Jump to content
Arkivverket

Torbjørn (1870), Hans (1872), Henrik (1879) og Martin (1882) Hanson frå Drevdal i Luster - utvandra til Amerika - tre av dei levde i staten Washington i 1931 - men kvar vart det av dei?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Utfordringi med dei fire brørne Hanson frå husmannsplassen Grandane under garden Drevdal i Luster som utvandra til Amerika og som berre «forsvinn», har lege hjå meg som eit «mareritt» sidan 1980-talet.  Den gongen fanst det ingen tilgjengelege kjelder som kunne hjelpa finna dødsfall i California og Washington, men heller ikkje no greier eg finna ut nikom meir om dei, brtsett ifrå WW-drafts for yngste broren Martin.

 

Det er liktalen etter John Hanson frå 1931 som fortel oss at tre av brørne då budde i Washington, men ingen adresse vert oppgjeven...

 

Kanskje nokon kan hjelpa meg å endeleg finna lagnadane til desse gutane?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for søskenflokken:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Torbjørnson Haugen, frå Øyane under Haugen, var f. 21.1.1844 og d. som husmann og enkjemann i Drevdalen 10.2.1923.  Han gifte seg første gongen 1.5.1870 med Martha Johannesdotter frå Grandane under Øvrebø.  Ho var f. 1.8.1841, men d. som husmannskone i Drevdalen 27.6.1898.  Hans gifte seg så att 4.5.1900 med enkja Abelona Johannesdotter, opphavleg òg frå Grandane under Øvrebø og søster til første kona hans.  Abelona var f. 14.10.1851 og hadde før vore gift med skomakar og husmannsson Lars Pederson frå Stølsbakkane under Joranger nedre i Hafslo (1845-1878).  Abelona d. som husmannskone i Drevdalen 21.7.1911.  Det ser ut til at Hans og første kona hans alt kring 1870 flytte inn på plassen på Grandane 7 under Øvrebø, som etter utskiftingi i 1860-åri hadde vorte lagd til Drevdal nordre, og her vart Hans buande levetidi ut.  Etter at han var avliden i 1923, vart plassen nedlagd, og jordi gjekk attende til garden.  Stova vart ståande i mange år, men vart til sist rivi i samband med at det i 1951 på same tufti vart oppsett eit nytt stovehus på den utskilde parsellen Bekkheim, Drevdal nordre (bnr. 9).  Hans Torbjørnson på Grandane fekk i alt sju born, som alle var frå første ekteskapet.  Dessutan hadde Abelona fått ei dotter, medan ho var enkje etter første mannen sin.  Ho hadde òg ei dotter i første ekteskapet, men den dotteri vert nemnd i Stølsbakkane under Joranger nedre i Hafslo:

 1. Johannes Hansson Drevdal, f. 13.6.1865, gifte seg 6.5.1893 med Kari Johnsdotter frå Råum, f. 1.4.1865.

John Hanson utvandra til Amerika alt i 1885, men kom altso heimatt for å gifta seg.  Saman fór han og Kari til Amerika i 1893, og dei slo seg ned som farmarar i Walden township, Pope Co., Minn. der Kari d. 7.8.1907.  John d. i Starbuck, Minn. 25.6.1931.  Dei fekk fire born i lag:

a. Marie Josephine Hanson, f. i Pope Co., Minn. 25.9.1893, d. i Starbuck, Minn. 15.12.1982.  Marie var hushaldar («housekeeper») og budde på heimefarmen i Walden township, Pope Co., Minn. i lag med broren Edward, ugift.

b. Henry Martinus Hanson, f. i Pope Co., Minn. 28.1.1895, d. i Glenwood, Minn. 8.1.1983.  Henry gifte seg i Pope Co., Minn. 2.3.1927 med Edna Berntine Bogen.  Ho var f. i Deuel Co., S.D. 30.8.1897 og d. i Glenwood, Minn. 5.3.1990.  Henry og Edna Hanson farma i Walden township, Pope Co., Minn. og fekk to born i lag.

c. Carolina Hanson, f. i Pope Co., Minn. 21.1.1900, d. i Pope Co., Minn. 23.1.1900.

d. Edward Clarence Hanson, f. i Pope Co., Minn. 5.3.1906, d. i Glenwood, Minn. 28.2.1981.  Edward Hanson tok over heimefarmen etter foreldri i Walden township, Pope Co., Minn. og budde der levetidi ut.  Han var ugift.

