Gå til innhold
Arkivverket

Mikkel Hartoug gift 1773 i Skånevik med Kari Johannesdotter - kven var denne Kari?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har oppdaga denne vigsli i Skånevik 23.6.1773:

 

Mikkel Hartoug og Kari Johansdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11663/68

 

Her er Karen Jensdotter(!) som enkje (med ei Hartoug-dotter) i 11-189 i Bergen 1801: https://media.digitalarkivet.no/view/58390/109

 

Her er Karen Mikkelsen som enkje i 11-189 i Bergen 1815: https://media.digitalarkivet.no/view/51079/433

 

Og her er dødsfallet hennar i Bergen 8.4.1816: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000883304

 

Finst det ei bygdebok for Skånevik eller andre kjelder som kan fortelja oss kven denne Kari Johannesdotter var?

 

Eg takkkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Håvard for interessant melding!

 

Det ser for meg ut som om denne huslyden ikkje var heimehøyrande i Skånevik, men var det ikkje bergverksindustri i Skånevik på den tidi?  Me veit familien Hartoug var knytt til bergverksdrift både på Kongsberg og i Årdal, og kanskje kan Kari Johannesdotter ha vore med Mikkel frå Sogn til Skånevik og sidan vidare til Bergen?

 

Eg seier dette fordi eg er på leiting etter ei Kari Johannesdotter frå Øvrebø i Luster som i 1801 skal ha vore enkje, truleg busett i Bergen - jmf.: https://forum.arkivverket.no/topic/265269-kari-johannesdotter-fødd-i-luster-1740-levde-som-enkje-i-1801-men-kvar-kan-henda-i-bergen-eller-i-hosanger-bygdebokoppslag/

 

Alderen høver i alle fall «fortreffeleg»!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er denne bergverkskoplinga som gjorde at eg måtte inn og sjekke denne tråden. Mikkel Hartug på Grutsæter er min 7*tippoldefar. Eg kjenner ikkje til denne greina nede i Hordaland, men registrerer at det er fleire. På Digitalarkivet kan ein òg finne Heine Henriksen Hartoug og Tørris Thorsen Hartoug d. i Skånevik i hhv. 1845 og 1838. 

 

Elles er det òg slik at slektsnamnet og variantar av det (Hartung, Hartug, Hartoug, Hartong etc) dukker opp i større grad utover 1800-talet, men da i form av innvandring frå Tyskland. Her er det i alle fall familiar i Drammen- og Oslo-området som dukkar opp i DA sine kjelder (som etterkommarar av Holtzförster Erich Sigismund Hartung i Drammen)

Endret av Håvard Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

For meg ser det ut til at Hartoug i Skånevik er feil transkribering av Storhaug, som er ein gard i Holmedal sokn. Heine Henriksen og Tørris Thorsen finn eg nemnd under Storhaug i Skåneviksoga.

 

Eg finn og eit par Mikkel nemnd under Storhaug, men rett nok ingen gift med Kari Johannesdatter i 1773.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg er enig med Marie. Av den scannede kirkeboka ser vi tydelig at for Heine og Tørris Hartougs vedkommende er etternavnet feil for Storhaug. Dette gjelder også en Kari Larsdatter som døde i 1833. I den transkriberte utgaven av kirkeboka er etternavnet "Hartougs", men det skal være Storhaug.

 

Når det gjelder den Mikkel Mikkelsen som giftet seg i Skånevik i 1773 og hadde sønnen Johan Michael til dåpen i Fjelberg samme år, kan det vel neppe være tvil om at etternavnet er Hartou eller Hartoug. Jeg tror videre det er sannsynlig at han var av den bergmannsslekten som opprinnelig skrev etternavnet Hartung. Stamfaren for slekten i Norge var vel Lorentz hartung som kom til Kvikneverket på 1630-tallet. En av hans sønner het Michael eller Mikkel (f.ca. 1645). Jeg har notert meg at han hadde et barnebarn Mikkel Lorentzen Hartung som var født ca. 1695.

 

Jeg fant nå ut at denne Mikkel Lorentzen hadde sønnen Mikkel til dåpen i Grutseter annekskirke i Meldal 2. påskedag 1744. Kan dette være riktig person?

 

Det ser ut til at den Mikkel Mikkelsen som flyttet fra Skånevik til Bergen, døde en gang før 1801. Hvis dette er korrekt, er det vel bare én i kirkebøkene for Bergen som passer, nemlig den 51 år gamle Michel Michelsen som døde på sykehuset og ble begravet på St. Jørgens 14. apr. 1796. Han var altså født ca. 1745. Dette stemmer utmerket med han som ble født i Meldal.

 

Men det store spørsmålet når det gjelder denne Mikkel, er hva han gjorde i Skånevik. Han hadde slektninger i Indre Sogn, men neppe noen i Hardanger.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #7:

 

Hjarteleg takk til Håvard, Marie og Knut for nye spennande innlegg!

 

Tankane til Knut om skyldskap i indre Sogn styrkar meg i trui på at denne Kari Johannesdotter godt kan ha vore gardjenta frå Øvrebø i Luster, og at ho vart med Mikkel til Skånevik, kva no enn han kan ha gjort der?  Var det ikkje bergverksdrift i Skånevik?

 

Kari synest faktisk vera den EINASTE enkja i Bergensområdet som høver med den etterlyste jenta frå Sogn!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å identifisera denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg må innrømme at eg ikkje sjekka dei skanna originalane for Heine Henriksenog Tørris Thorsen "Hartoug", så der kan det nok godt vere feil i avskrifta. Samtidig meiner eg som Knut at Michel Michelsen må vere "Hartou".

 

Eg har òg kikka på Mikkel Mikkelsson frå Grutsæter, men tenkte vel at det var vel langt av garde ned til Skånevik og Bergen. Det siste eg har på han er at han er nemnt i skiftet etter faren, Mikkel Lorentzson, i 1768. Han hadde slekt i Årdal og Bergen, men det byrjar jo å bli litt "uti slekta": Firemenningen (Jørgen) Mathias Antoniusson Hartug flytta til Bergen frå Årdal, og hadde i alle fall ein son Anthonius f. der 1764. Eigen tråd om dette her, for å ikkje rote til denne. 

Endret av Håvard Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #10:

 

Hjarteleg takk til Håvard og Marie for nye spennande innlegg!

 

Dersom eg har tolka tingboki rett, hadde Karen Johannesdotter fått løyve til ølsal i Skånevik, og Mikkel Hartoug møtte i lag med kona eller på hennar vegne i samband med noko som ikkje hadde gått rett for seg!?  Høyrest dette riktig ut?  Desse tingbøkene fordrar jo vitskapleg innsats...!

 

Uansett, so har eg framleis trui på at dette godt kan vera Kari Johannesdotteer frå Øvrebø i Luster...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å identifisera denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

72. I 1773 var det fleKaren Johannesdatter fekk løyve til ølsal i Skånevik i 1772. I 1773 var det fleire som gjekk til sak mot henne, fordi dei meinte ho skulda dei pengar.

 

Eg finn ikkje Karen/Kari og Mikkel omtala i Skånevikssoga, men det ser ut som dei budde der kort tid.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.