Gå til innhold
Arkivverket

Thore Knutson og heile huslyden hans på Myrstuen i Sør-Aurdal utvandra til Amerika mellom 1865 og 1870, men kva år fór dei? Og kvar kom foreldri Thore og Ingrid ifrå?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg held fram med kartleggjingi av dei tidlege norske emigrantane til Buffalo Co., WI og er i dag råka borti denne huslyden frå Sør-Aurdal:

 

FT1865 for garden Myrstuen i Sør-Aurdal syner: https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0540&kenr=003&bnr=0007&lnr=000

 

Thore Knutson Biøgons og Ingrid Knutsdotter Kloshøsin gifte seg i Nord-Aurdal 28.10.1823: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000009096694

 

Dei budde sidan på Myren i Nord-Aurdal, men var altso komne til Myrstuen i Sør-Aurdal før 1865.  Svigerdotteri Siri Andersdotter var frå Thon i Nord-Aurdal.

 

Dei fekk òg ei dotter Bertha Marie fødd i Sør-Aurdal 12.11.1866, men i 1870 var dei alle «på plass» i Modena township, Buffalo Co., WI!

 

Utflyttelistene frå Sør-Aurdal er heller «magre», og eg finn dei ikkje utvandra der, so no vonar eg at:

 

* Ein eller annan kan finna ut kva år denne huslyden utvandra?

 

* Og kva gardar/plassar foreldri Thore og Ingrid kom ifrå? - gjerne med dåpsdatoar?

 

Kanskje finst det ei bygdebok som kan skaffa oss svari?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 hour ago, Lars E. Øyane said:

Utflyttelistene frå Sør-Aurdal er heller «magre», og eg finn dei ikkje utvandra der, so no vonar eg at:

 

* Ein eller annan kan finna ut kva år denne huslyden utvandra?

 

Thore Knudsen

 in the Canada, Arriving Passengers Lists, 1865-1935

Name:Thore Knudsen

Arrival Age:73

Birth Year:abt 1795

Arrival Date:Jun 1868

Arrival Port:Canada

Vessel:Bravo

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=1263&h=7242766&tid=&pid=&queryId=9e6aa151008b34fca230de39ab5d0a86&usePUB=true&_phsrc=rXG1&_phstart=successSource

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #6:

 

Hjarteleg takk til Lars J. og Anton for kjempefin oppklaring av denne huslyden!  Då er utvandringsåret 1868 «på plass».

 

So vidt eg kan forstå, må Ingrid Knutsdotter vera døypt i Nord-Aurdal 17.5.1798 som dotter av husmann Knut Nilsson i Klosbøleiget, men det er faktisk fire forskjellige Thore Knutson fødde i Nord-Aurdal om lag på same tid, og kva for ein av dei me her har med å gjera, er ikkje so godt å seia...  Kanskje finst det ekspertise der ute?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #9:

 

Hjarteleg takk til Lars J. for nye spennande innlegg!

 

Eg ser at bygdeboki for Sør-Aurdal antek at Thore Knutson kom frå Åbjør (Aaberg), som vel er i Nord-Aurdal, men han høyrest ikkje so sikker ut, og mange av datoane hans er heller unøyaktige...  Kann me so stola på dette?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Kann me so stola på dette?

Svaret på dette er nok NEI. Den Thore Knudsen Aaberg som er funnet døpt i 1794 er trolig den samme som ble gift i 1828 med Anne Olsdtr Garlie.

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000008871760

 

Det er jo flere muligheter her. Ser at Thore Knudsen ved vielsen i 1823 står med Bjørgum som oppholdssted. Da er en mer nærliggende kandidat denne

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058264000159

Ødegaarden var et bruk under Bjørgum. Det var også nære forbindelser mellom Bjørgum og Klosbøle. Men Valdres-soga gir sparsomt med opplysninger, og jeg kan ikke se at de du søker etter er nevnt der.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #11:

 

Hjarteleg takk til Lars J. for eit nytt spennande innlegg!

 

Dersom den nye «kandidaten» din stemmer, ser eg at han er fødd i Disserudeiget og vart døypt 14.8.1796:

https://media.digitalarkivet.no/view/9363/97

 

Stort nærare kjem me truleg ikkje utan ein fullstendig analyse av desse kyrkjebøkene...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.