Gå til innhold
Nasjonalarkivet

LØYST: John A. Neus frå Sogn (1865-1920) og Kirsti «Christine» Strand frå Gran på Hadeland (1866-1941) - detaljar om dette parfolket etter 1910 og opphavet hennar?


Recommended Posts

Eg har i kveld etter over 30 års leiting endeleg greidd å finna lagnaden til John A. Neus (far frå Leikanger, mor frå Jostedalen), d.v.s. eg har finne dødsfallet hans, men har framleis vanskar med å finna stort meir.  Kona Kirsti «Christine» kom frå Gran på Hadeland, men oppphavet hennar der finn eg ikkje heilt ut av.  Kanskje finst det eksperthjelp å få frå Hadeland?

 

Eg finn heller ikkje vigsli deira og fleire detaljar om kvar dei budde mellom 1910 og 1920!?

 

Slik ser det ferske oppdaterte manuskriptet no ut:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet oppdatert i innlegg #7 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
  • Lars E. Øyane changed the title to John A. Neus frå Sogn (1865-1920) og Kirsti «Christine» Strand frå Gran på Hadeland (1866-1941) - detaljar om dette parfolket etter 1910 og opphavet hennar?
8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Dåpen til Kirsti med bustad Skute? - https://media.digitalarkivet.no/view/8969/184

 

     og f. i Gran 27.11.1866, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1868. 

 

     ##### (sjekka utvandringsåret? – 1867?)

 

 

https://www.digitalarkivet.no/view/289/hu00000000057409

https://www.digitalarkivet.no/view/289/hu00000000057410

https://www.digitalarkivet.no/view/289/hu00000000057411

https://www.digitalarkivet.no/view/289/hu00000000057412

Oppland fylke, Gran, Brandbu, Tingelstad i Gran, Ministerialbok nr. 12 (1856-1874), Utflyttede 1868, Side 1174-1175 - høyre side, nr. 145-148: https://media.digitalarkivet.no/view/8969/597

 

Endret av Grethe Flood

Vielsen til foreldrene 7. april 1864:

 

SAH, Gran prestekontor, Ministerialbok nr. 12, 1856-1874, s. 888-889
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070206620219
 

 

  • Liker 1

Karen Andersdatter Hole, kf 1844, oppgitt fødselsdato 22. februar 1830.

 

SAH, Gran prestekontor, Ministerialbok nr. 11, 1842-1856, s. 658-659
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070206610121
 

 

Det kan være Peder som er kf i 1847 fra Rudeneiet, oppgitt fødselsdato 16. juli 1830.

 

SAH, Gran prestekontor, Ministerialbok nr. 11, 1842-1856, s. 688-689
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070206610136
 

Ruden er like i nærheten av Skute / Strandstua.

Endret av Per Morset
Tillegg

Innlegg #7:

 

Hjarteleg takk til Grethe og Per for spennande og nyttige innlegg!

 

Då har eg fått svar på alle spørsmåli som gjeld den «norske» sida av denne huslyden, og me sit i hovudsak att med perioden 1910-1920 i Amerika, inklusive vigsli deira...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Manuskriptet er no oppdatert i innlegg #9 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

(date and place of his marriage? – after 1910/prior to 1920)

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/2084425:70873?tid=&pid=&queryId=773edac23bb69c59c8d2bdc3cf247368&_phsrc=ITW12762&_phstart=successSource

 

Name: John A Neus
Marriage Date: 30 Apr 1910
Marriage Place: Polk, Minnesota, USA
Spouse: Kirsti P Strand
Certificate Number: N/202
URL: https://moms.mn.gov/

Innlegg #9:

 

Hjarteleg takk til Sven for eit kjempeflott innlegg!  Eg ser at registeret «lurte» meg i aftes.  Eg søkte frå 26.6.1910 til 26.6.1920, og so gifte dei seg i april 1910!

 

Det er framleis eit òpe spørsmål kvar John og Christine kan ha butt mellom 1910 og 1920, men det får me kan henda aldri svar på, med mindre ein liktale eller liknande vil dukka opp...?

 

Eg vel difor å sjå på denne gåta som løyst, og eg takkar på ny for framifrå bistand!

 

Manuskriptet ser no slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Manuskriptet er no erstatta av eit endeleg manuskript i innlegg #11 under!

Endret av Lars E. Øyane
7 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Det er framleis eit òpe spørsmål kvar John og Christine kan ha butt mellom 1910 og 1920, men det får me kan henda aldri svar på, med mindre ein liktale eller liknande vil dukka opp...?

https://www.newspapers.com/clip/80366142/obituary-for-christine-neus-sllverton-a/

Innlegg #11:

 

Dette var kjekt, Sven!  Hjarteleg takk for at du fann denne liktalen!  Då har nok John og Christine teke over farmen etter broren Olaus då han i 1911 flytte til SD.  Eg forundra meg over at John og Christine var farmarar og samstundes leigebuarar i FT1920 i eit nabolag som ikkje er spesielt kjent som farmland, so eg trur me kan lata teksten stå slik, som erstatning for manuskriptet i Innlegg #9:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

John A. Neus, f. i Leikanger 8.10.1865, utvandra med foreldri til Amerika i 1866 og d. i Clackamas Co., Ore. 26.3.1920.  John budde heime på farmen {i Mower Co., MN} til han kring 1907 flytte inn hjå broren Olaus i Rosebud township, Polk Co., Minn.  Han gifte seg i Polk Co., Minn. 30.4.1910 med Kirsti Pedersdotter frå Strandstua, Skute i Gran på Hadeland, i Amerika kjend som Christine Strand.  Ho var dotter av gardbrukar Peder Pederson på Strandstua, Skute og første kona Karen Andersdotter frå Hole og f. i Gran 27.11.1866, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1868.  Ho d. i Silverton, Ore. 9.11.1941.  John og Christine skal ha farma nær Fosston, Polk Co., Minn.; kan henda tok dei over farmen i Rosebud township etter broren Olaus då han i 1911 flytte til Ziebach Co., S.D.  Men kort før 1920 flytte John og Christine til ein farm nær Silverton, Marion Co., Ore.  Truleg grunna sjukdom flytte dei ved årsskiftet inn til Killin precinct, Clackamas Co., Ore., men som enkje flytte Christine på ny til Silverton, Marion Co., Ore. der ho sidan livnærte seg som hushaldar («housekeeper»).  Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Problemet er soleis løyst, og eg er kjempenøgd!

  • Lars E. Øyane changed the title to LØYST: John A. Neus frå Sogn (1865-1920) og Kirsti «Christine» Strand frå Gran på Hadeland (1866-1941) - detaljar om dette parfolket etter 1910 og opphavet hennar?

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.