Gå til innhold
Arkivverket

Syver Knutson Ramseth - fødd i Stange 1823 - utvandra til Amerika før 1853 - kva år reiste han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Syver Knutson Ramseth, fødd i Stange 6.2.1823 som son av Knut Iverson og Cathrine Hansdotter

 

stod brudgom i Dane Co., WI 17.11.1853 då han gifte seg med Britha Nitter Johannesdotter Høyum, fødd på Lesja 8.12.1818. Ho utvandra i 1847

 

Dei fekk mange born i lag, men dei to eldste finn eg ikkje døypte:

 

* John (Johannes?), fødd Dane Co., WI 14.12.1851

 

* Knut, fødd Dane Co., WI 29.4.1854

 

Eg har ein sterk mistanke om at John (Johannes) var ein son som Britha fekk FØR ho gifte seg med Syver, men kan ikkje prova dette...

 

Kan nokon, eventuelt med hjelp av bygdeboki for Stange, hjelpa meg med følgjande:

 

** Kva yrkestitel hadde Knut Iverson på Ramseth, og kvar var han fødd/oppvaksen?

 

** Kvar var Cathrine Hansdotter fødd/oppvaksi?

 

** Kva år utvandra Syver Knutson til Amerika?

 

** Greier nokon finna dei to barnedåpane frå Wisconsin for John (Johannes) og Knut?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikke lett å finne uten Geni -kilde fra Grethe.

 

Syver Venerdsen

 in the New York, U.S., Arriving Passenger and Crew Lists (including Castle Garden and Ellis Island), 1820-1957

Name:Syver Venerdsen

Gender:Male

Age:27

Birth Date:abt 1823

Departure Port:Norway

Arrival Date:21 Sep 1850

Arrival Port:New York, New York, USA

Ship Name:Sjofna

ScreenShot20210907at.png

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc=ieq8&_phstart=successSource&usePUBJs=true&indiv=1&dbid=7488&gsfn=syver&gsfn_x=1&gsln_x=1&msady=1850&msady_x=1&_F0005959=sjofna&_F0005959_x=1&new=1&rank=1&uidh=bz3&redir=false&gss=angs-d&pcat=40&fh=0&h=1023835548&recoff=&ml_rpos=1&queryId=01b51beddb6de5ab15563d153e83ae0e

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #7:

 

Hjarteleg takk til Grethe, Anton og Lars J. for spennande og nyttige innlegg!

 

Eg har med dette fått svar å det aller meste, og i og med at Syver utvandra so tidleg som i 1850, KAN han godt ha vore far ogso til eldste sonen Johannes (John), men barnedåpane til dei to eldste gutane er tydeleg ikkje so lette å finna...

 

Elles har eg vanskar med å definera opphavet til Cathrina Hansdotter «frå Feiring».  I Hurdal prestegjeld (inkl. Feiring) var det i 1801 tre jenter om lag på same alder med namnet Cathrina Hansdotter, so kven av dei kan ha vore gift på Ramseth?

 

https://www.digitalarkivet.no/census/search/1801/58231?fornavn=Kat*&etternavn=han*&familiestilling=&sivilstand=&yrke=&fodselsaar=&alder=&ny_husholdning=&merknader=&bosted=&bydel=&gaardsnummer=

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Britha Nitter Johannesdotter {Høyum}, f. i Lesja 8.12.1818,

Britha Johnson utvandra til Amerika i 1847 og gifte seg i Dane Co., Wis. 4.11.1853 med Syver Knutson frå Ramseth i Stange på Hedmark, i Amerika kjend som Syver Ramsett.  Han var son av gardbrukar Knut Iverson på Ramseth, opphavleg frå Tangen, og andre kona Cathrina Hansdotter frå

 

##### (kva gard i Feiring?)

 

Feiring.  Syver var f. i Stange 6.3.1823, men utvandra til Amerika i 1850.  Britha og Syver Ramsett slo seg ned som farmarar i Sterling township, Vernon Co., Wis. der Britha d. 15.2.1875.  Syver vart sidan attgift med enkja Elen Tøgersdotter, opphavleg frå Skagen, kjend som Ellen Everson (1817-1905).  Ho hadde før vore gift med gardbrukar Johan Henrik Nitter, kjend som Henrik Iverson i Skår (1814-1875) (s.d.).  Syver Ramsett d. i Vernon Co., Wis. 21.11.1903.  Britha og Syver fekk åtte born i lag:

 

##### (var eldste sonen verkeleg deira i lag?)

 

a. Johannes, kjend som John Ramsett, f. i Dane Co., Wis. 14.12.1851, d. ved ein mølleeksplosjon i Moorhead, Minn. 17.3.1893.  Han gifte seg i Vernon Co., Wis. 6.11.1889 med Karen Paulsdotter Ramseth frå Langtrøen på Tynset, i Amerika kjend som Carrie Ramsett.  Ho var dotter av bakar og gardbrukar Paul Olson Ramseth på Langtrøen, Tynset, opphavleg frå Ramseth i Stange, og kona Barbro Iversdotter frå Gammeludstumoen nedre på Tynset og f. på Tynset 28.5.1870.  Carrie utvandra til Amerika i 1888 og d. i Shawano Co., Wis. 15.4.1945.  John Ramsett var møllar («miller»), og han og Carrie budde i Moorhead, Clay Co., Minn. den korte tidi dei var gifte.  Dei fekk to born i lag.

b. Knut, kjend som Knute S. Ramsett, f. i Dane Co., Wis. 29.4.1854, d. i Fingal, N.D. 5.1.1934.  Knute gifte seg i Burleigh Co., N.D. 25.7.1888 med Bertha M.

