Gå til innhold
Arkivverket

Ole Fredrikson og Guri Halvorsdotter - utvandra frå Nord-Aurdal i 1866/1867 - kvar er borni Halvor og Gunhild fødde? - kva med dotteri Anna Marie f. 1867?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg held fram med sjekkingi av det norske folket i Buffalo Co., WI og har i dag råka borti ein huslyd som eg har vanskar med å tolka.  Kanskje nokon kan hjelpa meg?

 

Ole Fredrikson og Guri Halvorsdotter var i 1865 innerstfolk på Ødegaarden i Nord-Aurdal: https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0542&kenr=002&bnr=0073&lnr=000

 

Dei gifte seg i Nord-Aurdal 1.1.1855: https://media.digitalarkivet.no/view/8984/120

 

I april 1866 utvandra Ole Fredrikson med dei to sønene Fredrik og Halvor til Amerika (#203-205): https://media.digitalarkivet.no/view/8982/340

 

Sommaren 1867 utvandra Guri Halvorsdotter med dei to yngste borni Gunhild og Erik til Amerika (#179-181): https://media.digitalarkivet.no/view/8982/352

 

Ifølgje eit family tree hjå ancestry.com fekk dei òg ei dotter Anna Marie, fødd i Wisconsin 28.10.1867: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/115509298/person/200239877670/facts

 

Det same family treet syner fødselsdatoar for borni:

* Fredrik f. 14.11.1856

* Halvor f. 1.8.1860

* Gunhild f. 28.10.1863 (i Bergen!?)

* Erik f. 9.1.1865

 

No har eg saumfare kyrkjebøkene for Nord-Aurdal, men eg kan berre finne to av desse borni, Fredrik i 1856 og Erik i 1865.  So kvar er dei to andre barnedåpane??

 

Og so spekulerer eg på fødsli til Anna Marie - om ho er fødd 28.10.1867, er ho «unnfanga» etter at mann hennar utvandra til Amerika!!!  Uffda!  Kvar er dåpen hennar?

 

FT1870 syner huslyden busette i Gilmanton township, Buffalo Co., WI, og dei skal òg ha hatt ei dotter Lina, fødd i WIsconsin i januar 1870, men denne barnedåpen finn eg heller ikkje...!

 

PS: Eg finn forresten heller ikkje nokon barnedåp for mori Guri Halvorsdotter Meisdalen, dotter av Halvor Endreson og fødd i Nord-Aurdal kring 1830!?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

PS: Eg finn forresten heller ikkje nokon barnedåp for mori Guri Halvorsdotter Meisdalen, dotter av Halvor Endreson og fødd i Nord-Aurdal kring 1830!?

Født 6.8.1831, døpt 18.9.1831

https://media.digitalarkivet.no/view/9371/48

Permanent bildelenke https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603940159.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MN4N-3Z9

Type hendelse: Census
Navn: Ole Fredrickson
Kjønn: Male
Alder: 54
Hendelsesdato: 1880
Sted for hendelse: Drammen, Eau Claire, Wisconsin, United States
Fødselsår (anslått): 1826
Fødested: Norway
Sivilstand: Married
Yrke: Farmer
Rase: White
Relationship to Head of Household: Self
Fars fødested: Norway
Mors fødested: Norway
Person Number: 0
Sheet Letter: B
Sheet Number: 551
Volume: 1
 

Husstand Rolle Kjønn Alder Fødested
Ole Fredrickson Self M 54 Norway
Guri Fredrickson Wife F 49 Norway
Halvor Fredrickson Son M 19 Norway
Erik Fredrickson Son M 14 Norway
Anne Marja Fredrickson Daughter F 13 Wisconsin, United States
Lina Fredrickson Daughter F 10 Wisconsin, United States
Oline Fredrickson Daughter F 7 Wisconsin, United States
Karine Fredrickson Daughter F 5 Wisconsin, United States

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MN4N-3Z9?q.givenName=ole&q.surname=fredrickson&q.birthLikePlace=norway&q.residencePlace=wisconsin&q.residenceDate.from=1890&q.residenceDate.to=1895&q.spouseGivenName=guri&q.spouseSurname=fredrickson&count=20&offset=0&m.defaultFacets=on&m.queryRequireDefault=on&m.facetNestCollectionInCategory=on

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Lars J., Anne og Grethe for interessante og nyttige innlegg!

 

Dette er ein «pussig» huslyd!  Dersom fødselsdatoen til Anna Marie er rett, og eg ser ikkje nokon grunn til å tvila på denne, so er det noko anna som IKKJE stemmer:

 

* Kan det tenkjast at heile huslyden utvandra i lag i 1867?  Kanskje finst det skipslister frå Quebec?

 

* Elles er det framleis eit stort «mysterium» med fødselsdatoane (og fødestadane) til Halvor og Gunhild!?

 

Eg ser at Guri ved dåpen hadde ein far med eit namn som ikkje stemmer med vigsli hennar, men her kan jo sjølvsagt presten ha skrive feil?  Ogso ved konfirmasjonen hennar i 1848 heitte faren Halvor Halvorson..: https://media.digitalarkivet.no/view/8984/86

 

Det er elles heilt tydeleg at Gilmanton township for ein stor del var nylig oppbygd, og at mange av desse første settlarane flytte på seg etter få år.  Interessant å studera, men ikkje alltid so helt enkelt...

 

Ein ny kjempetakk fo framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Innlegg #7:

 

Ein forseinka, men like hjarteleg takk tll Anne for siste innlegget frå 14.8.

 

Det er vel etter dette liten tvil om at yngste dotteri frå FT1870 heitte Sina, men eg mistenker dette for å vera ei «avstutting» av eit lengre namn, kan henda Monsina eller Larsina?

 

Elles er nok den største utfordringi med denne huslyden spørsmåli kring dei to borni Halvor og Gunnhild og dåpane deira, samt utvandringsspørsmålet...; reiste dei alle i 1867?  Finst det ei passasjerliste over Quebec?

 

Slik der denne huslyden pr. dags dato ut i mitt manuskript:

 

Frederikson, Ole 50 farmer Nor                                  Ole Fredrikson Ødegaarden f. Etnedal 19.8.1825 utv. 1866(?)

Frederikson, Julia 33 keeping house Nor                   Guri Halvorsdotter Meisdalen f. Nord-Aurdal 6.8.1831 utv. 1867

Frederikson, Fredrick 15 at home Nor                        + Fredrik f. Nord-Aurdal 14.11.1856 utv. 1866(?)

Frederikson, Halver 11 at home Nor                           + Halvor f. Nord-Aurdal 1.8.1860(?) utv. 1866(?)

Frederikson, Julia 9 at home Nor                                + Gunhild f. Nord-Aurdal 1861(?) utv. 1867

Frederikson, Erick 7 at home Nor                               + Erik f. Nord-Aurdal 9.1.1865 utv. 1867

Frederikson, Marian 5 at home Nor                            + Anna Marie f. i Green Co., WI 28.10.1867

Frederikson, Lina 5/12 at home WI Jan                     + Sina f. Dane Co., WI ?.12.1869

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjing av norske emigrantar i Buffalo Co., WI!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.