Gå til innhold
Arkivverket

Anders Christopherson Rønneisøyri - fødd i Luster 1792, levde framleis i 1808, truleg Haugianar - må vera flytt frå bygdi, men kvar vart han av? - ytre Sogn, Bergen, Nordmøre eller soldat?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne guten har eg vore på leiting etter sidan 1980-talet, men til tross for det eminente «Avansert personsøk» hjå Digitalarkivet greier eg ikkje finna fleire spor etter han:

 

Anders Christopherson, son av Christopher Torkildson (1758-1846) og første kona Metta Andersdotter (1769-1798), husmannsfolk på Rønneisøyri under Rønnei i Luster, vart døypt i Luster 9.4.1792 og er nemnd i live i 1808 - eg trur det var som konfirmant!

 

På den tidi, mellom 1808 og 1814, var det nesten som ei «folkevandring» av Haugianarar frå dette nabolaget i Luster til Romsdalen, og eg reknar det som svært sannsynleg at han i 1813 flytte med einaste morbroren sin, Haugianaren Ole Anderson (1772-1835), som då kjøpte seg ein gard på Nasvik i Kornstad sokn i Kvernes på Nordmøre!?

 

Men er det mogeleg å finna spor etter Anders, anten på Nordmøre eller andre stadar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.