 

     ##### (middle name?)

 

     Cumberland, f. i Venango Co., Pa. 9.9.1859.  Ho d. i Fingal, N.D. 16.10.1932.  Knute var ei tid kolonialhandlar («grocery businessman») i lag med broren Edward i Washburn, McLean Co., N.D., men han og Bertha var frå 1892 busette i Fingal, Barnes Co., N.D. der Knute var handelsmann («merchant»).  Dei fekk to søner i lag.

c. Karen Mathea, kjend som Carrie M. Ramsett, f. i Vernon Co., Wis. 20.10.1855, d. ugift i Saranac, Mich. 30.1.1941.  Caroline var syerske («seamstress») og budde i Saranac, Ionia Co., Mich.

d. Edvard, kjend som Edward Ramsett, f. i Vernon Co., Wis. 13.3.1857, d. ugift i Douglas, Az. 25.3.1912.  Edward var frå 1884 til 1892 kolonialhandlar («grocery businessman») i Washburn, McLean Co., N.D. i lag med broren Knute, men hadde sidan ikkje nokon fast tilhaldsstad.

e. Henrik Julius, kjend som Henry Ramsett, f. i Vernon Co., Wis. 16.5.1859, d. i Willmar, Minn. 4.11.1917.  Han gifte seg i New London, Minn. 30.5.1885 med Ella May Wright.  Ho var f. i Dodge Co., Minn. 14.12.1865 og d. i East Grand Forks, Minn. 9.3.1927.  Henry Ramsett var vald kommunefunksjonær («Kandiyohi County Clerk of Court»), og han og Ella budde i Willmar, Kandiyohi Co., Minn.  Dei fekk tre born i lag.

f. Peder Andreas, kjend som Andrew P. Ramsett (1861-1931), vart gift med paktardotteri Bertha Ellingsdotter frå Dale (1866-1943) (s.d.).

g. Christopher Ramsett, f. i Vernon Co., Wis. 12.10.1863, d. ugift i Yuma, Az. 12.10.1939.  Christopher Ramsett var snikkar («carpenter») og budde for det meste i Flagstaff, Az.

h. Bertha Marie, kjend som Mary Ramsett, f. i Vernon Co., Wis. 31.5.1865, d. i Saranac, Mich. 17.3.1947.  Mary gifte seg i Gary, S.D. 17.11.1884 med Dallas Gardner Eddy, f. i Ionia Co., Mich. 15.1.1865.  Han d. i Ionia Co., Mich. 4.2.1906.  Mary og Dallas Eddy farma i Berlin township, Ionia Co., Mich. og fekk sju born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars!

Tror jeg kan fremskaffe opphavet til Cathrine Hansdatter, men jeg har ikke tilgang til "mine data" her i dag. Cathrine er sannsynligvis født 1789 og er en eldre søster av en av mine aner, Anne Hansdatter, som ble født på Rømmerud i Feiring i 1798, og som flyttet over fjorden til Tangen. Jeg tipper jeg har kildebelegg for dette hjemme,  men der er jeg ikke igjen før på søndag kveld. Hvis du har tid til å vente på bekreftelse da......

 

mvh

Steinar Vasaasen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #9:

 

Hjarteleg takk til Steinar for nytt spennande innlegg!

 

Når ein driv med ættegransking lyt ein alltid ta tidi til hjelp, og det er sjølvsagt ingen vanskar for meg å venta nokre dagar på svar!  Det finst spørsmål der ute som eg har venta i over 40 år med å få svar på, men desto større vert då gleda over at eit svar dukkar opp!

 

Eg gler meg til svar og takkar på ny!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå har jeg funnet tilbake til vielsen til Catrine Hansdatter Rømmerud og Knut Iversen Fagernes. De ble viet 12. feb 1815 i Feiring (som da hørte til Hurdal prestegjeld). Knut Iversen var opprinnelig fra Tangen (i Stange), men turen over Mjøsa til Feiring er her relativt kort. Jeg har notert at Knut Iversen ble jaget(!) ut av Feiring etter å ha fått flere barn med Catrine Hansdatter uten at de var gift. Jeg vet ikke helt hvor denne opplysningen kommer fra, men deres tredje barn ble født 9. februar 1815 og tre dager senere blir de altså gift! Da unngikk de kanskje straff, men rodde altså over til Tangen-siden av Mjøsa hvor barn nr. 4 ble født i 1817.

 

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001252014

https://www.digitalarkivet.no/kb20060308040776

 

Her er Cathrine Hansdatter i 1801:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058231002097

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #11:

 

Hjarteleg takk til Steinar for stadfestingi av opphavet hennar Cathrina!

 

Etter dette manglar me berre eit par detaljar frå Amerika (jmf. innlegg #7), men dei vert truleg ganske so vanskeleg å finna svar på...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne ætti!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.