Gå til innhold
Arkivverket

Johannes Halvorsen (Kroken) (1826-1879) gravar i Bergen - gift med Rebekka Jordan frå Haus - opphavet hennar og kvar vart det av Rebekka og borni deira - minst ein son til Amerika!?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

21 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Han gifte seg

 

     ##### (date and place of his marriage?)

 

     med Julia N.

 

     ##### (Julia P? – f. ND 1884)

 

På 2.9.2021 den 22.27, Lars Waaltorp skrev:

 

North Dakota, Red River Valley Genealogical Society, Pioneer Files, 1880-1953:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:7K4Y-BX3Z

 

 

I "North Dakota, Red River Valley Genealogical Society, Pioneer Files, 1880-1953" står det at Julia var født 7.9.1883 i Whitman, ND. Jeg finner en Julia P. Nelson som døde i 1957 som var født på denne datoen:  https://www.findagrave.com/memorial/36335370/julia-p-nelson

 

Hun er gravlagt sammen med Alfred Carl Nelson:  https://www.findagrave.com/memorial/36335468/alfred-carl-nelson

 

Her er antagelig Alfred Carl Nelson i 1940, gift med "Hylda":   https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:KM9Y-XWM

 

Kan det være at Alfred og Julia giftet seg en gang etter 1940?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #27:

 

Hjarteleg takk til namnebrør Lars J. og Lars W. for bye svært spennande og interessante innlegg!

 

So var altso ættenamnet hennar Johanne so feilskrive, at eg ikkje fann ho i søki mine, og ho er likeins «forsynt» med feil dødsår på gravstøtta!  Men no er dødsattesten hennar komen «på plass», og me kan sjå at ho er «full blink»: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60716/images/45232_354188-01365?treeid=&personid=&hintid=&queryId=322f7793efbfdb1006758b3621855226&usePUB=true&_phsrc=Nzx26621&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=837887

 

Med kjend dødsdato 17.1.1948 er det kanskje mogeleg å finna ein liktale (obituary)?

 

Observasjonen til Lars W. kring Carl og Julia i Fordville, ND er ogso ganske so spennande!  No finn eg:

 

* Dødsfallet til Carl Halvorson i Fordville, ND 6.1.1940 som fortel at han hadde vore sengjeliggjande dei siste fire åri: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60722/images/41742_314353-00322?treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true&pId=991866

 

* Barnedåpane til tvillingsønene i Fordville, ND 1.9.1920 som fortel at foreldri var Carl og Julia Halvorson: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60722/images/41742_314353-00299?treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true&pId=991866

 

* Konfirmasjonane til sønene i Fordville, ND 1935 som fortel at foreldri var Carl og Nellie Halvorson: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60722/images/41742_314353-00310?treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true&pId=991866

 

* Og her er barnedåpen til Julia Petrine, fødd «uekte» 7.9.1883, der einaste tilleggsopplysning er mori sitt namn Anne: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60722/images/41742_314352-00270?treeid=&personid=&hintid=&queryId=ae60cf371d6ec7ef88d588aedfa6cf34&usePUB=true&_phsrc=Nzx26622&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=4419412

 

MEN, eg finn ikkje denne Julia korkje i FT1885 eller i FT1900 eller FT1910, men me kjenner jo ikkje jentenamnet hennar...

 

Elles trur ogso eg at Alfred Carl Nelson godt kan ha vore ein ektemann #2 for Julia!

 

Eg ser at det var heile fem gutar med namn Hans Paulson som var fødde i Nord- eller Sør-Trøndelag i 1853 (jmf. FT1865) samt ein Hans Peter Paulson i Trondheim i 1852!

 

             
bosted3.gif Nærøy Paulsen, Hans   1853 Nærø Prgj. Lyngsnæs
bosted3.gif Overhalla Paulsen, Hans   1853 Overhalla Budalen
bosted3.gif Stadsbygd Paulsen, Hans   1853 Stadsbygds Prgj. Flytøren
             
             
             
             
bosted3.gif Inderøy Paulsen, Hans   1853 Inderøens Præs Storenget
             
             
bosted3.gif Frol Paulsen, Hans Jætergut 1853 Levanger Prgj. Rinnan øvre
             
             
             
             
bosted3.gif Strinda Paulsen, Hans Peter   1852 Throndhjem Valhalla
             

 

So det vert vel ikkje so lett å finna «rette» guten...?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Halvorson {Krogen}, f. {i Luster} 27.2.1826,

Johannes Halvorsen flytte i ung alder til Bergen der han 23.2.1851 gifte seg med Rebekka Joachimsdotter Jordan frå Mjelde i Haus.  Ho var dotter av kjøpmann Joachim Henrik Carlson Jordan på Mjelde, opphavleg frå Bergen, og kona Martha Andersdotter frå Mjelde og f. i Haus 30.10.1818.  Johannes Halvorsen var gravar, og han og Rebekka budde fleire stader i Bergen, mellom anna i Nordre Stenkjældersmug, på Grønnevolden og i Nedre Hamburgersmug.  So flytte dei til Nedre Fjeldsmug, men budde til sist i Øvre Hamburgersmug der Johannes d. 22.11.1879.  Rebekka utvandra i 1881

 

##### (eller 1882? – ført båe åri!)

 

til Amerika og busette seg i Chicago, Cook Co., Ill. der ho skreiv seg for Rebecca Halvorson.  Ho d. i Chicago, Ill. 7.8.1893.  Dei fekk fem born i lag:

a. Martine Johannesdotter Halvorsen, f. i Bergen 11.4.1852, d. i Bergen 23.4.1852.

b. Joachim Martin, kjend som Joakim M.

