Gå til innhold
Arkivverket

Kari Olsdotter alias Carrie Olson Montgomery (1843-1920) - eit mysterium i Stoughton, WI


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som eg har kjempa med i over 40 år, men som eg aldri har greidd å løysa.  Kanskje tidi no er kommi?

 

Kari Olsdotter Aarøy (Bandskjerøyri) alias Carrie Olson, var fødd i Sogndal 23.9.1843 som dotter av Ole Olson (1802-1885) og Mari Andersdotter (1815-1908), båe barnefødde i Hafslo.  Ole og Mari utvandra i 1866 til McFarland, Dane Co., WI og levde levetidi ut der.

 

Kari «Carrie» utvandra i 1862, og med ein Jacob Hansson (av ukjent opphav) fekk ho ein son:

 

* Henry Martin Hanson, fødd i McFarland, Dane Co., WI 15.10.1874

 

Ei tid etter flytte Kari «Carrie» til Chicago, IL der ho 7.10.1882 gifte seg med Henry S. Montgomery, fødd i Knox Co., ME 25.8.1858.  Henry var «teamster and solderer», og parfolket vart buande i Chicago, IL der Carrie døydde 26.1.1920.  Henry Montgomery døydde same staden 10.4.1929.  Dei fekk ei dotter i lag.

 

Det føreligg ein mistanke om at Jacob Hansson og Kari «Carrie» Olson var GIFTE, men dette har eg ikkje vore i stand til å prova!

 

Kan nokon hjelpa meg finna ut av dette, til dømes med å finna Jacob, Kari «Carrie» og son deira i FT1880?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Lars J. for eit spennande innlegg!

 

Eg har nok oversett denne Henry i FT1880, men han er utan tvil son hennar Kari «Carrie».  Olina var ei anna dotter i denne huslyden, men ho hadde ikkje born.

 

Kari «Carrie» Olson er ikkje å sjå i nabolaget og heller ikke nokon Jacob Hanson!?  Og no er eg heller ikkje i stand til å finna att barnedåpen til Henry Martin!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 28.6.2021 den 23.22, Lars E. Øyane skrev:

* Henry Martin Hanson, fødd i McFarland, Dane Co., WI 15.10.1874

Dette har du sikkert fra før, Lars, men jeg ligger det inn:

https://www.findagrave.com/memorial/42973104/henry-m.-hanson

Henry M. Hanson

BIRTH 15 Oct 1874
DEATH 11 Jun 1908 (aged 33)
BURIAL McFarland, Dane County, Wisconsin, USA
MEMORIAL ID 42973104 · View Source
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Grethe for det siste spennande innlegget!

 

Nei, denne gravferdi har nok gått meg «hus forbi», men dette forklarar jo òg at av Carrie sine to born var berre eitt i live i 1910.

 

Kan ein liktale («obituary») finnast for unge Henry?

 

Uansett, framleis er det ikkje noko å sjå til Jacob Hanson, so eg trur at denne «mistanken» om eit giftarmål mellom Jacob og Kari «Carrie» ikkje kan vera rett...

 

Men det hadde vore svært so kjekt om me kunne finna Kari «Carrie» i FT1880!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

?????

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N77V-NLL

Navn: Hanson
Birth Date: 19 Aug 1883
Birthplace: Chicago, Cook, Illinois
Gender: Male
Race (Original): w
Race: White
Father's Name: Jacob Hanson
Mother's Name: Carrie Olson

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NQ55-536

Navn: Hansen
Kjønn: Male
Fødselsdato: 19 Aug 1883
Fødested: Chicago, Cook, Illinois, United States
Fødested: Chicago, Cook, Illinois
Fars navn: Jacob Hansen
Mors navn: Carry Olson
ID-nummer: 34944
Registration Place: , Cook, Illinois
 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MXNB-5ZG

Type hendelse: Census
Navn: Carrie Hanson
Kjønn: Female
Alder: 34
Hendelsesdato: 1880
Sted for hendelse: Chicago, Cook, Illinois, United States
Fødselsår (anslått): 1846
Fødested: Norway
Sivilstand: Married
Yrke: Keeping House
Rase: White
Relationship to Head of Household: Wife
Fars fødested: Norway
Mors fødested: Norway
Person Number: 1
Sheet Letter: D
Sheet Number: 74
Volume: 2
 

