Gå til innhold
Arkivverket

Benjamin Hansen frå Bergen, fødd 1811 - handelsmann på Rønnei i Luster - døydde på Skåtøy ved Kragerø? - kven var kona hans? - ho skal vera fødd i Bergen, men eg finn ho ikkje der!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Benjamin Hansen kom i 1847 som handelsmann til Luster og budde mange år på garden Rønnei.  Då eg jobba med denne huslyden på 1980-talet, fann eg ikkje ut noko særleg om kona hans, og etter nye freistnadar i dag, står eg framleis ganske so «bom fast»!  Kanskje nokon har betre auge enn eg?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Benjamin Michaelson Hansen, som òg var bergensar, var son av skipper Michael Hansen i Bergen, opphavleg frå

 

     ##### (kvar fødd/oppvaksen? – vigde i Bergen 1798: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000995294

 

     og kona Gjertrud Johanne Henriksdotter Stender frå Bergen og f. i Bergen 30.12.1811.  Benjamin fekk 1.6.1847 skøyte på handelsstaden på Rønnei, og 26.7.1847 gifte han seg i Luster med Anna Margrethe Andreasdotter Amundsen frå Bergen.  Ho var dotter av skipper Andreas Amundsen i Bergen, opphavleg frå

 

     ##### (kvar fødd/oppvaksen?)

 

     og kona

 

     ##### (namn og opphav?)

 

     og f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar? – kring 1810! – skal ifølgje vigsli vera fødd i Bergen, men finn ho ikkje: https://media.digitalarkivet.no/view/8400/129

           ogso FT1865 seier ho var fødd i Bergen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038261005319

 

 

     Benjamin Hansen var handelsmann på Rønnei i mange år, men Anna d. her på Rønnei 14.6.1868, og 14.4.1870 selde Benjamin heile eigedomen til Jacob Torstenson Molland på Rønnei (bnr. 5).

Benjamin Hansen flytte i 1870 til dotteri Gjertrud som budde på Skåtøy ved Kragerø,

 

##### (lagnaden hans?)

 

Benjamin og Anna Margrethe Hansen fekk altså ei dotter i lag:

 1. Gjertrud Susanna Charlotte Benjaminsdotter Hansen (1848-1936), vart gift med skipsførar og presteson Christian Laurentius Zimmermann Hansson Bonnevie frå Dale prestegard (1833-1898).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://www.familysearch.org/search/record/results?q.fatherGivenName=michael&q.fatherSurname=amundsen&q.filmNumber=123705&count=20&offset=0&m.defaultFacets=on&m.queryRequireDefault=on&m.facetNestCollectionInCategory=on

 

Name: Anna Magrethe
Event Type: Christening
Event Date: 7 Oct 1808
Event Place: Bergen, Hordaland, Norway
Event Place (Original): Bergen, Bergen, Norway
Sex: Female
Father's Name: Michael Aamundsen
Mother's Name: Marthe Susanna Olsen

 

 

Name: Amund Martinus
Event Type: Christening
Event Date: 8 Feb 1804
Event Place: Bergen, Hordaland, Norway
Event Place (Original): Bergen, Bergen, Norway
Sex: Male
Father's Name: Michael Amundsen
Mother's Name: Marte Susanna Rasmussen

 

 

 

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Hjarteøeg takk til Sven for spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg hadde ikkje lagt merke til at bror hennar Anna Margrethe òg budde på Rønnei i 1865, so då er det tydeleg at presten har skrive feil i vigselsprotokollen!

 

Då har eg studert denne huslyden litt meir i detalj.  Mori til Anna Margrethe er tydeleg fødd i Bergen, og eg kan ikkje skjønna anna enn at far hennar må vera komen frå ein plass under Sæle i Fana.  Kanskje kan dette stadfestast gjennom borgarboki for Bergen?

 

Eg finn elles 2xMichael Hansen i Undersøkjingskommisjonen 1804, som båe er skipparar.  Dei er om lag jamngamle, ein frå Stege (Steigen?) og ein frå Odense i Danmark.  Kven av dei var far til Benjamin?

