Gå til innhold
Arkivverket

Johannes Jensson Gjerstad frå Haus - fødd 1812 - gift og busett i Bergen - forsvinn etter 1847 - døydde før 1865? - kvar vart det av han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i mange år spekulert på kvar det vart av Johannes Jensson frå Gjerstad i Haus som var gift og budde i Bergen.  I 1865 er kona hans enkje, og ho er òg kalla enkje då ho døydde i 1880.

 

Eg har ikkje greidd å finna noko dødsfall for Johannes i Bergen.  Kan han vera avliden ein annan stad?

 

Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Mari Pedersdotter {Kinserdal}, døypt {i Hafslo} 20.11.1803,

Marie Pedersen flytte på 1830-talet til Bergen og gifte seg i Domkyrkja 13.10.1844 med Johannes Jensson frå Gjerstad i Haus, i Bergen kjend som Johannes Jensen.  Han var son av gardbrukar Jens Johannesson på Gjerstad og kona Martha Olsdotter frå Langeland i Hosanger og vart døypt i Haus 6.12.1812.  Johannes var dagarbeidar, og han og Marie vart buande i Bergen der Johannes d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? - før 1865!)

 

Marie Pedersen d. som enkje i Bergen 16.8.1880.

Mari fekk ei dotter, medan ho budde i Hafslo:

a. Kari Hansdotter (1828-1831), dotter av Kari og husmann Hans Nilsson i Gjelet under Kjørlog (1798-1849), var f. og d. i Hafslo.

So fekk Mari og Johannes to born i lag:

b. Jensine Amalie Johannesdotter Jensen, f. i Bergen 7.4.1845, d. som enkje i Bergen 11.8.1930.  Jensine gifte seg i Domkyrkja i Bergen 18.4.1870 med Lars Andersson frå Tveiten i Hamre, i Bergen kjend som Lars A. Tvedt.  Han var f. i Hamre 20.1.1841 og d. som byggmeister i Bergen 11.10.1923.  Lars var snikkar og sidan byggmeister.  Han og Jensine budde i Harald Haarfagres gate i Bergen og fekk sju born i lag.

c. Peder Martin Ebert Johannesson Jensen, f. i Bergen 1.2.1847, d. i Bergen 23.11.1847.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Jon for eit kjempemessig innlegg!  «Vår» Johannes budde i 15. rode 34 då yngste barnet var fødd i 1847, so eg er overtydd om at du har finne «rett» mann!

 

Problemet er soleis løyst, og eg er kjempenøgd!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.