 

     ##### (called Martin in 1930 census!)

 

     Halvorson, f. i Bergen 23.5.1853, utvandra til Amerika i 1869

 

     ##### (verify with passenger list?)

 

     og gifte seg

 

     ##### (date and place of his marriage? – 1900 census suggests 1885!)

 

     med enkja Britha Thomasdotter, opphavleg frå Eggum på Leikanger.  Ho var dotter av husmann Thomas Iverson på ein plass under Eggum, opphavleg frå Lidal i Balestrand, og kona Cecilia Olsdotter frå Amla i Sogndal og f. i Balestrand 8.3.1841, men gifte seg første gongen i Brekke, Gulen 21.4.1866 med Gregorius Thorson frå Takle i Brekke, f. i Brekke 21.2.1846.  Dei utvandra til Amerika i 1866 og farma under namni Gilbert og Betsy Thorson i Naples township, Buffalo Co., Wis. der Gilbert d. 29.1.1879.  Joakim var optikar («optician»), og han og Betsy busette seg i Eau Claire, Eau Claire Co., Wis.

 

     ##### (perhaps only retired to Eau Claire, WI!? – lived 1886 in Northwood, ND – 1900 Betsy «married» in Mondovi, Buffalo Co., WI! – with daughter – https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120618_00481?usePUB=true&usePUBJs=true&pId=90839984

 

     der Joakim d.

 

     ##### (1930-1931!?)

 

     Betsy Halvorson d.

 

     ##### (date and place of her death? – after 1930!)

 

     Betsy fekk i alt sju born; av dei var ei dotter frå andre ekteskapet med Joakim.

 

     ##### (Rebecca Josephine Peterson, f. Northwood, ND 29.11.1886 – living 1929 in Chicago, IL

https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60722/images/41742_314229-00246?treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true&pId=1100558

 

c. Carl Andreas, kjend som Carl A. Halvorson, f. i Bergen 6.5.1855, var sjømann, men utvandra til Amerika i

 

     ##### (1879 or later?)

 

     Han gifte seg

 

     ##### (date and place of his marriage?)

 

     med Julia Pernille

 

     ##### (maiden name?)

 

     f. i Nelson Co., N.D. 7.9.1883.  Dei busette seg i Fordville, Walsh Co., N.D., men Carl heldt fram som sjømann «sailor» på dei store sjøane.  Carl d. i Fordville, N.D. 6.1.1940, og Julia gifte seg att

 

     ##### (date and place of her 2nd marriage?)

 

     med enkjemannen Alfred Carl Nelson, f. i Walsh Co., N.D. 29.9.1891.  Men Julia d. i Fordville, N.D.

 

     ##### (place of her death to be verified!?)

 

     8.12.1957, medan Alfred Nelson d.

 

     ##### (place of his death? – Walsh Co., ND!?)

 

     21.2.1973.  Julia fekk tre søner, som alle var frå første ekteskapet med Carl Halvorson.

d. Henrik Lyder Johannesson Halvorsen, f. i Bergen 24.1.1858, utvandra til Amerika i

 

     ##### (year of emigration?)

 

     og gifte seg i Chicago, Ill. 6.10.1888 med Mary Petterson

 

     ##### (full name, birth and death?)

 

     Henrik var salmakersvein («saddle maker») og budde i Chicago, Ill., men kom i 1899 som enkjemann attende til Noreg og budde sidan for det meste i Bergen der han d. 12.8.1935. 

 

     ##### (children??)

 

e. Johanna, kjend som Johanna Halvorson, f. i Bergen 22.2.1861, utvandra til Amerika i 1881 og gifte seg i Chicago, Ill. 29.4.1882 med Hans Paulson frå Trondheim, i Amerika kjend som Hans Paulson.  Han var son av

 

     ##### (parents?)

 

     og f. i Trondheim

 

     ##### (exact date and place of his birth? – 1853!?)

 

     men utvandra til Amerika i

 

     ##### (year of emigration?)

 

     Hans var

 

     ##### (occupation?)

 

     og han og Johanna budde i Chicago, Cook Co., Ill. der Hans d. 3.8.1893.  Som enkje flytte Johanna med dotter si til Baltimore, Md. og sidan til Gary, Lake Co., Ind. der ho d. 17.1.1948.  Hans og Johanna fekk tre born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #28:

 

Heisan, eit nytt søk i vigdebasen i Minnesota gav følgjande resultat:

 

Name: Carl Halvorson
Marriage Date: 30 Sep 1919
Marriage Place: Marshall, Minnesota, USA
Spouse: Julia P Moen
Certificate Number: G-148

 

Dette må jo vera «våre» folk, og me får ei stadfesting av at Julia skreiv seg MOEN!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #29:

 

Og der fann eg faktisk ogso vigsli til Alfred Nelson og Julia Halvorson:

 

Name: Alfred Nelson
Marriage Date: 2 Jun 1947
Marriage Place: North Dakota, USA
Marriage Registration Place: Walsh, North Dakota, USA
Spouse: Julia Halvorson

 

Nettet børjar å «snøra seg saman»...!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.