Jump to content
Arkivverket

Siri Omundsdotter, f. 1772


Reidar Olav Meling

Recommended Posts

Reidar Olav Meling

Siri Omundsdotter (f. 1772) blei i 1798 gift i Bjerkreim, Rogaland, med Hans Pedersen, f. 1765 (rfr. bygdebok for Ogna, side 208). Fleire av deira barn havna i Finnås prestegjeld (Bømlo) og har mange etterkommarar der idag. Dottera Sara blei gift med Ole Simonson Mølstre, som overtok som handelsmann i Sønstabøvågen på Bømlo i 1838. Sara døydde i barsel i 1841. Ifølge kyrkjebok for Finnås døydde hennar far, Hans Pedersen, i Sønstabøvågen i 1842. Men når (og kor) døydde Siri Omundsdotter, mor til Sara?

Edited by Reidar Olav Meling
Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
På 16.2.2021 den 11.37, Reidar Olav Meling skrev:

Ifølge kyrkjebok for Finnås døydde hennar far, Hans Pedersen, i Sønstabøvågen i 1842.

 

Nr. 10

Hordaland fylke, Bømlo, Bremnes, Moster, Sveio i Finnås, Ministerialbok nr. A 6 (1836-1850), Døde og begravede 1843, Side 306
Permanent bilde-ID: kb20070507620496
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070507620496
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070507620496.jpg
 

Link to post
Share on other sites
Reidar Olav Meling

Hei Grethe, mange takk for denne opplysninga. Siri er mi tipp-tippoldemor. Men det er vel noko som ikkje heilt stemmer her. Siri skulle vera fødd i 1772, då skulle ho jo ha vore 71 år i 1843. Men her står det altså 81 år. Men dei var ikkje så nøye med alder og årstal på den tida, så det kan sjølsagt vera henne. Dottera Sara var fødd i 1812, då skulle Siri vera 40 år. Dersom Siri var 81 år i 1843, skulle ho ha vore fødd rundt 1762, dermed skulle ho ha vore 50 då Sara blei fødd, og det er vel ikkje sannsynleg. Så står det Ånensdatter, men det er vel ei lett omskriving av Omundsdatter?

I 1845 kom eit barnebarn av Siri til verda, ho fekk namnet Sara (1845-1930), er nok då oppkalt etter tanta som døydde i barsel i 1841. Til orientering kan nemnast at denne Sara fekk eit barnebarn i 1904 som fekk namnet Sara, gift Økland, budde på Nordtun, like ved handelsstaden Sønstabøvågen på Bømlo. Denne Sara er mormor til vår samferdsleminister Knut Arild Hareide. Knut Arild har fått ei dotter som har fått namnet Sara.

Edited by Reidar Olav Meling
Link to post
Share on other sites
Leif B. Mathiesen

Hei Reidar.

Det hadde vært fint om du la inn lenker til kirkebøker. 

Da kan vi som prøver å hjelpe slippe "å finne opp kruttet" en gang til.

Hvordan du legger inn lenker er enkelt.

Klikk på symbolet opp til høyre og lim lenken inn i spørsmålet.

Sidelenk.jpg

 

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.