsdotter, husmannsfolk på Stigen under Holte: https://media.digitalarkivet.no/view/5982/133

NB: Denne fødsli manglar både i basen på Digitalarkivet og hjå FamilySearch!!

 

FT1865 syner at parfolket framleis budde på denne plassen: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0822&kenr=003&bnr=0052&lnr=000

 

Men dotteri Kari er ikkje nemnd!

 

Eg ser elles at foreldri vart vigde i Sauherad 13.1.1842: https://media.digitalarkivet.no/view/5982/256

 

Kari er tydeleg frå Stigen, men kva med Ole Torstenson?  Velta i Juxebø?

 

Utfordringane mine gjeld følgjande:

 

* Utvandringsåret til Kari Olsdotter Stigen?

 

* Kva gard/plass hadde Ole Torstenson opphavet sitt ifrå?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #2:

 

Eg oppdaga nettopp at ogso foreldri til Kari utvandra til Amerika.  Her er heile huslyden i Perry township, Dane Co., WI i 1870:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DT87-R59

 

Kanskje utvandra dei alle i lag??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Anne for supre innlegg!  Då er opphavet til Ole Torstenson «på plass», og me manglar berre utvandringi...  Eg har blatt igjennom utflyttelistene for hovudsokni i Sauherad, men ser ikkje noko til dei...

 

Og bygdebokskrivaren har tydeleg heller ikkje oppdaga dei...

 

Men kanskje finst dei oppskrivne ein eller annan stad?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.