 2. Torbjørn Hansson Drevdal, f. 29.8.1870,

Thom Hanson utvandra til Amerika i 1887 og busette seg i staten Washington der han framleis levde i 1931.

 

##### (lagnaden hans? – ugift?)

 

 3. Hans Hansson Drevdal, f. 19.11.1872,

Hans Hanson utvandra til Amerika i 1893 og skal ha vore busett i staten California der han visstnok d. kring 1928.

 

##### (lagnaden hans? – ugift?)

 

 4. Christi Hansdotter Drevdal, f. 25.11.1874,

Tina Hanson utvandra òg til Amerika i 1893, men busette seg først i Pope Co., Minn.  Ho var hushaldar («housekeeper») og flytte etter ei tid til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der ho d. ugift 22.12.1916.

 5. Henrik Hansson Drevdal (1877-1878).

 6. Henrik Hansson Drevdal, f. 11.11.1879,

Henry Hanson utvandra til Amerika i 1898 og var i 1900 farmarbeidar («farm laborer») i New Prairie township, Pope Co., Minn., men flytte sidan til staten Washington der han framleis levde i 1931.

 

##### (lagnaden hans? – ugift?)

 

 7. Martin Hansson Drevdal, f. 21.10.1882,

Martin Hanson utvandra til Amerika i 1902 og var i 1931 òg busett i staten Washington.

 

##### (lagnaden hans? – ugift?)

 

WW1 draft: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/6482/images/005241960_01945?treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx23980&_phstart=successSource&pId=1046846

 

WW2 draft: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1002/images/32195_520306998_0069-00438?usePUB=true&_phsrc=Nzx23981&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=10637593

 

 8. Johanna Olsdotter Øvrebø (1882-1937), dotter av Abelona og gardbrukar Ole Olson i Teigen, Øvrebø (1845-1912), vart gift med skomakar og husmann Sjur Olson Mo på Molund under Ottum (1877-1946).

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to post
Share on other sites
Egil Johannessen
41 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

2. Torbjørn Hansson Drevdal, f. 29.8.1870,

 

Thom Hanson utvandra til Amerika i 1887 og busette seg i staten Washington der han framleis levde i 1931.

 

 

 

##### (lagnaden hans? – ugift?)

 

Washington State Archives - https://www.digitalarchives.wa.gov/Record/View/9ABFD921F3C99BC2B16C203B0F30B2DA

Thomas
Last Name: Hanson
Date Of Death: 23 Jan 1947
Age: 76
Gender: Male
Father Name: Hans Hanson
Mother Name: Martha Johnson

 

 

Skannet dødsattest - https://www.digitalarchives.wa.gov/DigitalObject/Download/150a0df9-c634-407b-b96c-be4d008eeb45

Dødsattest T H.jpg

 

Lenke FS - https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NQMQ-5JQ

Edited by Egil Johannessen
  • Like 1
Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
47 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

7. Martin Hansson Drevdal, f. 21.10.1882,

 

Martin Hanson utvandra til Amerika i 1902 og var i 1931 òg busett i staten Washington.

 

##### (lagnaden hans? – ugift?)

 

 

Finner dette: 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:J5C7-2T1

Name: Martin Hansen
Given Name: Martin
Surname: Hansen
State: Idaho
Residence Place: Washington
Age: 81
Birth Date: 21 Oct 1882
Death Date: Mar 1963
 

  • Like 1
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #6:

 

Hjarteleg takk til Egil, Grethe og Sven for spennande og svært nyttige innlegg!

 

Eg har i dag sete i fleire timar og leitt i mellom anna folketeljingar etter desse gutane og har finne eitt og anna.

 

Soga til Torbjørn «Thomas» og Hans synest vera so nokolunde OK: mellom anna fann eg dei i lag i Tacoma, WA i FT1910, men eg har ikkje greidd å løysa:

 

* Martin Hanson og dødsfallet hans i mars 1963?  Truleg døydde han verkeleg i Washington, men eg veit eg har vore på leiting før etter dødsfall i WA frå første del av 1960-åri, som rett og slett manglar i dødsregisteri!  Kanskje Martin er eitt av dei?