 

Det siste «mysteriet» her er kvar det vart av Benjamin Hansen etter han forlét Luster?  Eg har alltid forstått det slik at han flytte austover med einaste dotter si, men ser ikkje noko til han i 1875...?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Benjamin Michaelson Hansen, som òg var bergensar, var son av skippar Michael Hansen i Bergen, opphavleg frå

 

     ##### (kvar fødd/oppvaksen? – vigde i Bergen 1798: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000995294

     1804 frå Steigen?: https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000009956

     1804 frå Odense?: https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000014689

 

     og kona Gjertrud Johanne Henriksdotter Stender frå Bergen og f. i Bergen 30.12.1811.  Benjamin fekk 1.6.1847 skøyte på handelsstaden på Rønnei, og 26.7.1847 gifte han seg i Luster med Anna Margrethe Michaelsdotter Aamundsen frå Bergen.  Ho var dotter av høkar og kjøpmann Michael Aamundsen i Bergen, opphavleg frå

 

     ##### (kvar fødd/oppvaksen? - https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000780531

     Dødsfallet hans kjøpmann 1816: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000882516

     Truleg 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390000237

     Då truleg fødd i Fana: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003300095

 

     og kona Martha Susanna Olsdotter Rasmussen frå Bergen og f. i Bergen 24.9.1808.  Benjamin Hansen var handelsmann på Rønnei i mange år, men Anna d. her på Rønnei 14.6.1868, og 14.4.1870 selde Benjamin heile eigedomen til Jacob Torstenson Molland på Rønnei (bnr. 5).

Benjamin Hansen flytte i 1870 til dotteri Gjertrud som budde på Skåtøy ved Kragerø,

 

##### (lagnaden hans?)

 

Benjamin og Anna Margrethe Hansen fekk altså ei dotter i lag:

 1. Gjertrud Susanna Charlotte Benjaminsdotter Hansen (1848-1936), vart gift med skipsførar og presteson Christian Laurentius Zimmermann Hansson Bonnevie frå Dale prestegard (1833-1898).

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 18.2.2021 den 0.09, Lars E. Øyane skrev:

##### (lagnaden hans?)

Nummer 15

 

Telemark fylke, Skåtøy i Skåtøy, Ministerialbok nr. I 4 (1884-1900), Døde og begravede 1888, Side 23
Permanent bilde-ID: kb20060629060479
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060629060479
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060629060479.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #7:

 

Hjarteleg takk til Sven for spennande innlegg om lagnaden til Benjamin Hansen.  Eg ser no at eg ikkje søkte med stort nok avvik i alderen i FT1875, men no er han i alle fall komen til rette!

 

Då er det spørsmåli om dei to Michael'ane i Bergen kvar dei kom ifrå...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skifte etter Gjertrud Johanne Hansen

 

Nummer 16

 

Bergen fylke, Bergen, Skifteprotokoll nr. C 11 (1855-1860), Skifteprotokollside, Side 129b-130a
Permanent bilde-ID: sk20081111720175
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081111720175
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081111720175.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #15:

 

Hjarteleg takk til Sven for fleire nye spennande innlegg!

 

Sidan fedrene til både Benjamin og Anna Margrethe var borgarar i Bdergen, la eg inn eit spørsmål om oppslag i borgarboki, og då fekk me ei endeleg stafesting av opphavi deira!

 

Etter dette har eg kunna setja opp eit komplett manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Benjamin Michaelson Hansen, som òg var bergensar, var son av skippar Michael Hansen i Bergen, opphavleg frå Stige, Odense på Fyn, Danmark, og kona Gjertrud Johanne Henriksdotter Stender frå Bergen og f. i Bergen 30.12.1811.  Benjamin fekk 1.6.1847 skøyte på handelsstaden på Rønnei, og 26.7.1847 gifte han seg i Luster med Anna Margrethe Michaelsdotter Aamundsen frå Bergen.  Ho var dotter av høkar og kjøpmann Michael Aamundsen i Bergen, opphavleg frå Kjønni under Sæle i Fana, og kona Martha Susanna Olsdotter Rasmussen frå Bergen og f. i Bergen 24.9.1808.  Benjamin Hansen var handelsmann på Rønnei i mange år, men Anna d. her på Rønnei 14.6.1868, og 14.4.1870 selde Benjamin heile eigedomen til Jacob Torstenson Molland på Rønnei (bnr. 5).

Benjamin Hansen flytte i 1870 til dotteri Gjertrud som budde i Orebukti på Skåtøy ved Kragerø og der d. han 19.8.1888.

Benjamin og Anna Margrethe Hansen fekk altså ei dotter i lag:

 1. Gjertrud Susanna Charlotte Benjaminsdotter Hansen (1848-1936), vart gift med skipsførar og presteson Christian Laurentius Zimmermann Hansson Bonnevie frå Dale prestegard (1833-1898).

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetak for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.