Jump to content
Arkivverket

"Blessertes fond"


Arnfinn Kjelland

Recommended Posts

Arnfinn Kjelland

Olav Øverli skreiv i 1986 ein lengre artikkel i Årbok for Gudbrandsdalen om dette fondet, side 176-185. Den består av eit oversyn over hendingane i 1808 før ei liste skriven av sokneprest Jordhøy med 43 soldatar . Etter lista (s. 185) refererer Øverli ein korrespondanse han har hatt med Riksarkivet om "Understøttelsesfondet for de i krigen blesserte og falnes etterlatte", også kalla "Blessertes fond" skipa ved fundas 27. juli 1808. Arkivet etter fondet vart innlevert Riksarkivet frå Marinedepartementet, Armedepartementet og Understøttelsesfondet i 1941.

 

Av artikkelen går det fram at lista Jordhøy skreiv frå Lesja, datert 14. oktober 1808, står i 'kyrkjeboka' med overskrift "Liste over de af Lessøe Præstegield, Gudbrandsdalens Fogderie, Christians Amt i Krigen qvæstede, faldne eller borte-blevne mannskabers efterladte". Øverli skriv òg at Jordhøy har brukt kyrkjeboka som kopibok; han har skrive av lista der.

 

Eg har prøvd å bla i den kronologiske kyrkjeboka for Lesja både for 1808 og 1809 og på slutten, utan å finne noka liste. Har Arkivverket noko måte å finne denne lista på?

 

Vidare skriv Øverli (s. 184) om ei tilføyring i 1824, her utan tilvising: "De Enker og Personer som endnu nyde Pension ere:" med 10 namn på soldatar og enkjer eller 'Quinde'.

 

Er det råd å finne originalen til Jordhøys liste frå 14. oktober 1808?

 

Fondsarkivet på Arkivportalen.

Edited by Arnfinn Kjelland
Link to post
Share on other sites
Kristian Hunskaar (Arkivverket)
41 minutter siden, Arnfinn Kjelland skrev:

Er det råd å finne originalen til Jordhøys liste frå 14. oktober 1808?

 

Ifølge katalogen for SAH/PREST-068 Lesja prestekontor finnes lista i ministerialbok nr. 2 (1732-1776): https://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-03000000122711

 

Da finner vi lista og tilføyelsen fra 1824 på s. 146-148 her: https://www.digitalarkivet.no/kb20070603470177

 

Jordhøy har altså funnet ledige sider i ei eldre kirkebok.

  • Like 2
Link to post
Share on other sites
Kristian Hunskaar (Arkivverket)
1 time siden, Arnfinn Kjelland skrev:

Takk, Kristian, Imponerande!

 

Lista er for øvrig omtalt i kirkebokas merknad i Digitalarkivet (https://media.digitalarkivet.no/kb/contents/9236), slik at et fritekstsøk i Digitalarkivet kunne ført fram, f.eks. slik: https://media.digitalarkivet.no/kb/browse?clerical_parishes[]=0512P&start_year=&end_year=&text=soldat*

  • Like 2
Link to post
Share on other sites
Arnfinn Kjelland

Hm - ein lærer stadig noko nytt!

Takk igjen!

Edited by Arnfinn Kjelland
Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.