 

* Henry Hanson fann eg endeleg i WW1-draftet i Enumclaw, WA med fødselsdato 11.12.1878, og deretter meiner eg òg eg har finne han i FT til og med 1940, men dødsfallet hans er framleis eit «mysterium»!

 

Eg har oppdatert manuskriptet mitt frå Innlegg #1 slik:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Torbjørnson Haugen, frå Øyane under Haugen, var f. 21.1.1844 og d. som husmann og enkjemann i Drevdalen 10.2.1923.  Han gifte seg første gongen 1.5.1870 med Martha Johannesdotter frå Grandane under Øvrebø.  Ho var f. 1.8.1841, men d. som husmannskone i Drevdalen 27.6.1898.  Hans gifte seg så att 4.5.1900 med enkja Abelona Johannesdotter, opphavleg òg frå Grandane under Øvrebø og søster til første kona hans.  Abelona var f. 14.10.1851 og hadde før vore gift med skomakar og husmannsson Lars Pederson frå Stølsbakkane under Joranger nedre i Hafslo (1845-1878).  Abelona d. som husmannskone i Drevdalen 21.7.1911.  Det ser ut til at Hans og første kona hans alt kring 1870 flytte inn på plassen på Grandane 7 under Øvrebø, som etter utskiftingi i 1860-åri hadde vorte lagd til Drevdal nordre, og her vart Hans buande levetidi ut.  Etter at han var avliden i 1923, vart plassen nedlagd, og jordi gjekk attende til garden.  Stova vart ståande i mange år, men vart til sist rivi i samband med at det i 1951 på same tufti vart oppsett eit nytt stovehus på den utskilde parsellen Bekkheim, Drevdal nordre (bnr. 9).  Hans Torbjørnson på Grandane fekk i alt sju born, som alle var frå første ekteskapet.  Dessutan hadde Abelona fått ei dotter, medan ho var enkje etter første mannen sin.  Ho hadde òg ei dotter i første ekteskapet, men den dotteri vert nemnd i Stølsbakkane under Joranger nedre i Hafslo:

 1. Johannes Hansson Drevdal, f. 13.6.1865, gifte seg 6.5.1893 med Kari Johnsdotter frå Råum, f. 1.4.1865.

John Hanson utvandra til Amerika alt i 1885, men kom altso heimatt for å gifta seg.  Saman fór han og Kari til Amerika i 1893, og dei slo seg ned som farmarar i Walden township, Pope Co., Minn. der Kari d. 7.8.1907.  John d. i Starbuck, Minn. 25.6.1931.  Dei fekk fire born i lag:

a. Marie Josephine Hanson, f. i Pope Co., Minn. 25.9.1893, d. i Starbuck, Minn. 15.12.1982.  Marie var hushaldar («housekeeper») og budde på heimefarmen i Walden township, Pope Co., Minn. i lag med broren Edward, ugift.

b. Henry Martinus Hanson, f. i Pope Co., Minn. 28.1.1895, d. i Glenwood, Minn. 8.1.1983.  Henry gifte seg i Pope Co., Minn. 2.3.1927 med Edna Berntine Bogen.  Ho var f. i Deuel Co., S.D. 30.8.1897 og d. i Glenwood, Minn. 5.3.1990.  Henry og Edna Hanson farma i Walden township, Pope Co., Minn. og fekk to born i lag.

c. Carolina Hanson, f. i Pope Co., Minn. 21.1.1900, d. i Pope Co., Minn. 23.1.1900.

d. Edward Clarence Hanson, f. i Pope Co., Minn. 5.3.1906, d. i Glenwood, Minn. 28.2.1981.  Edward Hanson tok over heimefarmen etter foreldri i Walden township, Pope Co., Minn. og budde der levetidi ut.  Han var ugift.

 2. Torbjørn Hansson Drevdal, f. 29.8.1870,

Thomas Hanson utvandra til Amerika i 1887 og budde kan henda ei tid i Minnesota, men flytte før 1910 til Tacoma, Pierce Co., Wash. der han sidan livnærte seg som sagarbeidar («wood work sawyer»).  Han d. ugift i Sumner, Wash. 23.1.1947.

