Gå til innhold
Arkivverket

Askild Bjørgulfson alias Asjel «Ed» Billison (1831-1906) - frå Åsland i Mo, Telemark - utvandra 1861 til Amerika - gift to gongar - manglande detaljar om opphavi til Askild og første kona hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

«Den amerikanske sida» av denne huslyden arbeidde eg ganske grundig med då eg var i Amerika for om lag 40 år sidan, so der er det neppe stort å føya til, bortsett ifrå eit par born som døydde i ung alder og som eg ikkje har greidd å få skikkeleg «på plass».  Derimot manglar me ein del detaljar frå Telemark og likeins frå Stryn når det gjeld svigersonen Lars Andreas Sunde.

 

Kanskje tidi no er kommi til å finna litt fleire detaljar om opphavet til denne huslyden?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #7 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 hours ago, Lars E. Øyane said:

Mathias Larsson på Storesunde i Stryn

 

 

 

     ##### (bustad på sjølve garden eller på ein plass?)

 

 

 

     opphavleg frå

 

 

 

     ##### (kvar fødd/oppvaksen?)

 

Ekteskap Nr. 19 

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20050816010484

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/327/pv00000000782120

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #7:

 

Hjarteleg takk til Anton for fleire nye spennande innlegg!

 

Eg trur eg har finne so nokolunde ut av problemet i Stryn, men frå Telemark treng eg framleis hjelp...  Kanskje er det nokon med lokal kunnskap i Mo og i Kviteseid som kan bidra?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden, som erstattar manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Martha Christensdotter {Fossen}, f. {i Jostedalen} 19.9.1841,

Martha Christenson utvandra til Amerika med foreldri i 1857 og gifte seg i Dane Co., Wis. 17.12.1866 med enkjemannen Askild Bjørgulfson, opphavleg frå Åsland i Mo, Telemark, i Amerika kjend som Asjel Billison.  Han var son av husmann Bjørgulf Askildson på

 

##### (ein plass, men kva for ein?)

 

under Åsland, opphavleg frå Barsgardstveiten, og kona Tone Evensdotter frå Vetlestua under

 

##### (kva gard i Mo?)

 

men f. på plassen Rødningen i Skafså sokn, Mo 3.4.1831.  Han gifte seg første gongen i Kviteseid 11.12.1855 med Anna Østensdotter frå Grave i Kviteseid.  Ho var dotter av

 

##### (yrkestitel?)

 

Østen Janson på

 

##### (ein plass under Grave eller sjølve garden?)

 

opphavleg frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksen?)

 

og kona Anna Oversdotter frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksi?)

 

men f. på Dalen i Brunkeberg sokn, Kviteseid 2.3.1832.  Askild og Anna budde fleire stadar i Kviteseid, mellom anna på Fossheim,

 

##### (fleire detaljar?)

 

men utvandra til Amerika i 1861.  Anna d. i Dane Co., Wis. alt

 

##### (date of her death? – about 1865?)

 

Asjel Billison farma ei tid i Dunn township, Dane Co., Wis., men han og Martha flytte kring 1869 til ein farm i High Lake township, Emmet Co., Ia. 

 

##### (later also in Faribault Co., MN)

 

men slo seg kring 1876 ned som farmarar i Mount Valley township, Winnebago Co., Ia.  Sidan flytte dei til ein farm i Fertile township, Worth Co., Ia. der Asjel d. 10.7.1906.  Martha Billison flytte kring 1912 til dotteri Anna i Thief River Falls, Pennington Co., Minn. der ho d. 17.6.1916.  Asjel hadde fire søner frå første ekteskapet med Anna Østensdotter, medan Martha og Asjel fekk desse ni borni i lag.  Dessutan hadde Martha ein son frå før, som vart adoptert av foreldri hennar:

a. Karl Mathias, kjend som Charles Mathew Thompson (1862-    ), son av Martha og ein Knut Knutson, vart adoptert av besteforeldri (sjå under).

b. Thomas Billison, f. i Dane Co., Wis. i 1867, d. kort etter fødsli.

 

     ##### (details?)

 

c. Christine Andrina Billison (1868-1964), vart gift med husmannssonen Lars Pederson frå Bøen under Resaland på Hafslo (1866-1941) (s.d.).

d. Christen Andreas, kjend som Chris Billison, f. i Emmet Co., Ia. 25.9.1869, d. i Winnebago Co., Ia. 10.8.1936.  Chris gifte seg i Worth Co., Ia. 8.10.1911 med Larsina, kjend som Louise Suby, dotter av husmann Peder Larsson frå Lunden under Rønnei i Luster (1838-1907).  Louise var f. i Winnebago Co., Ia. 4.5.1878 og d. i Forest City, Ia. 25.10.1974.  Chris og Louise Billison farma i Mount Valley township, Winnebago Co., Ia. og fekk to born i lag.

e. Tona Billison, f. i Emmet Co., Ia. i 1871, d. kort etter fødsli.

 

     ##### (details?)

 

f. Albert Christian Billison, f. i Faribault Co., Minn. 18.2.1873, d. i Minneapolis, Minn. 20.8.1927.  Han gifte seg i Minneapolis, Minn. 20.9.1905 med Mary Bernadette Sullivan.  Ho var f. i Hennepin Co., Minn. 18.3.1887 og d. i Anoka, Minn. 10.2.1952.  Albert Billison var lagerarbeidar («delivery man»), og han og Mary budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Dei fekk seks born i lag.

g. Anna Tomine, kjend som Tomena Billison, f. i Winnebago Co., Ia. 14.2.1878, d. i Winnebago Co., Ia. ?.10.1882.

h. Edward Olaus Billison, f. i Winnebago Co., Ia. 29.12.1880, d. i Winnebago Co., Ia. 25.12.1882.

i. Anna Marie, kjend som Annie Billison, f. i Winnebago Co., Ia. 14.11.1882, d. i Minneapolis, Minn. 19.4.1950.  Annie gifte seg i Forest City, Ia. 15.3.1900 med Joseph Kilen, soneson av husmannen Erik Rasmusson frå Gjerdet under Kilen i Luster (1817-1897).  Joseph Kilen var f. i Jackson Co., Minn. 11.4.1873 og d. i Middle River, Minn. 18.4.1947.  Annie og Joseph farma i Kratka township, Pennington Co., Minn. og fekk fjorten born i lag, mellom anna denne dotteri:

- Clara Tomina Kilen (1917-1991), vart gift med søskenbarnet William Eli Pederson (1910-1977), son av husmannssonen Lars Pederson frå Bøen under Resaland på Hafslo (1866-1941) (s.d.).

j. Alma Thomine Billison, f. i Winnebago Co., Ia. 19.8.1886, d. i Hammond, Wis. 24.4.1963.  Alma gifte seg i Faribault Co., Minn. 9.10.1907 med Lars Andreas Mathiasson Sunde frå Storesunde i Stryn, i Amerika kjend som Lars Sunde.  Han var son av målar og handelskar Mathias Larsson på Storesunde i Stryn, sidan gardbruar på Lindvikopphavleg frå Lindvik, og kona Martha Colbensdotter frå Grønnes under Storesunde og f. i Stryn 6.1.1877, men utvandra til Amerika i 1899.  Han d. i Hammond, Wis. 31.7.1962.  Lars Sunde var jarnbanearbeidar og målar («railroad worker and painter»), og han og Alma budde for det meste i Hammond, St. Croix Co., Wis.  Dei fekk fem born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.