Husstand Rolle Kjønn Alder Fødested
Jacob Hanson Self M 38 Norway
Carrie Hanson Wife F 34 Norway
John G Hanson Son M 10 Wisconsin, United States
Henretta Hanson Daughter F 8 Illinois, United States
Emma Hanson Daughter F 4 Illinois, United States
Annie Hanson Daughter F 1 Illinois, United States

 

 

https://www.familysearch.org/search/ark:/61903/1:1:QP18-25PJ

https://www.familysearch.org/search/ark:/61903/1:1:VHZC-5K6

https://www.familysearch.org/search/ark:/61903/1:1:MN9S-85J

https://www.familysearch.org/search/ark:/61903/1:1:MJW9-FNK

https://www.familysearch.org/search/ark:/61903/1:1:Q5QV-RSTY

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Carrie og Henry Montgomery i 1900

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6WM3-MLF?i=33&cc=1325221&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AMSQK-5JL

Her står Carrie med 0 barn? I 1910 står hun med to barn, ett i live. https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RJR-J9W?i=16&cc=1727033&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AMKZT-4GH. Ut fra Carries alder har hun neppe fått 2 barn etter 1900, så her er det noe som ikke stemmer. Hvem er de to barna til Carrie og når er de i tilfelle født/død?

 

Sikkert et skudd i blinde, men jeg finner  en Henry Hanson, alder ett år,  i 1875 i Minnesota, født i Wisconsin. Foreldre EDWARD Hanson og Carie født 1843 i Norge. https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-62G9-41K?i=8&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AMKND-1BP

 

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #8:

 

Hjarteleg takk til Grethe og Lars J. for nye utfordrande innlegg!

 

Eg ser no at det var ei Carrie Olson gift med Jacob Hanson som budde i Chicago, IL i 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-67Q7-9QB

 

Sonen som dei fekk i 1883 (jmf. Innlegg #6 frå Grethe) var (WW1 draft):

 

Name: Edwin Clarence Hanson
Race: White
Birth Date: 19 Aug 1883
Residence Date: 1917-1918
Street Address: 1227 Milwaukee Ave
Residence Place: Chicago, Cook, Illinois, USA
Draft Board: 37
Physical Build: Medium
Height: Tall
Hair Color: Brown
Eye Color: Gray
Relative: Marie Hanson

 

Den Jacob Hanson som Grethe nemner i Innlegg #6 (siste posten) var sjømann og hadde òg ei kona Carrie, men me veit ikkje om ho var ei Olson!  Her er denne «sjømannshuslyden» i FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DZJS-VRS

 

Ingen av desse Jacob Hansons kan ha vore gift med «vår» Carrie Olson, men eg trur at ein eller annan som har forska på denne ætti, har oppdaga at det var ein Jacob Hanson som var gift med ei Carrie Olson om lag på same tid, og har «konkludert» med at «vår» Carrie vart gift med barnefaren frå Stoughton frå 1874!

 

Elles er FT1900 for Carrie og Henry Montgomery ganske sikkert feil med omsyn til talet på born.

 

Eg trur me kan seia at dette problemet etter kvart er løyst, so langt det går, men kanskje finst det liktaler («obituaries») etter Henry og/eller Carrie MONTGOMERY?  (Dødsdatoane deira finst i Innlegg #1)

 

Eg har òg vanskar med to yngre søstrer av Carrie Olson Montgomery - den eine, Andrea «Annie» Olson HURLEY,  følgjer her: https://forum.arkivverket.no/topic/248145-andrea-«annie»-hurley-f-olson-fødd-i-sogndal-1855-til-amerika-i-1866-og-gift-i-chicago-il-men-kven-var-mann-hennar-ei-kjempeutfordring/

 

Hi søsteri var:

 

* Margretha Olsdotter «Maggie Olson», fødd i Sogndal 16.3.1847, vart att eit par år i Sogndal, men utvandra i 1870.  Eg har so langt ikkje finne spor etter ho i Amerika, so kvar kan ho ha vorti av??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.