Gå til innhold
Arkivverket

Matros Anton(ius) Matthiasson f. 1764 gm. Abelone Corneliusdotter; Bergen.


Håvard Moe
 Del

Recommended Posts

"Aftakket constabel" (Jørgen) Matthias Anthonisen Hartug og Marthe Pedersdatter døyper sonen Anthonius i Domkyrkja i Bergen 23. sep. 1764 (link). Dei vart gift same stad 1. jul. s. å. (link).

 

Eg prøver å finne ut noko meir om desse folka, men slit litt med å finne dei att i kjeldene. (Jørgen) Matthias Anthonisen og Marthe Pedersdatter har eg ikkje funne noko meire om, men sonen Anthoni er vel han som er innrullert som matros i 1786 (link) og året etter gift i Domkyrkja med pike Abelone Corneliusdatter (link). Sistnemnte kan vere ho som vert gravlagt frå Domkyrkja i 1813, 60 år gamal, men eg er usikker: Ut frå alder skulle Abelone vere om lag 34 år ved giftermålet, 12 år eldre enn Anthoni. Eg har heller ikkje klart å finne desse i 1801-tellinga. Abelone d. 1813 burde jo kunne finnast att der

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jørgen Mathias ble døpt i Årdal 18. okt. 1730. Han var sønn av Anton (Valentinsen) Hartung (1684-1731) som var garmaker ved Årdal Kopperverk og hans kone Maren som muligens var dansk. Anton og Maren hadde i alt seks sønner og to døtre. Etter at Anton døde i 1731 ble familien en stund i Årdal, men noen av sønnene dro senere til Kongsberg for å arbeide ved Sølvverket. En av døtrene dro samme vei. Andre stiftet familie i Årdal. De yngste vet jeg ikke hvor det ble av bortsett fra Jørgen Mathias som altså dro til Bergen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til Matthias for innspel om dei to døtrene.

 

Mykje av det eg har om Årdals-greina her har eg nok frå dine tidlegare innlegg, Knut. Av Anton Valentinsson Hartug sine born har eg registrert, I hovudsak basert på ditt siste innlegg her: https://slektogdata.no/slektsforum/viewtopic.php?f=2054&t=22543&

1. Valentin (c. 1709-), garmakarlære i Årdal, seinare smeltar på sølvverket på Kongsberg. I manntal 1765 oppgitt å vere 60 år med tre born, to sønner og ei dotter. På Kongsberg har eg registrert Ole og Christopher Valentinssønner, konfirmert hhv. 1760 og 1771,  som vel kan vere dei to nemnte sønane.

2. Andreas (1714-1783), etterslekt i Årdal (Hestetun).

3. Ole (1713-), smed i Årdal før 1734, ukjent etter dette

4. Fredrik (1716-). Ukjent lagnad

5. Anne Marie (1720-1776), til Kongsberg. Gift med Ole Gabrielsen Røros. Fire born nemnt ved skifte 1776.

6. Christen (1726-). Ukjent lagnad

7. Margrete (1728-). Ukjent lagnad

8. Jørgen Mathias (1730-). Gift med Marthe Pedersdotter i Bergen. Nemnt som "aftakket constabel" og matros. Tre born døypt i Domkyrkja 1764-1771.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 4.2.2021 den 17.08, Matthias Kolberg skrev:

De døper en datter Mille Dorothea 5.11.1766

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009188694
 

og Marie 18.8.1771

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009190890

 

 

Matthias er da matros

Pussig nok finn ein desse dåpane to gonger i DA, og i den andre versjonen er det med faddere:

 

Anthonius dtp. 1764: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005894184

Faddere: Henrich Joachim Wiese, Jan Friderich Krøpelin, Jan Ludolf Cramer, N: Ludolph Cramers enke og Mad. Friderichsen

 

Mille Dorothea dpt. 1766: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005897328

Faddere: frue Grethe Lieut Tuchsen, Jfr. Elisabeth Kramer, Jfr. Anne Margrethe Jordan, Gunder Eide og Casper Jordan

 

Marie dpt. 1771: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005903184

Faddere: Johanne Christiane Kramer, Margrethe Albertine Kramer, Gierdtje Johanne Jordan, Johan Ludolph Kramer og Henrich Jordan

 

Særleg familiane Kramer og Jordan går att, kan det vere noko samband der? Så vidt eg kan sjå ser det ut til at Jordan-ane Casper, Anne Margrethe, Gierdtje Johanne og Henrich er sysken og born av Hans Joachim Jordan og Lydia Berentina Meyerhoff, (ref. hanseater.no). Jan/Johan Ludolph, Margrethe Albertine kan vere sysken og born av Ludolph Kramer og kona. Elisabeth kan vel vere Catharina Elisabeth nemnt i same syskenflokken, men nokon Johanne Christiane er ikkje nemnt (ref. hanseater.no)

 

 

Endret av Håvard Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.