 3. Hans Hansson Drevdal, f. 19.11.1872,

Hans Hanson utvandra til Amerika i 1893 og kan òg ha butt ei tid i Minnesota, men flytte før 1910 til Tacoma, Pierce Co., Wash. der han var arbeidar («laborer»).  Han skal visstnok òg ha butt ei tid i San Francisco, Cal., men d. i Tacoma, Wash. 25.11.1928, likeins ugift.

 4. Christi Hansdotter Drevdal, f. 25.11.1874,

Tina Hanson utvandra òg til Amerika i 1893, men busette seg først i Pope Co., Minn.  Ho var hushaldar («housekeeper») og flytte etter ei tid til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der ho d. ugift 22.12.1916.

 5. Henrik Hansson Drevdal (1877-1878).

 6. Henrik Hansson Drevdal, f. 11.11.1879,

Henry Hanson utvandra til Amerika i 1898 og var i 1900 farmarbeidar («farm laborer») i New Prairie township, Pope Co., Minn., men flytte før 1918 til Washington der han var tømmerarbeidar («lumber laborer»), mellom anna i Enumclaw, King Co., Wash. og sidan ulike stadar i Skagit Co., Wash.

 

##### (date and place of his death? – after 1940! – ugift?)

 

WW1:

https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/6482/images/005243514_02313?treeid=&personid=&hintid=&queryId=c1b9d9bc9158bfb9fa2e4f38130521ff&usePUB=true&_phsrc=Nzx24002&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.95293212.1660236635.1612707015-390650824.1612707015&pId=27022472

1920 King Co., WA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RN8-2KQ

1930 Skagit Co., WA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRZC-7TR

1940 Skagit Co., WA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89M1-MDG6

 

 7. Martin Hansson Drevdal, f. 21.10.1882,

Martin Hanson utvandra til Amerika i 1902 og kan ha butt ei tid i Minnesota, men flytte før 1918 til Columbia Falls, Flathead Co., Mont. der han var skogsarbeidar («logger») til han sist på 1930-talet flytte til Spokane, Spokane Co., Wash. 

 

##### (lived there 1940/1942 – worked at Cooler, Bonner Co., ID – soc. sec. issued Idaho – died Mar. 1963!)

 

##### (exact date and place of his death? – March 1963!)

 

WW1 draft: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/6482/images/005241960_01945?treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx23980&_phstart=successSource&pId=1046846

WW2 draft: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1002/images/32195_520306998_0069-00438?usePUB=true&_phsrc=Nzx23981&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=10637593

 

 8. Johanna Olsdotter Øvrebø (1882-1937), dotter av Abelona og gardbrukar Ole Olson i Teigen, Øvrebø (1845-1912), vart gift med skomakar og husmann Sjur Olson Mo på Molund under Ottum (1877-1946).

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
Lars Johannessen
10 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Martin Hansson Drevdal, f. 21.10.1882,

 

Martin Hanson utvandra til Amerika i 1902 og kan ha butt ei tid i Minnesota, men flytte før 1918 til Columbia Falls, Flathead Co., Mont. der han var skogsarbeidar («logger») til han sist på 1930-talet flytte til Spokane, Spokane Co., Wash. 

 

 

 

##### (lived there 1940/1942 – worked at Cooler, Bonner Co., ID – soc. sec. issued Idaho – died Mar. 1963!)

 

 

 

##### (exact date and place of his death? – March 1963!)

???

bilde.png.722c4276a39b059866f3021ea32cc500.png

  • Like 1
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #9:

 

Hjarteleg takk til Lars J. og Sven for interessante og nyttige innlegg!

 

Då ser det ut til at ogso Martin Hanson er komen «i boks», men for å vera sikker på dødsdatoen vil eg ta ein telefon til Hazen & Jaeger når dei kjem seg ut av sengi...

 

Då spørst det om kanskje Henry ogso vil dukka opp...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #11:

 

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegget!

 

Ut ifrå den eine avisartikkelen vert dødsdatoen sett til 20.3.1963, men i politirapporten frå same dag vert det antyda at liket hadde lege i elvi ein eller to dagar...!  Det vert vel ikkje so lett å «postobdusere»...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.