Jump to content
Arkivverket

LØYST: Sjur NN i Førde - fekk born på 1730- og 1740-talet som flytte til Kvamsøy og Gulen - kven var han? - bygdebokoppslag?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Under arbeid med eit anna tema: https://forum.arkivverket.no/topic/228118-haagen-andersson-fødd-i-luster-1743-busett-i-vik-1764-men-kvar-vart-det-av-denne-guten/

er det dukka opp ei problemstilling som handlar om ein Sjur i Førde som tydeleg hadde minst to, kanskje tre, døtrer som sukkar opp i Kvamsøy på 1760-talet - jmf. øvste delen av venstre side i denne kyrkjeboki frå Kvamsøy: https://media.digitalarkivet.no/view/16793/29

 

* Britha Sjursdotter «Førde», fødd kring 1735 - fekk ei «uekte» dotter Boel i Kvamsøy i 1764 og flytte sidan inn hjå søsteri Synneva på Vatne i Gulen

 

* Anna Sjursdotter, fødd kring 1737 - gift 1762 med Sølfest Endreson frå Luster - budde i Kvamsøy

 

* Ragnhild Sjursdotter «Førde», fødd kring 1744 - gift 1764 med Hans Johnson - vart gardbrukarar på Vatne i Gulen

 

Eg ser ei Ragnhild Sjursdotter døypt frå Hjelle i Førde 16.8.1746: https://media.digitalarkivet.no/view/11403/150

 

Kanskje ho er den yngste av desse søstrene?

 

Eg vonar at nokon med lokal kunnskap dreg kjensel på desse namni eller kan finna dei att i bygdeboki for Førde og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

Kyrkjeboka som du viser til er i følgje indekseringa frå Kyrkjebø sokn, som den gongen høyrde til Vik prestegjeld, og som i dag ligg i Høyanger.

 

Eg vil tru at det her må vere snakk om Førde i Høyanger, altså garden den tidlegare politikaren og kringkastingssjefen Einar Førde hadde namnet sitt frå.

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #8:

 

Dette er jo heilt fantastisk, Torbjørn!  Hjarteleg takk for oppklaringi og identifikasjonen av denne Sjur Førde.  Eg var ikkje merksam på gardsnamnet Førde på Kyrkjebø, men dette tyder at dei to søstrene Britha og Ragnhild er «i boks», og denne utfordringi er forsovidt løyst.

 

Eg hadde ei von om at Anna Sjursdotter kunne ha vore søster deira, sidan mannen Sølfest Endreson (eller står det Sølfest Endreson's kone?) var faddar på Boel Haagensdotter i 1764, men det var ho tydeleg ikkje, og nettopp no har eg oppdaga at vedkommande Anna Sjursdotter var frå Vinjum i Aurland (går fram av eit skifte i Aurland frå 1780-åri!) - jmf. https://forum.arkivverket.no/topic/207685-sølfest-endreson-1736-1807-frå-luster-til-måren-på-kyrkjebø-kven-var-kona-hans-kvar-vart-det-av-sonen-sjur-kven-var-svigerdøtrene-i-bergen/

 

Einaste utfordringi som no står att å løysa i samband med «Sjur-utfordringi», er denne:

 

** Lagnaden til Haagen Andersson - jmf: https://forum.arkivverket.no/topic/228118-haagen-andersson-fødd-i-luster-1743-busett-i-vik-1764-men-kvar-vart-det-av-denne-guten/

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

  • Lars E. Øyane changed the title to LØYST: Sjur NN i Førde - fekk born på 1730- og 1740-talet som flytte til Kvamsøy og Gulen - kven var han? - bygdebokoppslag?

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.